Hopp til innhold

– Fryktar tvangssamanslåing

SVELGEN (NRK): Nye Kinn kommune blir delt i to av Bremanger. Folk i kommunen fryktar tvangssamanslåing.

Fryktar tvangssamanslåing i Bremanger

LUNJS: Anne Grethe Nordal (f.v.) med sonen Mats Erian Nordal (3 mnd.), Robin Leander Hjortland og Renate Hjortland et lunsj på Bakerhuset i Svelgen.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Eg trur han vil vekse opp i Bremanger kommune, for eg trur vi framleis kan behalde den. Det er ein trygg og liten kommune, seier Anne Grethe Nordal.

På armen ligg sonen på tre månadar. Sjølv har ho vakse opp på ein stor plass, og flytta til Bremanger for ni år sidan. Her som alle kjenner alle har ho funne seg godt til rette, og trur sonen vil gjere det same.

Frykta for at kommunen skal forsvinne ligg likevel der. Kommunen med 3847 innbyggjarar spreidd på 833 kvadratkilometer. Dei gifteklare naboane Vågsøy og Flora sa nyleg ja til å bli eitt, trass i at Bremanger ligg midt mellom.

– Eg fryktar at vi blir dratt inn i det om dei slår seg saman, at vi blir nøydde til det til slutt, seier ho.

Fryktar konsekvensane

– Vi er ein bra kommune, som er fin å bu i og vi får det vi skal ha. Dersom vi slår oss saman må kanskje vi som bur i bygdene vikene for byane, seier venninna Renate Hjortland.

Dei er ikkje åleine om å tenkje slik. Mange av dei NRK møter i Svelgen vegrar seg for å seie si meining om Bremanger si framtid. Fleire av dei unge er positive til samanslåing, medan fleire eldre fryktar at kommunen sine kraftpengar skal forsvinne til Florø og Måløy.

Johnny Jansen

SKEPTISK: Johnny Jansen vil ikkje at Bremanger skal slå seg saman med Vågsøy og Flora til Kinn kommune.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Bremanger er like stor i areal som dei to nabokommunane til saman. For innbyggjarane i nye Kinn kommune, blir det to timar med bil mellom (dei likestilte) kommunesentera Måløy og Florø.

– Det er den raraste kommunen eg har sett. Det verkar uheldig når det er så langt mellom dei to sentra i kommunen, seier Johnny Jansen.

Uvisst om det blir tvang

Heilt sidan regjeringa sette i gang reformarbeidet i 2014 har Bremanger streta i mot. Sidan då er 428 kommunar blitt til 356. Fleire av kommunane har blitt kutta mot sin vilje. Kva som vil skje med Bremanger er framleis i det blå. Før saka hamnar i Stortinget skal Fylkesmannen i Sogn og Fjordane seie sitt og også departementet skal kome si tilråding. Blir Kinn kommune velsigna, utan Bremanger? Til no har meiningane vore delte.

Bjørn Lødemel

FRIVILLIG: – Bremanger burde vore med frivillig, slik at vi hadde fått ein sterk kommune på kysten, meiner stortingsrepresentant frå Høgre, Bjørn Lødemel.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det har vore forhandlingar om tvang mellom regjeringa og samarbeidspartiet Venstre om korleis dette vil sjå ut på Stortinget, det veit eg ikkje. Og eg ynskjer ikkje å spå så mykje om det no, seier Bjørn Lødemel, som sit i kommunalkomiteen for Høgre.

Også leiar i kommunalkomiteen, Helge Andre Njåstad, Andre Skjelstad i Venstre i kommunlakomiteen og kommunalminister Jan Tore Sanner seier dei vil avvente utgreiinga frå Fylkesmannen før dei uttalar seg om bruk av tvang.

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H)

VENTE: Kommunalminister Jan Tore Sanner frå Høgre vil ikkje kommentere kva han meiner om Bremanger før saka kjem på bordet hans.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix