Hopp til innhold

Kommuneekspert om Kinn kommune – dårleg idé utan Bremanger

– Nye Kinn kommune blir ingen suksess utan Bremanger. Det seier kommuneekspert.

kommuneekspert Geir Vinsand

Utan Bremanger vil ikkje Kinn kommune bli ein suksess, meiner Geir Vinsand, ein av Norges fremste ekspertar på kommunar og kommunestruktur. Han meiner Bremanger må lokkast med ei eiga Bremanger-pakka.

Foto: Bård Siem / NRK

– Formålet med Kinn er å bygge felles bu -og arbeidsområde. Det å vedta ein kommune beståande av Vågsøy og Flora, med ein mellomliggande kommune som Bremanger, har Stortinget aldri gjort før. Det gir ikkje noko langsiktig god løysing for tenester og samfunnsutvikling på kysten, seier Geir Vinsand.

Kinn kommune utan Bremanger gir ikkje noko langsiktig god løysing for tenester og samfunnsutvikling på kysten.

Geir Vinsand

Under det felles møtet mellom formannskapa i Flora og Vågsøy i Florø måndag gav han klar beskjed om at også Bremanger må vere med i ein framtidig Kinn kommune. Vinsand var hovudsekretær for Christiansenutvalet som stod for utgreiinga av kommune- og fylkesinndelinga. Han blir sett på som ein av norges fremste ekspertar på kommunestruktur og interkommunalt samarbeid.

Kva er ditt råd til regjering og storting som skal ta den endelege avgjerda?

– Eg ville ha vedteke Fora og Vågsøy som ein kommune frå 1. januar 2020. I tillegg ville eg laga ein tilpassa prosess for Bremanger, der det blir oppretta ei eiga Bremanger-pakke, seier han.

Vil lokke Bremanger

Med ei eiga Bremanger-pakke meiner han at den framtidige Kinn kommune må klargjere organiseringa.

– Den nye kommunen må forsikre lokal deltaking og forankring i alle delar av Bremanger. I tillegg må Bremanger får tildelt utviklingsmidlar, seier han.

Vinsand vil gje innbyggjarane i Bremanger frist fram til kommunevalet i 2019 før dei bestemmer seg. Han stengjer ute heller ikkje at Stortinget kan tvinge igjennom ei samanslåing, dersom Bremanger framleis seier nei.

Vil tvinge Bremanger

Frank Willy Djuvik, bystyremedlem for Frp i Flora, var tydeleg provosert over Bremanger sitt klare nei.

Frank Willy Djuvik

Frank Willy Djuvik (Frp) er open for å gje Bremanger litt meir tid. samtidig er han klar på at Bremanger må tvingast saman med Flora og Vågsøy dersom kommunen seier endeleg nei.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ein må godt gje Bremanger litt meir tid for å få dei med frivillig. Men det kan ikkje vere slik at Bremanger sine særinteresser får hindre nasjonale verdiar og nasjonale moglegheiter for Kinn kommune. Stortingspolitikarane må manne seg opp og ikkje berre tenke på kor mange veljarar dei kan få ved neste val, sa Djuvik til NRK.

Bremanger sine særinteresser må ikkje få hindre ei positiv utvikling langs kysten.

Frank Willy Djuvik

Forstår frustrasjon

Ordførar i Bremanger, Audun Åge Røys (H), har forståing for at Bremanger sitt klare nei til Kinn kan vere frustrerande for andre aktørar.

Audun Åge Røys, ordførar i Bremanger

Ordførar i Bremanger, Audun Åge Røys (H), fortel at Bremanger står fast på at dei ikkje vil bli ein del av framtidige Kinn kommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg forstår at vårt syn kan vere vanskeleg for andre, men vi står fast på at vi vil stå åleine. Kommunestyret i Bremanger har vore klar på dette, seier Røys.