Hopp til innhold

Dette kan bli einaste kommunen i landet med delt kommunesenter

FLORA (NRK): Dette kan bli den einaste kommunen i landet med delt kommunesenter. Midt i mellom ligg Bremanger som er like stor som dei to andre kommunane til saman.

Nye Kinn kommune

Tarjei og fagdommeren

SJOKKERT: Kommuneekspert og senterpartimedlem Per Gunnar Steensvaag er overraska over intensjonsavtalen mellom Flora og Vågsøy. Han har liten tru på at ei kommune med to kommunesenter vil vere hensiktsmessig.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

– Dette er galskap. Ein kommune skal vere eit samfunn der ein samarbeider innanfor eit avgrensa område der ein har god samhandling. Det er ikkje dette, seier føredragshaldar, samfunnsdebattant og ekspert på norske kommunar og deira geografi, Per Gunnar Steensvaag.

Han er svært overraska etter at Flora bystyre måndag kveld vedtok å slå seg saman med Vågsøy kommune med utgangspunkt i ein lik intensjonsavtale som den Vågsøy kommunestyre vedtok i førre veke.

Steensvaag har markert seg som motstandar av kommunereformen.

– Eg var rimeleg trygg på at dette kom til å bli utfallet av dagens møte, seier ordførar i Flora kommune, Ola Teigen.

Hastemøte

Møtet i dag kom til etter at Vågsøy sa ja til samanslåing med utgangspunkt i ein litt annan intensjonsavtale enn den Flora tidlegare har sagt ja til. Hovudendringa i intensjonsavtalen handlar om at kommunesenterfunksjonen skal vere delt mellom Florø og Måløy.

Ola Teigen

GLAD: Ordførar i Flora, Ola Teigen, er godt nøgd med at Flora kommunestyre no har stemt for ein intensjonsavtale om å slå seg saman med Vågsøy sjølv om det inneber to kommunesenter.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Utfallet blei heilt likt som sist. Den nye intensjonsavtalen blei i kveld vedteken med 25 mot 6 røyster. Og det var dei same personane som stemde for og imot no som førre gang, seier Teigen.

Uvanleg kommune

Om regjeringa og Stortinget godkjenner nyskapinga vert Kinn kommune ein realitet. Det blir då den einaste kommunen i landet med delt kommunesenter. Det blir to timar med bil mellom dei to kommunesentera.

I mellom ligg Bremanger kommune, som med sine 833 kvadratkilometer er like stor som dei to andre kommunane til saman.

– Dette er sjokkerande. 100 km køyring og ei ferjereise mellom dei to kommunesentera. Det høyrest ikkje ut som ei kommune for meg, seier Per Gunnar Steensvaag.

Floraordførar Ola Teigen har derimot stor tru på samansetjinga.

– Vi hatt fått gode tilbakemeldingar frå folk som sit på stortinget om at dette er ei ønska samanslåing. Så eg håper dette no vil gå vegen, seier han.

Klagar på vedtaket

Samtidig med dagens vedtak bad Bente Nilsen (SV) om lovlegkontroll av den endringa som skjedde i intensjonsavtalen etter at Flora bystyre først vedtok den 22. mars.

Nilsen fekk støtte frå to personar, og med det hadde kravet dei tre røystene ein treng for slik kontroll.

Rådmann Terje Heggheim skal greie ut saka og legge den fram for bystyret 27. april. Deretter vil den gå vidare til fylkesmannen for sjølve lovlegkontrollen.

Endeleg vedtak i juni

Ordførar i Flora, Ola Teigen, meiner lokalpolitikarane no har gjort det dei kan gjere.

– No er det ikkje lenger opp til oss om dette blir. No er det Fylkesmannen som skal gjere si tilråding, før departementet tek stilling til den i deira kommuneproposisjon som kjem i vår. Så vert det gjort eit endeleg vedtak i Stortinget i juni i år, seier han.