Laurdag kveld var det Kjell Grønli som på veg heim frå jobb i Sogndal fekk eit kort møte med den meir eller mindre tame raudreven.
- Veldig forsiktig
Grønli har både høyrt om og sett reven, men aldri før mata den. Åleine på ferjekaien plukka han fram den siste brødskiva av nista.
- Det gjekk heilt fint. Først kasta eg ein bit til den, så la eg skiva i handa og lokka på den. Eg var litt spent på om den ville bite, men tok sjansen. Og reven var veldig forsiktig. Det virka som om den visste kva som var fingrar og kjøttpålegg, ler Grønli.
- Ville prøve
Grønli, som bur i Lærdal, pendlar ofte over fjorden i samband med jobb. Han har difor sett mange andre reisande mate reven frå hand. Grønli fekk sjølv oppleve at reven reiste seg på bakbeina og nappa skiva forsiktig ut av nevane hans.
- Denne gong kom eg først og var åleine på kaien. Reven stod på avstand og såg etter folk. Eg hadde brødskiva og tenkte eg ville prøve. Den kom då eg ropte. Reven visste nok at den ville få mat, trur Grønli.
Nappa i buksene
NRK skreiv også i fjor haust om reven, som ser ut til å ha utvikla eit
.- Han går rundt dei og lurer på om ikkje «tullingane» snart skal gi han mat. Han nappar i buksene deira, kunne skipper Svein Fossmo ombord på ferja «Stryn» fortelje.
Den har også fått vore med ferja over fjorden og tilbake.
Kortar ventetida
At den stadig vekk får mat frå både reisande og ferjemannskap, er nok årsaka til at den stadig vekk kjem attende til Mannheller.
- Den veit den får mat. Men i går kom det ein bil i full fart, og då sprang den avgarde, seier Grønli og legg til at reven ikkje er åleine på Mannheller. Han har tidlegare sett både mår, oter, sel og hjort i området. Dyrelivet kortar ventetida på ferja.
- Det er fint å komme dit og gå ut av bilen. Plutseleg er det dyr der. Det er litt stas å sjå dei der, seier.
- Har du liknande bilete eller historier frå dyreverda? .