Hopp til innhold

Då Bambi besøkte Kjøsnesfjorden

Sjeldan har Bambi vore så langt ute på glattisen som på Kjøsnesfjorden laurdag. - Hjorten hadde vel sett Disneykavalkaden på julaftan, kommenterer redningsmannen.

Hjortekalv på Kjøsnesfjorden
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Ein liten hjortekalv vart liggjande fast på isen på Kjøsnesfjorden i Jølster i minst fem timar laurdag. Då hjelpemannskapa nådde fram ved 14-tida, låg den vesle kalven heilt i ro midt ute på isen.

- Det var akkurat som å sjå Bambi. Det var det første eg tenkte, seier Erik Steinset.

- Svært glatt

Erik Steinset
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Det var til slutt han som fekk hjortekalven ut av uføret.

- Det var svært glatt der den låg. Eg vil tru den berre var 20 - 30 meter frå den trygge delen av isen, men den kom seg ikkje av flekken, fortel Steinset.

Som dagleg leiar i Jølster Rafting, vart Steinset kontakta for å hjelpa hjortekalven i land. Saman med ein kollega møtte han opp med flåte, tau, isøks og piggar.

Dytta kalven inn

- Hjortekalven låg fleire hundre meter frå land, og der er isen tynn. Me var veldig usikre på korleis me skulle gripa det an. Først prøvde me å lura oss rundt den, men det fekk me ikkje til. Difor endte me opp med å dytta kalven framfor båten. På den måten fekk me den så langt inn at den til slutt kunne springa i land på eigne bein, oppsummerer Steinset.