Hopp til innhold

Har fått ein trost i "taklampa"

I tre år har ein trost bygd reir på hytta til Jostein Bekken i Veitastrond. Men aldri har den komme så nær som på toppen av utelampa...

Trost i utelampa

HER BUR TROSTEN: I ei utelampe på hytta til Jostein Bekken i Veitastrond har trosten slege seg ned.

Foto: Jostein Bekken

- Trosten har bygd reir på tre ulike plassar, men no har han busett seg på utelampa. Eg reknar med at han synest det er varmt og godt der, ler Jostein Bekken.

I 1950 gav Alf Prøysen ut romanen «Trost i taklampa» - men denne trosten kjem truleg ikkje nærmare enn utelampa til Bekken.

Det er likevel tydeleg at trosten gjennom åra har blitt van med å leve side om side med menneske. Og Bekken har ingenting imot at den vesle fuglen held han med selskap.

Han synest det er ei triveleg dyrehistorie.

- Det er berre kjekt. Denne trosten er ein artig fyr, seier han.