Fekk akkar med makker på kroken

NRK-fotograf Heidi Lise Bakke fekk ei spesiell oppleving då ho skulle prøve fiskelukka i Nordfjorden laurdag kveld.

Akkar

SINT AKKAR: Ville ikkje bli forstyrra.

Foto: Otto Kristoffer Lote

- Det merkelege var at fisken berre nappa, men aldri beit skikkeleg på, fortel ho.

- Tydeleg kva dei dreiv på med

Etter ei stund rykte ho hardt i stonga for å få fisken til å bite skikkeleg på, slik at dei kunne få den over ripa.

- Vi vart overraska då det kom ein merkeleg skapning til overflata. Det viste seg at det var ein blekksprut . Då vi skulle sjå nærmare etter, så var det faktisk to. Det var tydeleg kva det var dei dreiv på med.

Det viste seg at ein del av botnen på Nordfjorden var full av blekksprut.

Ville ikkje bli forstyrra

Akkar

PÅ KROKEN: Kom seg nesten ikkje laus.

Foto: Otto Kristoffer Lote

Den bakerste slapp etterkvart taket, og da vart den som hang att på kroken rasande.

- Den sendte fleire vass-strålar rett opp i lufta for ingen skulle kome her å forstyrre dei midt i akten.

Beit ikkje på

Det vart vanskeleg å få akkaren av kroken. Like ved båtripa dukka ein diger fisk opp og ville blande seg inn.

- Så da senka vi den fly forbanna akkaren ned som agn. Men fisken beit ikkje på den illsinte blekkspruten.

Historia enda bra. Akkaren sleit seg laus for å leite etter partneren som den hadde fått på kroken før dei kom og blanda seg inn.

Fleire historiar frå dyreverda:

Har du tips til artige dyrehistorier? Tips oss