Hopp til innhold

Verdas største beinfisk vitja Sogn

- Det såg mest ut som ein haifinne, fortel Jarle Sandvik om synet som møtte han i småbåthamna i Aurland.

Sjeldant besøk i Aurland

Sjeldant syn i hamnebassenget i Aurland.

Foto: Jarle Sandvik

Det er Sogn Avis som i dag fortel om det litt spesielle besøket i Aurland. For i småbåthamna, midt mellom flytebrygger og fritidsbåtar, såg Sandvik verdas største beinfisk, månefisken, boltre seg i sjøen.

- Den var heilt i strandkanten. På det næraste var eg ein meter i frå den, fortel han til NRK.

Stadfesta mistanke

Sandvik har aldri tidlegare sett ein månefisk, men kjenningar av han gjorde eit søk på nettet. Mistanken vart stadfesta då Kees Oskar Ekeli, direktør ved Akvariet i Bergen, feia all tvil til side i ein epost.

- Det er utvilsamt ein månefisk, skreiv han.

Sjå innslag i Sveip om månefisken.

Pløygde fram og attende

Sandvik meiner fisken var to meter lang, og truleg ein meter frå rygg til buk.

- Fisken pløygde fram og attende i det vesle bassenget. Finnen stakk ein halv meter opp frå sjøen, skildrar han til Sogn Avis.

Det er uvisst kvar fisken har fått namnet sitt. Ei forklaring kan vere at den ofte er å sjå i vassflata på det store hav i månelys. Ei anna forklaring kan vere den runde forma til fisken.

- Høgst uvanleg

Månefisken er i følgje ekspertar eit sjeldant syn på våre kantar. Langs kysten av Sør-Norge kan den frå tid til anna observerast om sommaren. Månefisken ein tropisk art som trivast best i varmare strok. Den største populasjonen er å finne utanfor utanfor kysten av Afrika og Australia.

- Denne karen er nok definitivt komen på feil kurs for å seie det slik, seier professor Geir Totland ved Zoologisk Institutt ved Universitetet i Bergen, til NRK.

(Teksten held fram under biletet)

Månefisk i hamnebassenget i Aurland.

Månefisk i hamnebassenget i Aurland.

Foto: Jarle Sandvik

Følgjer straumen

Førsteamanuensis Ingvar Byrkjedal ved Bergen Museum fortel at månefisken truleg følgjer Golfstraumen nordover.

- Den er ikkje noko veldig rask symjar, men dei har ein tendens til å komme med i havstraumane. Dei lev av manetar og manetdyr, og kjem dei inn i straumar med mykje manet, så kan dei bli verande der og drive med straumen, fortel han til NRK.

- Unik skapning

Totland skildrar månefisken som ein unik skapning.

- Ingen andre artar er like energiøkonomiske når dei sym. Den har ikkje vanleg halerørsle, men den har to store finnar, rygg- og gattfinne, som den slår med. Det dannar virvlar som går bakover, og skubbar han framover, seier han til NRK.

Andre dyrehistorier

NRK har tidlegare fortalt fleire artige dyrehistorier. For ei tid attende fekk Kjøsnesfjorden besøk av ein ekte " bambi på glattisen ". I Gloppen foreviga Svein Hjelmeset ørnebestanden sin variant av bambi, då ei havørn gjekk inn for landing på ein speglblank fjordis ved Gimmestad.

I Førdefjorden vart også ein vennegjeng vitne til ein hjort sin kamp med fjæresteinane etter ein symjetur.

Har du fleire bilete og artige historier frå dyreverda? Tips oss .