Hopp til innhold

"Mikkel Rev" vart ferjepassasjer

"Reven på Mannheller" er blitt eit kjent uttrykk for mannskapa på ferjesambandet Mannheller-Fodnes.

Reven på Mannheller

- Den berre sat og såg på meg, fortel Bjørg Svinø som natt til laurdag fekk nærkontakt med 'Reven på Mannheller'

Foto: Bjørg Svinø

For dei to siste vekene har ein tam raudrev oppsøkt både ferje og reisande. I førre veke var den endåtil med på ein tur over fjorden og attende.

- Vi var sympatiske og han slapp å løyse billett, ler skipper Svein Fossmo ombord på "Stryn".

Revekvelp

Det var 05-avgangen natt til fredag før helga at den litt uvanlege ferjepassasjeren spaserte ombord i "Stryn". Han var roleg på overfarten, men hadde ynskje om å forlate ferja på Fodnes. Ferjesambandet hadde også i fjor ein reisande rev. Då var det ei tispe. Fossmo trur reven i år er ein unge av årets kull.

- Den var forbausande roleg. Vi hadde vår fulle hyre å halde han ombord slik at vi fekk han med oss attende til Mannheller. For vi vil ikkje flytte på den, legg han til.

Staseleg rev

Reven kjem til faste tider og let seg ikkje skremme av verken reisande eller ferjemannskap. Snarare tvert imot. Reven står på lemmen og ventar. Får den ikkje mat der, tek den turen ombord og snuser på søppelkassane. Fossmo tvilar sterkt på at den har skabb.

- Den er så blank og fin i pelsen. Ein staseleg fin rev. Og veldig tillitsfull. Han står på bakbeina og et av hendene, seier Fossmo.

Går til billettørane

- Det som er så artig, er at han er spesielt tillitsfull ovanfor billettørane. Han går rundt dei og lurer på om ikkje "tullingane" snart skal gi han mat. Han napper i buksene deira, seier Fossmo og undrar seg over om det er fargen på uniformen som tiltrekker reven.

Bjørg Svinø frå Årdal fekk natt til laurdag nærkontakt med reven då ho skulle ta 03-ferja til Fodnes.

Vart flørta med

Plutseleg kjende ho noko som gjekk rundt føtene hennar. Men det var ingen hund, slik ho trudde. Møte med "reven på Mannheller" varte i kring fem minutt.

- Den var lydlaus. Plutseleg berre var den der. Eg merka ikkje at den kom før eg kjende at noko var borti beina mine. Den virka ikkje aggressiv i det heile, ler ho. Svinø vart ikkje redd då ho oppdaga at det var ein rev.

- Berre såg på meg

- Den stod der ei stund og snuste på meg. Den var veldig fin og virka veldig tam. Eg tok av meg sekken og den snusa litt på den. Så prøvde eg å jage den vekk, men då gjekk den berre litt lenger bort. Og der sat den berre og såg på meg, fortel ho.

I dag vart det kjent at Statens Naturoppsyn leitar etter ein einsleg rev som har rømt frå ein pelsdyrgard . Svinø seier at ho meiner reven på Mannheller var raudbrun i farge.

Fleire historier frå dyreverda:

Har du tips til artige dyrehistorier? Tips oss