Hobbyfotograf Svein Hjelmeset fekk foreviga landinga til denne havørna på isen utanfor Gimmestad i Gloppen.
- Det skjedde litt av kvart, ler Hjelmeset.
Kråke skremde ørna
To havørner, ei vaksen og ei litt mindre, var måndag ute og fekk luft under vingene då ting byrja å skje.
- Det kom ei kråke som den store havørna sikkert meinte var farleg nær den minste. Dei var om lag hundre meter frå kvarandre, men då kråka kom vart den vaksne skremd opp og tok ein sving, fortel Hjelmeset.
- Skjønte den fekk problem
- Eg tok opp kamera og sette det på biletserie for å få med meg landinga. Eg visste det var glatt og skjønte at havørna kunne få problem, seier han. Og problem fekk den.
Resultatet ser du i biletmontasjen over.
Havørna er etterkvart blitt vanleg i Gloppen. Hjelmeset kjenner til at to hekkeplassar, men reknar med at den også har ein eller to til.
- Konge med kongeørna
Hjelmeset er ofte ute og fotograferer i naturen. Mykje på grunn av elevverksemda "Natur, kultur og media EB" ved Gloppen ungdomsskule. Verksemda er inne i sitt femte år. Det er elevar i 8., 9. og 10. klasse som er med.
- Vi har passert 150 bilete no. Draumen er å sette opp eit webkamera og følgje kongeørna frå den byggjer reir til den får ungane på vingene, seier han.
Vil filme
Utfordringa er å finne ein sikker lokalitet der kongeørna er. Ei anna utfordring er å finansiere webkamera og eit prosjekt som truleg vil koste titusenvis av kroner.
- Andre alternativet er havørna, og så hønsehauken. Vi jaktar på sponsorar, seier han.
Fleire dyrehistorier
NRK har tidlegare fortald om
, og om vennegjengen som vart hjelpelause vitne til ein .Har du tips og bilete/video til andre artige dyrehistorier?