– Umiddelbart synest eg dette er reine skjære galskapen, seier Hyllestad-ordførar Jan Olav Gjerde, som er tidlegare tilsett i Fellesforbundet avdeling 19 i Sogn og Fjordane.
I går vart det klart at domen der Fellesforbundet si avdeling 19 er dømde for usakleg oppseiing av organisasjonsarbeidar Jarle Kirketeig blir anka.
Gjerde meiner den avgjerda er heilt feil og håpar no at sentrale krefter i forbundet kan ta grep.
– Viss forbundet sentralt kan gjere noko for å gripe inn og stogge denne galskapen, så bør dei gjere det, ber han.
- LES OGSÅ:
Ti mot ein gjekk for anke
For ei veke sidan kom domen mot Fellesforbundet si avdeling i Sogn og Fjordane, der organisasjonstilsette Jarle Kirketeig fekk full støtte på alle punkt i søksmålet etter at han hevda seg mobba og usakleg oppsagd.
Av domen går det fram at den valde leiaren, Magne Ulvatn, har stått bak langvarig trakassering av Kirketeig. Fjordane tingrett kjende oppseiinga av Kirketeig ugyldig og tilkjende han 175.000 kroner i erstatning.
Men i går vart det altså klart at Fellesforbundet ankar saka. Advokaten deira, Kari Bergeius Andersen, seier styret i Fellesforbundet avdeling 19 bestemte at dei skulle anke. Her var det ti stemmer for anke – og éi stemme imot.
Jarle Kirketeig sjølv var svært skuffa då han fekk vite om anken.
– Det er heilt ufatteleg. Eg veit nesten ikkje kva eg skal seie, sa han til NRK.no i går.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: –
Skadeleg for heile Fellesforbundet
Ei ny runde i retten i denne saka vil vere skadeleg for omdømet til heile Fellesforbundet, åtvarar Jan Olav Gjerde. Han har tidlegare rådd Fellesforbundet frå å anke saka.
– Det var jo skadeleg frå før, og om ein vil køyre eit nedbrytande omdømmeprosjekt ei runde til, så synest eg det er frykteleg trist, seier han.
Då domen kom sist veke vedgjekk nestleiar i Fellesforbundet sentralt, Anders Skattkjær, at domfellinga var skadeleg for heile organisasjonen.
– Det er ei belastande sak for dei involverte partane, og for forbundets omdøme, sa han til NRK.no.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Medlemmene må gripe inn
Om ikkje forbundsstyret no kan gripe inn må medlemmene sjølv ta grep om saka, meiner Gjerde.
– Om ikkje forbundet kan gripe inn må medlemsmassen i Sogn og Fjordane krevje eit ekstraordinært årsmøte for å stogge dette.
– For dette er det glade vanvit, seier Gjerde oppgitt.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Forkasteleg
Tidlegare leiar i Fellesforbundet avdeling 19, Atle Reidar Sandnes, er også kritisk til at forbundet no ankar domen.
– Eg synest det er heilt forkasteleg å anke ein så klar dom. Eg skjønner ikkje dei juridiske vurderingane for å gjere det, seier Sandnes.
Leiar i Fellesforbundet avdeling 19, Magne Ulvatn, vil ikkje kommentere saka. NRK har ikkje lukkast med å kome i kontakt med verken leiar eller nestleiar i Fellesforbundet sentralt.