Hopp til innhold

Forbundsstyret inn i mobbesaka

Det mektige forbundsstyret i Fellesforbundet krev ei orientering om den betente mobbesaka i avdelinga i Sogn og Fjordane.

Video Forbundsstyret inn i mobbesak

TAKKAR FOR STØTTA: Forbundsstyret går inn i den betente mobbesaka i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane. Jarle Kirketeig er glad for støtta. Sjå TV-saka.

Fleire tilsette i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane har skulda den valde leiaren for mobbing og trakassering. Jarle Kirketeig som har gått ut i media med saka, har fått sparken.

No kastar forbundsstyret seg inn i saka. Jorge Dahl er blant dei som krev at leiar i Fellesforbundet, Arve Bakke, orienterer styret.

– Dette er ei belastning for Fellesforbundet på heile Vestlandet. Difor må forbundsstyret få ei orientering og vi må få høve til å diskutere kva som eventuelt kan gjerast frå forbundet si side, seier Dahl til NRK.no.

– Slik kan vi ikkje ha det

Mobbesaka i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane har teke ei ny vending etter at det mektige Forbundsstyret no får saka i fanget på førstkomande møte den 5. oktober.

Forbundsstyremedlemmene vil ikkje lenger sitje passive og sjå på at Jarle Kirketeig må slutte i stillinga si som organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane.

Det går ikkje an at den som varslar om mobbing sjølv blir oppsagt, meiner Rolf Geir Hillestad, som også er Forbundsstyremedlem.

– Jarle Kirketeig kjenner seg trakassert, prøver å ordne opp, men får så sparken. Det er heilt grufullt og burde på ingen måte skje i fagrørsla, seier Hillestad.

Lever i ei berg- og dalbane

Kirketeig er den tredje i rekkja som har skulda den valde leiaren i Sogn og Fjordane for alvorleg mobbing og trakassering.

Etter at Kirketeig gjekk ut i media om saka, har Fellesforbundet i fylket svart med å gje han sparken. Kirketeig sjølv er svært glad for at Forbundsstyret no engasjerer seg i saka.

– Eg er takksam for at dei vil ta det opp og at dei ser problemet. Det er godt at forbundet ser at vi ikkje kan ha det slik i fagrørsla, seier Kirketeig.

Han har lenge gått sjukmeld som følgje av påkjenninga av saka.

– Eg lever i ei berg- og dalbane, men den støtta eg har fått betyr utruleg mykje, seier Kirketeig som fortel at både medlemmar og andre folk utanfrå har teke kontakt.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Mobba av fagforeiningsleiaren

KJENNER SEG MOBBA: Fleire tilsette i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane har blitt sjuke etter at leiaren har drive med alvorleg trakassering.

Vil ikkje kommentere saka

Arve Bakke

VIL IKKJE KOMMENTERE: Leiar i Fellesforbundet, Arve Bakke, har ikkje ville kommentere saka.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Leiar i Fellesforbundet, Arve Bakke, har konsekvent nekta å uttale seg om saka. Heller ikkje etter at det no er klart at saka kjem opp i Forbundsstyret, vil Bakke stille opp til intervju.

Han viser i staden til informasjonssjef Vidar Grønli som mellom anna har følgjande kommentar.

– Arve Bakke vil ikkje kommentere saka i media, men han vil orientere forbundsstyret, seier Grønli som poengterer at dei ønskjer at saka blir løyst.

Ingen fylkesleiinga i Fellesforbundet vil kommentere saka. Heller ikkje fylkesleiinga sin advokat vil uttale seg.

– Ei alvorleg sak

Eit anna medlem i Forbundsstyret, Arne Hagen, stiller seg undrande til at ingen frå fylkesleiinga vil uttale seg, i det han karakteriserer som ei alvorleg sak for Fellesforbundet.

– At konflikten var så sterk var eg ikkje klar over før eg sette meg skikkeleg inn i den i dag. Ei kvar sak som gjeld mobbing og trakassering må ryddast opp i, og det burde vore gjort før den gjekk så langt som den har gjort i dette tilfellet, seier Hagen.

Kan krevje ekstraordinært årsmøte

Ifølgje Fellesforbundet sine vedtekter kan Forbundsstyret gripe inn og krevje ekstraordinært årsmøte i lokallag. Vi må vurdere nøye om vi skal krevje nettopp dette, fortel Jorge Dahl.

– Det må vere vanskeleg å vere medlem i ei avdeling der du ikkje veit kva som går føre seg og les forferdeleg historier i media, seier Dahl.

Landsmøtet i Fellesforbundet startar i Oslo den 7. oktober, og Hillestad ser ikkje vekke frå at mobbesaka vil bli tema der.

– Dersom ikkje saka er løyst kan det vere på sin plass med ein debatt om korleis vi skal handtere slike saker, seier Hillestad.