Kollisjon på Sandnes tysdag 13. november 2018

Bilde frå kollisjonen på Jærveien i Sandnes 13. november 2018.

Foto: Laila Bårdsen / privat

Taxituren som snudde livet på hovudet

Sjåfør Torolv (68) hamna i koma. Passasjer Raimond (28) slit framleis med psyken. Mannen som køyrde på dei, gjorde det med vilje.

Han bruker mykje energi, pustar tungt, men med god hjelp av dottera Siv Elisabeth Obrestad klarer Torolv Obrestad å reisa seg og setja seg sju gonger.

Når han setter seg for siste gong er han utsliten. Dette var dagens trim. I normal målestokk er det ikkje mykje, men Torolv har kome svært langt der han sit i den elektriske rullestolen sin i ein omsorgsbustad på Klepp.

Det er berre litt meir enn eitt år sidan han svevde mellom liv og død.

Torolv Obrestad

Etter det som skjedde natta 13. november 2018 har ikkje Torolv Obrestad vore i stand til å klara seg sjølv.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Dei kunne ikkje gi oss noko svar, så eg var sikker på at han kom til å døy. Fem veker låg han i koma, og då han vakna var han ikkje seg sjølv. Han såg ting som ikkje var der, og han kjende ikkje att oss barna eller barnebarna, fortel dottera.

Han hadde vore i ein stygg kollisjon med taxien han køyrde. Ein kollisjon som snudde opp ned på livet hans, liva til barna og barnebarn.

Ein kollisjon som han sjølv ikkje hugsar.

Siv Elisabeth Obrestad

Siv Elisabeth Obrestad og familien hennar har også hatt det tøft i tida etter kollisjonen. Ho håper at ingen skal måtte oppleva det same.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Alt er vekke. Heilt vekke. Eg klarer ikkje hugse nokon ting frå fleire veker før ulukka, og fleire veker etter, seier Torolv sjølv.

Torolv hadde også ein passasjer om bord i taxien sin då kollisjonen skjedde. Småbarnsfaren Raimond Bårdsen (28) har ikkje gløymt dramatikken.

– Dessverre hugsar eg alt. Eg ser ennå bilda føre meg. Eg har mareritt om det, seier han når me møter han på jobben hans på baren Påsiå i Sandnes, der han er barsjef.

Eit lite arr på leggen er den einaste synlege skaden han har, men for han er minna det verste å leva med. Han tar oss med tilbake til natta det skjedde. Tysdag 13. november 2018. Fødselsdagen hans.

Raimond Bårdsen utanfor baren der han jobber

Raimond Bårdsen er tilbake i jobben som barsjef på Påsiå bar og lunsj i Sandnes. Av og til når han jobbar kveldsvakt får han ei dårleg kjensle. Då droppar han drosje, og går heller heim.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Raimond hadde stengt baren ved midnattstider. Men i staden for å reisa rett heim, som han vanlegvis gjer, ville han feira bursdagen sin.

Han møtte ein kompis for å spela sjakk og drikka nokre øl på Melkebaren, også den i Sandnes sentrum. Dei sat der til stengetid.

I tretida om natta sette han seg inn i drosjen til Torolv.

Torolv kjenner han frå andre seine drosjeturar han har tatt heim frå jobb. Dei har ofte småsnakka. Raimond har fortalt om eittåringen sin og sambuaren sin. Torolv har fortalt om barn og barnebarn.

Denne kvelden sette Raimond seg til med mobilen. Han hadde fått gratulasjonar på Facebook som han ville svara på. Etter nokre minutts køyring høyrde han Torolv seia: «Åh faen!» Han såg opp. Der såg han to lys frå ein bil som kom imot og la seg over på deira side. Så smalt det. Høgt.

Det var heilt stille då Raimond kom til seg sjølv. Han kasta eit blikk på Torolv og tenkte at han var død.

Siv Elisabeth Obrestad ser på bilder frå den tunge tida då faren låg på respirator

Bilda på mobilen til Siv Elisabeth Obrestad minner henne om ei vond tid, då dei ikkje visste om faren Torolv kom til å overleva eller ikkje.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Sjølv om Raimond kjende at han sjølv var skadd, klarte han å dra seg ut av bilen.

Det første han såg då han kom ut var gravsteinar. Fleire gravsteinar. Det var Sandnes kapell sin gravlund han såg. Det var her kollisjonen skjedde. I 40-sona på Jærvegen som går like ved.

Det var verken folk eller bilar i sikte, så Raimond tenkte at han sjølv måtte varsla om ulukka. Han kraup på alle fire tvers over den breie vegen, åla seg opp ei trapp og prøvde å banka på ei husdør. Ingen opna.

Han ville ikkje bli liggande der. Dersom han svima av kunne han risikera at ingen vil finna han. Derfor byrja han å åla seg tilbake. Så kom nokre tenåringar. Dei hadde høyrt smellet frå blokka dei bur i. Ikkje lenge etter låg han i ein ambulanse på veg mot Stavanger universitetssjukehus. Han var skada i foten og hadde ribbeinsbrot.

I ein annan ambulanse, med same destinasjon, låg Torolv. Han var ikkje død, men det var ikkje langt unna. Han hadde brot i bekkenet, venstre lårbein var knekt, høgre ankel hadde fått seg eit ope brot, han hadde miltskade med bløding til bukhulen og ein liten hjernebløding. Med andre ord hasta det å få han inn til sjukehuset.

I ein tredje ambulanse låg ein 18 år gamal mann. Det var han som hadde køyrt på dei.

Også han var skadd, men ikkje i nærleiken av like alvorleg som Torolv. Han skal ha køyrt 115 kilometer i timen, utan førarkort. Drosjen skal ha hatt ein fart på 40 kilometer i timen.

Framme på sjukehuset hugsar Raimond ein politimann som spør han: «Trur du han gjorde det med vilje»?

Eit svakt arr er framleis synleg på leggen til Raimon Bårdsen

Dette arret på leggen til Raimond Bårdsen er det einaste synlege frå ulukka på kroppen hans. Han har likevel store fysiske og psykiske smerter.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Drapsforsøk?

Kvart år i Noreg skjer det dødsulukker i trafikken der Vegvesenet mistenker at ulukka er sjølvvald. Dei siste tretten åra har snittet vore på seks prosent av alle dødsulukker som kjem med i djubdeanalysane. Likevel er talet truleg høgare sidan dødsulukker der politiet konkluderer med sjølvmord på staden ikkje er med i statistikken.

Av og til blir uskuldige menneske dregne inn i desse ulukkene.

Likevel har det ikkje vore vanleg at dei som overlever sjølvmordsforsøk blir tiltalt eller dømt for å ha krasja med vilje, men i mars i fjor kom den hittil strengaste bildrap-dommen i Noreg nokosinne.

Ein 22-åring fekk 16 års fengsel i lagmannsretten etter å ha køyrd inn i ein bil på E18 i Vestfold. Ein familiefar døydde og fleire familiemedlemmar blei skadde. Saka er anka til høgsterett.

Også i saka med Torolv og Raimond har drapsparagrafen blitt tatt i bruk. Føraren av personbilen er tiltalt for drapsforsøk.

Thale Thomseth er statsadvokat i rettssaka som starta måndag. Ho skal føra bevis for at tiltalte, som nå er 19 år, forstod konsekvensane det kunne få, då han køyrde på taxien med Torolv og Raimond med vilje. At han forstod at andre kunne døy.

Thale Thomseth

Thale Thomseth er statsadvokat i saka.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det blir eit sentralt tema i saka kva tiltalte forstod og kva han tenkte då kollisjonen fann stad, seier ho.

19-åringen erkjente ikkje straffskuld for det som handlar om drapsforsøk då rettssaka starta denne veka.

– Men han innrømmer at kollisjonen var med vilje, seier forsvarar Vegar Furdal Bråstein.

Forsvararen til 19-åringen meiner at statsadvokaten har lagt seg på ei for streng linje i denne saka.

– Eg er ikkje samd i at dette er eit drapsforsøk, seier han.

– Kva tenker han om det som har skjedd?

– Han har vore veldig prega av dette heilt sidan det skjedde. Han har grua seg veldig til å forklara seg i retten, men det gjekk betre enn venta. Han tenker mykje på dei fornærma i saka, seier Furdal Bråstein.

Torolv Obrestad i omsorgsbustaden sin på Klepp

Dagane kan bli lange her i omsorgsbustaden på Klepp. Mannen med 15 år bak seg som drosjesjåfør bruker nå mykje av tida si på å sitja inne og sjå på fjernsyn.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Håper at rettssaka skal gjera godt

– Det er jo ikkje greitt, men sånn er det.

Ein ordknapp Torolv Obrestad prøver å tenke minst mogleg på at rullestolen han sit i, smertene han kjenner og alt det som familien har vore gjennom, kan skuldast ei villa handling.

Denne veka møtte han den tiltalte i retten. Han kjenner ikkje sinne. Han veit ikkje kva han kjenner. Fokuset ligg framover.

– Målet mitt er at eg skal opp frå denne stolen innan eit halvt år. Eg veit ikkje om eg klarer det, men eg er ganske sta, seier han med eit lurt smil om munnen.

Vidare er håpet at han skal kunne køyre taxi igjen, men vegen fram til dette er lengre.

Torolv Obrestad trimmer kvar dag

Torolv Obrestad får besøk av heimesjukepleia tre gonger til dagen og han har ein dagleg trim. Her er det dottera som hjelper han med trimmen. Målet er at han skal kunne gå igjen om eit halvt år.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Dottera Siv Elisabeth meiner at faren hennar fortener ei unnskyldning frå tiltalte. For hennar er likevel det viktigaste når saka er oppe i retten, at det skal koma noko godt ut av det.

– Eg tenker ikkje så mykje på han, men heller at det ikkje må skje igjen.

Ho meiner det er viktig at folk forstår kor store konsekvensar ei slik handling kan få for andre. At folk også er klar over at dersom to nesten heilt like bilar køyrar inn i kvarandre, så er det bilen med lågast fart som får den største smellen.

For Raimond har også ulukka fått store konsekvensar. Han har tapt meir enn berre nattesvevn.

– Dei første tre månadane var heilt jævlige. Eg hadde ein eitt år gamal gut heime som eg ikkje kunne bera og ikkje kunne vera med. Svigerfar frå Sverige flytta inn for å ta vare på han mens sambuaren min var på skule og eg låg i senga.

Han har gått til psykolog og jobbar med trauma. Han håper at rettssaka skal hjelpa.

– Når eg tenker tilbake på alt som har skjedd kjenner eg at eg har mange spørsmål. Håpet mitt er at eg skal få svar på mange av desse i rettssaka, seier han.

19-åringen kom i retten med ei unnskyldning til dei to mennene han køyrde på.

– Eg kjem aldri til å kunne tilgi meg sjølv for det eg gjorde. Og eg ventar ikkje at de skal gjera det heller. Eg er sykt lei meg for at det gjekk utover dykk.

Etter rettsmøtet bad Torolv om å få lov å snakka med tiltalte ute på gangen i lokala til Jæren tingrett. Der tok han imot unnskyldninga til tiltalte, og sa at han tilgav han. Dei gav kvarandre ein klem.

– Eg er ein som tilgir. Eg forstår at folk kan gå gjennom tøffe ting her i livet, seier han til NRK før han ruller ut på gata i Sandnes.

Torolv Obrestad og Raimond Bårdsen møter kvarandre for første gong etter dei sat saman i taxien som blei påkøyrd i Sandnes natta 13. november 2018

Torolv Obrestad og Raimond Bårdsen møter kvarandre for første gong etter dei sat saman i taxien som blei påkøyrd i Sandnes natta 13. november 2018. Raimond syntest det var trist at Torolv ikkje kjende han att.

Foto: Mathias Oppedal / NRK