Den usannsynlege noregsmeisteren

Henriette Vasstrand hadde opplevd så mykje vondt at ho nesten hadde slutta å kjenne etter. Så køyrde ein dobbeldekkar over ho.

April 2018: Arenaen er full. Henriette Vasstrand trer på seg boksehanskane. Fester hjelmen og får nokre instruksjonar frå trenaren.

I midten av bokseringen står motstandaren i NM-finalen. Ei topptrent, muskuløs kvinne på 57 kilo.

Henriette tenker at etter å blitt treft av ein buss på tolv tonn i fart, er slag frå ei kvinne ingenting.

Maks tre rundar, seks minuttar og ein siger.

Henriette trekker pusten djupt og lukkar auga. Kanskje ser ho glimt av den vanskelege barndommen og ulukka rullar forbi. Klokka ringer.

Kampen er i gang.

– Pappa var ikkje alltid pappa

Henriette sin oppvekst var ikkje slik ein oppvekst skal vera.

Faren drakk og var psykisk sjuk. Som barn opplevde ho at han hadde mange ulike sinnsstemningar. Av og til var ho redd, fordi faren var veldig sint.

Då ho var eitt og eit halvt år skilde foreldra lag, men ho hadde framleis samvær med faren.

Nokre år seinare flytta ho, mora og broren til Loddefjord i Bergen. Faren vart igjen på Austlandet.

Som barn forsøkte eg tilpasse meg pappa. Om eg måtte på do mens han sov, tissa eg i buksa i staden for å vekka han.

Etter at familien hadde budd seks månadar i Bergen, og det var ei veke til jul, ringde det plutseleg på døra.

Utanfor døra står to politibetjentar.

Beskjeden dei kom med, endra livet til familien for alltid. Minnet av opplevinga er like klar for Henriette i dag som for 20 år sidan.

– Mamma fall saman i trappa idet politiet sa at pappa var død.

Faren hadde tatt sitt eige liv.

– Eg hugsar me reiste til Drammen for å gå i gravferd. Der fekk me sjå han liggande i kista. Han hadde eit plaster på den eine tinningen og i den andre stod kula ut.

Frå dagen faren døydde forsvann livet Henriette kjente til. Ho følte seg forlaten. Om han kunne reisa frå ho, så kunne alle det.

Skuldkjensle tok over det lette barnesinnet, og mørke tankar fekk fri flyt.

Rett før ho starta på ungdomsskulen byrja ho å utforske alkohol og narkotika.

– Eg fekk meg nye venner. I grunn ein gjeng med eldre rusmisbrukarar. Dei var rundt 25 år og eg var nett starta på ungdomsskulen.

Rusen fekk fort eit jerngrep rundt Henriette, og ho kom seg ikkje laus. Henriette kom ut av kontroll. Ho hata seg sjølv, og synest ikkje ho var verd noko. Festing vart ein måte å springe frå kjenslene på.

Som 14-åring var ho på ein fest der øl, brennevin og hasj gjekk på rundgang. Henriette drakk og røykte seg frå sans og samling.

Alt gjekk i svart, og ho sovna på eit rom. Ho vakna ikkje før ho kjende ein vaksen mann oppå seg.

Paralysert og sterkt rusa klarte ho ikkje stoppe han i å valdta henne.

To månader seinare bestemte Henriette seg for å grave ned minnet om valdtekta så djupt at det ikkje kom opp igjen. Det klarte ho, men minnet slo rot i magen. Fram vaks ein verkebyll som ho ikkje vart kvitt.

Mora og resten av familien fortel at dei gjorde alt dei kunne for å hjelpa Henriette. Dei banka på dører i hjelpeapparatet, men Henriette var for sint til å kunne ta i mot hjelp. Mora kjende seg heilt makteslaus

Henriette Vasstrand

Henriette fann i fleire år trøyst i rus og festing.

Foto: privat

Henriette prøvde å finne noko som gjorde henne glad. Ho starta med boksing og dansing. Når ho var på trening fekk ho fri frå det vonde. Men fritidsaktivitetar fylte for få timar av dagane, og det var mykje tid att til tankane som gjorde så vondt.

Åra gjekk. Hardare festing og hardare stoff vart måtar å drukna smerter, tankekøyr og kaos på. I vennegjengen florerte hasj, alkohol, amfetamin, LSD, ecstasy, kokain og heroin.

Dei lever hardt. Nokre av dei for hardt.

Svært mange i vennegjengen min døydde på grunn av rus. Det vart vanleg å gå i gravferd i ungdomstida.

Ryggsekken til Henriette vart tyngre og tyngre. Vekta av trauma, byrder og livsstilen tvang henne ned i kneståande. Ho klarte ikkje leva eit liv med dette livet.

Berre 21 år gammal prøver ho å ta livet av seg sjølv. Men ein nabo oppdagar situasjonen og får ho til sjukehuset. Etter dette trur ho ikkje livet kan bli verre.

Men det kan det.

To veker etterpå er ho på eit fly London.

Ulukka

Ting har vore kjipt lenge, og ho tenker at ein tur vekk frå Noreg, med venner, blir bra.

Men det blir med håpet.

Gjengen går på konsert, men musikken blir for høg, og Henriette vil vekk. Ho går ut i London sine gater. På veg ut frå eit smalt smau i Brixton ropar ein mann at ho må passe seg for trafikken. Men Henriette er full og høyrer ikkje etter.

Plutseleg høyrer ho motordur rett bak seg, men ho klarar ikkje forstå kva det er.

Så treffer dobbeltdekkaren kroppen hennar.

Bussen på tolv tonn, som ifølge politiet hadde ein fart på rundt 35 kilometer i timen, køyrer over Henriette. Først med framhjulet og så med bakhjulet.

Bussen drar Henriette med bortover vegbana. Til slutt stoppar han. Då ligg Henriette meir enn 20 meter unna der bussen trefte henne.

Henriette kjenner blod fylle lungene hennar, og ho er sikker på at ho kjem til å drukne i sitt eige blod. Folk strøymer til. Dei ser ei død kvinne liggande i ein blodpøl i vegen.

Men plutseleg klynkar ho: «Hjelp meg!»

Heime i Noreg får mora telefon om at Henriette er utsett for ei trafikkulukke, men ho får ikkje vite omfanget av hendinga. I mange år har mora vore bekymra for livsstilen og kjenslelivet til Henriette, og ho er nesten letta over at dottera no er i trygge hender på sjukehuset.

Tre dagar seinare er ho på intensivavdelinga på Kings College Hospital i London.

Synet som møter henne, er som eit hardt slag i magen. Ho mister pusten.

Ho kjenner ikkje igjen dottera si.

Henriette ligg i kunstig koma, men har store skader på heile kroppen. Begge beina er hardt skadd. Venstrebeinet er heilt knust.

Foten til Henriette Vasstrand

Beinet til Henriette etter nokre veker på sjukehus. Tre av fire som har slike skader må amputere.

Foto: privat

Henriette vaknar etter kvart opp.

Forvirra og i sjokk ser Henriette nedover kroppen. For første gang møter synet venstrefoten, den som er hardast skadd. Ho skrik.

Beinet ser ut som den har gått gjennom ei kvern. Den er utan hud, beina er knust og musklar er rivne av og vekk.

I tillegg hadde Henriette mellom anna to brot i kraniet, hjerneblødingar, skader i lever og nyrer.

I ein liten augneblink tenker mora at det er best at Henriette får døy.

Men så stålsett ho seg. Saman med tanta til Henriette blir ho ved sjukesenga i fleire månader.

Eit stort medisinsk team kjempar i fleire veker for å redda livet og beinet hennar. Dei hentar frisk hud frå andre stader på kroppen, og legger ny hud på der beinet er utan. Delar av dei eine ryggmuskelen vart kutta av og flytta ned til leggen.

Dei diskuterer dagleg om beinet må amputerast, men til slutt oppdaga dei ei heil blodåre på foten. Med avansert kirurgi lappar dei beinet saman i håp om at dette kan redde det.

Henriette Vasstrand

Henriette sa fleire gangar at dei berre kunne kappa ho beinet av. Smertene vart for belastande. I dag er ho glad for at dei ikkje høyrde på henne.

Foto: Privat

Etter ein månad på sjukehuset i London blir Henriette flydd til Haukeland universitetssjukehus. Ho er framleis kritisk skadd, men sterk nok til å klara turen heim til Noreg i eige ambulansefly.

Kampen for tilværet er langt frå over

Henriette er lenka til sjukehussenga, utan å kunne gå eller bevege seg. Mens legar kjempar for at beinet skal bli best mogeleg.

Henriette Vasstrand

På sjukehuset i Bergen får Henriette ein alvorleg infeksjon i beinet. Det viser seg at eit virusangrep får beinet til å rotna. Legane må igjen diskutera om dei må amputera den.

Foto: privat

Heile livet hadde Henriette sprunge frå sin indre demon. Men no kunne ho ikkje springa meir.

Ho bestemmer seg for å ta eit oppgjer med fortida. Ho ville komme tilbake til livet, men ikkje det livet ho hadde hatt. Henriette sette seg eit mål.

Helsepersonell har stått på døgnet rundt for at ho skulle få leva. Henriette ville ikkje svikta dei, og ikkje seg sjølv, ein gang til.

Henriette vil starta opp igjen med ein av dei få tinga som gav henne glede i oppveksten. Ho bestemmer seg for å bli den beste boksaren i landet.

Etter sju månadar på sjukehus vart ho sendt vidare til ein rehabiliteringsklinikk utanfor Bergen.

På sjukehuset var det fleire legar som sa at ho aldri kunne bruke beina som normalt, og at det var eit under at ho i det heile kunne gå.

Men dette nekta Henriette å godta. Livet og kroppen hadde gjeve henne ein ny sjanse til å rette opp dei tinga som hadde gått gale.

Etter kvart handla alt om trena seg opp, og nå målet. Men ting gjekk seint, og det var lite framgang. I tillegg oppstod stadige komplikasjonar som gjorde at Henriette måtte starta på null igjen.

Ein fysioterapeut på rehabiliteringsklinikken sa til slutt at det var ikkje vits å trena beina meir, og at ho burde fokusere på kroppsdelar som var friske.

Lyset som lyste inni Henriette slokna. Men så blei ho forbanna.

– Eg fann meg ikkje i denne beskjeden. Eg måtte finne eit team som delte same tankegang og visjon som meg.

Ho pakka sekken og stakk. Nokre dagar seinare var ho på plass i Bergen med ny fysioterapeut.

Denne terapeuten delte synet til Henriette, og hadde trua på at det umoglege var mogleg.

Saman fekk dei Henriette opp på beina.

Henriette vart stygt skadd

I dag er beinet til Henriette ei påminning på kor langt ho er kommen. Ho er til og med glad for at ulykka skjedde. Den gav ho eit høve til å få orden på livet.

Foto: Stian Skjerping / NRK

Henriette starta med boksing, og etter kvart kom ho i kontakt med den erfarne boksetrenaren Stein Rune Eriksen.

– Eg såg etter ei utfordring, og det fekk eg med Henriette. Ho var annleis og hadde ein indre motivasjon som eg aldri hadde opplevd før.

Saman fekk dei til eit unikt samarbeid og venskap.

All energien Henriette tidlegare hadde brukt på destruktive handlingar brukte ho no til boksing.

Fleire timar kvar dag trente Stein Rune og Henriette saman.

Ulukka førte mellom anna til at Henriette fekk det ein kallar droppfot. Droppfot gjer mellom anna at det er vanskeleg å bevega beinet slik friske folk kan. Det passa dårleg for ein boksar med behov for hurtig og godt fotarbeid. Men Henriette lèt seg ikkje stoppa. Ho la heller inn fleire timar med trening, og det gav etter kvart resultat.

Foten til Henriette

Slik ser venstrefoten til Henriette ut i dag. Den tydeleg prega av ulukka, men Henriette synest foten er vakker med alle sine arr og skavankar.

Foto: Stian Skjerping / NRK

Ho fekk mykje av rørsla tilbake, men langt ifrå like mykje rørsle som eit menneske med ein frisk fot.

– Eg har aldri møtt nokon som er så sterk i hovudet, seier Stein Rune.

April 2018: Fotarbeidet er perfekt, ho prikkar inn treff, fokuserer på å ha rett avstand frå motstandaren. Ho dansar rundt kvinna i ringen. Motparten har ikkje sjanse mot Henriette.

Etter tre rundar er kampen over.

Dommaren løfter armen hennar opp i lufta. Henriette er svimmel og omtåka. Tårene renn ned over andletet. Alle klappar for ho.

Men Henriette klarar nesten ikkje forstå at ho har klart det.

Ho vinn til slutt 5–0. Mot alle odds står ho no på toppen av pallen som landets beste boksar i sin vektklasse.

I dag er Henriette tatt ut på bokselandslaget. Neste mål er EM-gull.

Ho tenker på det ho har sagt til seg sjølv så mange gonger dei siste åra:

«Er du i ein jungel, utan bein og omringa av løver, må du finne ei løysning.»

Sjå korleis Henriette trente seg opp til NM-gullet i NRK TV.