Hopp til innhold

Lærarar slit med å setje karakter – her møtte 8 av 24 elevar til timen

Over heile landet står klasserom tommare enn vanleg. Mange lærarar slit rett og slett med å setje karakter på russen.

Nesten tomt klasserom

I dette klasserommet på Randaberg vidaregåande skule møtte 8 av 24 elevar opp då første time starta. I løpet av timen kom fire-fem til. NRK kjenner ikkje til grunnen til fråværet til elevane som ikkje var til stades.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

I dette klasserommet på Randaberg vidaregåande skule møtte 8 av 24 elevar opp då første time starta. I løpet av timen kom fire-fem til. NRK kjenner ikkje til grunnen til fråværet til elevane som ikkje var til stades.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Mange russ og avgangselevar møter ikkje opp på skulen lenger. I det siste har det blitt eit problem over heile landet – særleg der russemiljøet er stort.

Lærarar slit dimed med å få sett karakter på mange av elevane.

12 av 32 elevar møtte til denne timen i ein avgangsklasse på Sandefjord VGS.

12 av 32 elevar møtte til denne timen måndag i ein avgangsklasse på Sandefjord skule i Vestfold og Telemark, Noregs største vidaregåande skule.

Foto: Vegard Unger Ellefsen / NRK

Ein av dei som manglar vurderingsgrunnlag for nokre elevar er Bjørn Eirik Orstad.

Han er lærar for ein avgangsklasse på Randaberg vidaregåande skule i Rogaland.

Då timen hans tok til måndag morgon var 8 av 24 elevar til stades. Etter kvart kom fire-fem til.

Utdanningsforbundet og vidaregåande skular NRK har prata med over heile landet bekreftar det same – elevar i tredje klasse har generelt sett eit betydeleg større fråvær i år enn tidlegare.

Nokre lærarar syner frustrasjon på sosiale media:

Kjersti Marie Heldaas sin tweet

Kjersti Marie Heldaas er lektor ved Nøtterøy vidaregåande skule i Tønsberg.

Foto: Skjermbilete / Twitter

Manglar grunnlag for vurdering

I og med at elevane ikkje skal ha eksamen i år, er det prestasjonane i timane som skal bestemme kva karakter dei får på vitnemålet.

Samstundes har fråværsregelen vorte lempa på – ein må ikkje dokumentere sjukefråvær med nokon legeattest, og sjukefråvær vert fjerna frå vitnemålet.

Elevar og tilsette ved skular NRK har prata med peikar på dette som viktige grunnar til at mange som er russ ikkje møter opp i klasserommet.

Og utan oppmøte i timane har lærarar rett og slett ikkje nokon måte å bestemme karakteren til elevane på.

– Det vert ein del meirarbeid utav det. Skal eg planlegge for at der kjem ti elevar eller tjue elevar? Det øydelegg litt flyten i min arbeidskvardag, seier Orstad.

Les også Skoler melder om høyt fravær blant russen

Line Bjerkeskau, russepresident ved Sandefjord videregående skole (SVGS) 2022.

– Ekstremt mange får «ikkje vurdert»

– Vi har jo hatt eit lite problem på skulen med at folk går glipp av vurderingar, seier Melisa Elshani.

Ho er ein av dei som møtte til første time i programfag psykologi måndag morgon på Randaberg VGS.

– Då endar det jo med at ekstremt mange får «ikkje vurdert». Det er jo litt skummelt, for då må dei jo ta opp fag, so det vert vanskelegare i lengda, seier Elshani.

Norbert Marchewka og Melisa Elshani jobbar saman på ei skuleoppgåve.

Norbert Marchewka og Melisa Elshani prøvar å møte so mykje dei kan for å sikre seg gode karakterar på vitnemålet. Oppgåva dei skriv saman vil verte ein del av det læraren skal bruke for å gje dei karakterar.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Gharam Al-Khalili og Norbert Marchewka jobbar på ei gruppeoppgåve.

– Eg prøver å kome i kvar skuletime og stille kvar dag, seier Norbert Marchewka. Saman med Gharam Al-Khalili jobbar dei på ei gruppeoppgåve som vil bli ein del av deira karaktergrunnlag.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Norbert Marchewka jobbar med skule. F.v. Deni Dubaev, Vemund Egeli, Gharam Al-Khalili og Norbert Marchewka.

Marchewka forstår veldig godt dei som ikkje møter på skulen. – Om dei hadde vald å kome i dag, men ikkje vere til stades, på ein måte, so hadde det påverka korleis dei var i timen, seier han.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Hensikta var ikkje å leggje til rette for ei utvida russefeiring

Utdanningsforbundet, som den største fagorganisasjonen i utdanningssystemet, støtta i haust å mellombels oppheve fråværsgrensa.

Tormod Korpås er sentralstyremedlem i forbundet og leiar det sentrale leiarrådet – han har altso mykje kontakt med rektorar rundt om i landet.

Han seier hensikta med å utsetje gjeninnføringa av fråværsgrensa var å gje elevar som har gått gjennom vidaregåande skule i pandemien høve til å få mest ut av opplæringa.

Tormod Korpås, sentralstyremedlem og leder for Lederråd i Utdanningsforbundet.

– Eg høyrer stort sett frå skuleleiinga. Bodskapen er den same: fråværet er betydeleg større på VG3 no enn det var før pandemien. Då snakkar vi også om før vi fekk innført fråværsgrensa. So det er tydeleg at her har det skjedd eitt eller anna spesielt, seier Korpås.

Foto: Eli Kristine Korsmo

– Hensikta var ikkje å leggje til rette for ei utvida russefeiring, seier Korpås.

Han seier han forstår at elevane har hatt vanskelege skuleår, men at nokre av dei truleg har mistolka nokre signal og teke seg meir fri enn dei burde.

– Men nettopp difor tenkjer vi at det kan sjå ut som det at vi ikkje gjenninførte fråværsgrensa har slått attende, seier Korpås.

Les også Mener Norge mangler grunnleggende kunnskap om norske elever

Fravær av elever preger sykkelstativene på grunnskolen

Ikkje ein konsekvens av mangel på trugslar

Edvard Botterli Udnæs er leiar for Elevorganisasjonen.

Han seier dei får mange førespurnader frå elevar om vurderingar, so han veit at mange framleis jobbar hardt og er opptekne av skulen.

Udnæs meiner at mengda heimeskule og raudt og gult nivå har svekka ungdomane si tilknyting til skulen.

Edvard Botterli Udnæs, leiar i Elevorganisasjonen.

Edvard Botterli Udnæs meiner ikkje at det er mangelen på trugslar, men mangelen på tilknyting som gjer at fråværet er stort nett no.

Foto: elev.no

– Der det faglege tilbodet var svekka under heimeskuleperiodane, var det sosiale tilbodet heilt borte. Det er utruleg essensielt for at elevane møter opp: at dei kjenner seg trygge på medelevane og lærarane, seier Udnæs.

– Vi ser ikkje på dette som ein konsekvens av at dei ikkje har nokre trugslar for å ikkje møte opp. Vi ser på dette som ein konsekvens av ein skule som har hatt problem med å jobbe mot eit godt skulemiljø dei siste to åra. Det er ikkje nokon kritikk mot skulane, det er berre slik situasjonen har vore, seier han.

Mariel Husebø og Madelen Eriksen jobbar med ei gruppeoppgåve.

Mariel Husebø og Madelen Eriksen møtte på skulen på Randaberg måndag morgon, både for å få vurderingsgrunnlag og for det sosiale. Dei forstår likevel at elevar med lite fråvær brukar av det no.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Elevar jobbar på skuleoppgåve. F.v. Melisa Elshani, Emil Aleksander Gade, Sakarias Rud Dale, Deni Dubaev og Norbert Marchewka.

– Eg vil syne litt respekt til læraren og møte opp. Eg har sopass med viljestyrke, seier Deni Dubaev. F.v. Melisa Elshani, Emil Aleksander Gade, Sakarias Rud Dale, Deni Dubaev og Norbert Marchewka.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Victor Stensland og Ogjnen Savić jobbar på ei skuleoppgåve.

Victor Stensland er sjølv russ og var på Landstreffet i Stavanger helga før. Likevel er han på skulen måndag morgon. – Det vi går i gjennom på timane er ofte veldig relevant for prøvane, seier han. Ogjnen Savić er einig.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Vemund Egeli, Gharam Al-Khalili, Norbert Marchewka, Melisa Elshani, Emil Aleksander Gade, Sakarias Rud Dale og Deni Dubaev.

Gruppearbeid vert ein del av vurderinga når karakteren skal settast. F.v. Vemund Egeli, Gharam Al-Khalili, Norbert Marchewka, Melisa Elshani, Emil Aleksander Gade, Sakarias Rud Dale og Deni Dubaev.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ei tung tid

Lærar og tillitsvald ved Amalie Skram vgs. i Bergen, Lill kalleklev Almås, fortel om periodevise halvtomme klasserom òg i Bergen.

– Det er ein del elevar som står i fare for å ikkje få standpunkt vil eg tru, og det er litt skummelt viss dei tenkjer dei skal få det etter russetida, for det kan jo bli streik.

Lars Berntsen rektor og Lill Kalleklev Almås plasstillitsvalgt og lærer, Amalie Skram vgs Bergen

Lars Berntsen rektor og Lill Kalleklev Almås plasstillitsvald og lærar, Amalie Skram vgs. Bergen

Foto: Linnea Skare Oskarsen

Rektor Lars Berntsen er bekymra for tilbakemeldingane dei får frå lærarane om høgt fråvær.

– Bekymringa vår går både på at vi ønskjer at elevane skal fullføra og få vitnemål med karakterar i alle fag. Vi er òg bekymra for den psykiske helsa til dette kullet. Vi ser at det er mange som har hatt ei tung tid gjennom pandemien.

Hei!

Har du innspill eller tips i forbindelse med denne saken? Send meg gjerne en e-post!