Hopp til innhold

Venstre vil hjelpa arbeidsledige gründerar

Venstre går inn for at arbeidsledige som startar eigne bedrifter skal få behalda dagpengane i inntil to år.

Kjartan Alexander Lunde

Kjartan Alexander Lunde i Venstre ynskjer at gründarar skal få behalda dagpengane i to år.

Foto: Ole Andreas Bø

– Me må gjera det lettare for arbeidsledige som ynskjer å starta eigne bedrifter, seier leiar i Rogaland Venstre, Kjartan Alexander Lunde.

Han er blant representantane frå Rogaland, som på Venstre sitt landsmøte i helga, har argumentert for fleire målretta tiltak som kan hjelpa dei som er hardt råka av nedturen i olje.

Eitt av tiltaka som Venstre har gått inn for på landsmøtet er å la arbeidsledige som startar eiga bedrift få behalde retten til dagpengar i inntil to år.

Fleire satsar på eigne idear

For dei dårlege tidene i olja har bidratt til at fleire nå vågar å satse på eigne idear. I Rogaland har Innovasjon Norge opplevd ein søknadsboom den siste tida.

Ved å gi gründerar i oppstartsfasen retten til å behalde dagpengane, håpar Venstre at det blir lettare for dei å lukkast.

– Det har vi sett at fungerer bra i Frankrike og der har framveksten av lønsame bedrifter auka, seier Lunde.

D​agpengar under utdanning

I tillegg har Venstre gått inn for at ein skal få behalda dagpengane sjølv om ein studerer.

– Me har fått inn endring av dagpengeordninga slik at det blir mogleg å kombinera dagpengar med å fullføra påbegynt utdanning eller gjennomføra relevant etter- og vidareutdanning. Det trur me i Venstre er viktig for mange som nå mister jobben, og som må omskolerast til å jobbe i andre sektorar, seier fylkesleiaren.