– Veit de kva som er den viktigaste årsaka til at ein gründer mislukkast?
Kurshaldar Rune Nærland ser ut over dei om lag 20 deltakarane på seminaret i Innovasjon Norge sine lokale på Ullandhaug i Stavanger. Han får mange forslag, både om manglande finansiering og for lite pågangsmot, men ingen veit svaret.
– 75 prosent av dei som mislukkast, har satsa på eit produkt som marknaden ikkje vil ha, fortel Nærland.
Les også:
Kjem frå oljå
Innovasjon Norge sine papir viser at om lag 40 prosent av dei som fekk støtte til å starte eiga verksemd i Rogaland i 2015, kom frå oljebransjen.
Les også:
– Dei hadde enten mista jobben eller opplevde at dei stod i fare for å gjera det, seier Ragnhild Espeland som er kunderådgjevar for dei som vil starte for seg sjølv.
Innovasjon Norge betalte ut 59 millionar kroner i oppstartshjelp i fjor. Det var opp frå 32 millionar i 2014. Og totalt var det 210 personar som fekk slik støtte i 2015.
Les også:
Satsar på allergi-kafé
Heidi Byberg og to andre kvinner, er blant deltakarane på kurset. Dei nærmar seg nå oppstarten på ein kafé som skal servera mat som er trygg for allergikarar.
Det som står att, er å finne gode og billege lokale, sentralt plassert i Stavanger sentrum. Men når det gjeld menyen og oppskriftene, så er dei klare.
– Menyen har me testa på dei som ikkje har allergiar. Det er dei som er kravstore, seier Byberg.
Når det gjeld allergikarane, så er dei vane med å tola det meste, meiner Byberg.
– Men eg har testa det på sambuaren min, blant andre, og han er kresen, seier kafègrunderen.
Mange trør feil
Blant dei om lag 20 som var til stades på oppstartsseminaret, var det ein som skulle betre tilhøva i flyktningleirar, to som var opptatt av lakselusfjerning og ein som var på gang med eit nytt produkt i oljebransjen.
Les også:
Men slett ikkje alle kjem til å lukkast, slår kunderådgjevar Ragnhild Espeland fast.
– Eg vil seie at av dei som kjem vidare til trinn to, så kan 70 prosent kallast vellukka. Enten ved at dei klarer å få fart på si eiga bedrift, eller ved å selje ideen til eit anna selskap, seier Espeland.