Hopp til innhold

Mange unge tenkjer nytt og kreativt

Innovasjon Norge opplever stor pågang av ungdom, bedrifter og permitterte som ønskjer å utvikle nye produkt eller starte eigne bedrifter.

Drømmebiten ungdomsbedrift

Dei kreative ungdommane i Kristiansund som satsar på eksklusiv sjokolade med motiv frå byen, har fått til spanande nyskaping etter gode idear.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I ei tid med store omstillingar for næringar som er avhengige av oljeindustrien, gler Innovasjon Norge seg over at interessa for å tenke nytt blømer både i bedrifter og hos enkeltpersonar i fylket.

– Gründerånda lever svært godt i Møre og Romsdal, slår Steinar Johnsen, seniorrådgivar hos Innovasjon Norge fast.

Steinar Johnsen

Steinar Johnsen i Innovasjon Norge er glad for at så mange unge ber om råd, rettleiing og pengar for å utvikle produkt og eigne bedrifter.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Dei måler dagleg pulsen på næringslivet, og meiner det er svært viktig at det blir satsa på innovasjon og nyskaping i tider som dette.

Dei opplever dagleg at både permitterte arbeidarar frå ulike bedrifter og ungdom tek kontakt for å få både økonomisk støtte og rettleiing i korleis dei skal gå fram for å skape noko nytt.

I tillegg vender også etablerte bedrifter seg til kontoret fordi dei ønskjer hjelpt til å vri produksjonen over på nye produkt og drive innovasjon.

Drømmebiten sjokolade

Det er eksklusive saker frå øvste hylle ungdommane i Kristiansund byr på.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Honnør til dei unge

Johnsen er særleg imponert over at svært mange unge er interesserte i entreprenørskap. Han viser mellom anna til ungdomsbedrifta "Drømmebiten" i Kristiansund som har klekt ut ideen om å framstille eksklusiv sjokolade som dei kan selje lokalt. Sjokoladen prydar dei med figurar av kjende landemerke i byen. Akkurat slike unge vil Innovasjon Norge ha på banen.

Drømmebiten

Drømmebiten har henta motiv frå ulike landemerke i nordmørsbyen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Ungdommen er dei vi må satse på i framtida, og det er gledeleg at så mange av dei engasjerer seg i å skape eigne bedrifter, seier seniorrådgivaren.

Han legg til at den landsomfattande ideelle organisasjonen "Ungt Entreprenørskap" er ein svært viktig aktør for å få unge til å satse. Også ordninga "Hopp i det" gjer det lettare å bli gründer i Møre og Romsdal. Denne ordninga står fylkeskommunen, Fylkesmannen og Innovasjon Norge bak.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL