Hopp til innhold

Russarar i Noreg skammar seg over heimlandet: – Det er rett og slett ein tragedie

Fleire norsk-russarar fordømmer det heimlandet gjer i Ukraina, men er redde for å snakke offentleg. Anna og Mikhail trur dei brenner bruer ved å snakke med NRK.

Anna Grinblat og Mikhail Grinblat

Anna Grinblat og Mikhail Grinblat er frå Russland, ungane deira har russisk statsborgarskap og familiane deira er russiske. Likevel meiner dei at det er rett å kritisere krigen i Ukraina offentleg.

Foto: Sindre Kirkaas Nordmann / NRK

NRK har prata med fleire norsk-russarar som fordømmer det Vladimir Putin og Russland gjer i Ukraina.

Dei fleste er redde for å kritisere presidenten og regimet. Dei fryktar for familie, vener og seg sjølv, og vil ikkje snakke om det i media.

Norsk-russiske Anna og Mikhail Grinblat meiner likevel at det Russland gjer i Ukraina er so ille at dei må kritisere det offentleg.

– Eg er redd. Eg er skremd. Eg er sint og føler skam, til og med, for det heimlandet mitt held på med, seier Anna.

Russiske Anna og Mikhail Grinblat på demonstrasjonen i Stavanger.

Anna og Mikhail Grinblat deltok på ein demonstrasjon for å syne støtte til Ukraina laurdag føremiddag. Dei seier dei skammar seg over kva heimlandet deira held på med.

Foto: Kristoffer Apall / NRK

– Putin ≠ russarar

– Det er so grufullt at folk mistar livet no i ein konflikt som burde vore løyst på ein fredeleg måte, seier Anna

Ho og mannen flytta til Noreg for 14 år sidan. Barna deira er fødde i Noreg, men har russisk statsborgarskap. Båe familiane deira er også i heimlandet.

Mikhail Grinblat

– Folk skjønar veldig godt korleis eg føler det, men det eg føler er ikkje so forferdeleg samanlikna med ukrainarar som mister sine familiar og vener, seier Mikhail.

Foto: Sindre Kirkaas Nordmann / NRK

Dei er altso sterkt knytt til Russland. Likevel meiner dei at det regimet no gjer i Ukraina er forkasteleg.

– Det er rett og slett ein tragedie, seier Mikhail.

– Korleis er det å vere russar i desse dagar?

– Eg opplever ikkje noko endra forhold frå dei eg kjenner, men for meg sjølv kjenner eg på det, seier Anna.

– Dei fleste av mine kollegaer har ei god forståing av det som skjer og kan skilje mellom det staten held på med og vanlege folk. Putin er ikkje lik russarar, seier Mikhail.

Les også Stortingspolitikar med russisk familie: – Eg ser med skrekk på korleis Putin vel å gå fram

Brenner bruer ved å kritisere Putin

Mange, som Mikhail sjølv, har familie eller vener frå Ukraina.

Han og Anna seier dei er hundre prosent sikre på at mange russarar, både i og utanfor Russland, er ueinige i heimlandet sitt angrep på Ukraina.

– Det er ingen eg har snakka med som er for krigen. Sjølvsagt vil dei bruke propaganda for å motbevise det, men definisjonen av propaganda er jo å lyge, rett og slett, seier Mikhail.

– Men dei er jo redde for å snakke om det, seier Anna.

Ekteparet har budd og arbeidd lenge i Noreg, og har ingen planar om å reise heim att.

– Men uansett, med den regjeringa Russland har no, er det farleg å reise etter dette intervjuet. No har vi på ein måte brent nokre bruer, seier Mikhail.

Anna Grinblat og Mikhail Grinblat

Anna seier ho helst ikkje vil snakke om politikk med familien i Russland, både av frykt for kva eventuell kritikk kan føre til, og fordi ho meiner dei er prega av statleg styrt media i ei årrekke.

Foto: Sindre Kirkaas Nordmann / NRK

– Vi må seie ifrå

Den eldste av barna i Grinblat-familien har byrja spørje om kva det er som skjer i heimlandet til foreldra.

– Når ho spør kvifor det skjer, so har eg ikkje eit svar. Det er galskap, seier Mikhail.

Framleis eskalerer konflikten.

Putin ber ukrainarar styrte si eiga regjering, medan dei plukkar opp våpen og lagar heimelaga brannbomber for å forsvare hovudstaden.

Nato sender fleire soldatar til Aust-Europa og noko løysing er enno ikkje i sikte.

– Det er ikkje mykje vi her kan gjere, men vi kan heve stemmene våre og sei ifrå, seier Anna.

Les også Russiske Natalia: – Det er en skam, rett og slett