Hopp til innhold

Nato sender fleire styrkar austover

Nato sine toppleiarar er blitt einige om å sende betydeleg fleire styrkar til Aust-Europa. Noreg er klare til å bidra, ifølgje Støre.

Estonia Ukraine Invasion

Fleire britiske styrkar kom til ein Nato-base i Estland fredag. No vil Nato sende enda fleire soldatar til medlemsland i Aust-Europa.

Foto: Sergei Stepanov / AP

Fleire britiske styrkar kom til ein Nato-base i Estland fredag. No vil Nato sende enda fleire soldatar til medlemsland i Aust-Europa.

Foto: Sergei Stepanov / AP

– Russland har knust freden i Europa. Verda vil halde Russland og Kviterussland ansvarlege.

Det seier generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg.

Stats- og regjeringssjefane i Nato-landa møttest fredag til eit digitalt toppmøte før å drøfte krigen i Ukraina.

Nato utplasserer no mange nye forsvarsstyrkar i den austlege delen av alliansen.

«Vi vil utplassere alt som er nødvendig for å sikre sterk og truverdig avskrekking og forsvar på tvers av alliansen, no og i framtida», skriv dei i ein erklæring etter toppmøtet.

Sjå vårt intervju med generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg. Stoltenberg snakkar med korrespondent i Brussel, Simen Ekern.

Stoltenberg seier alliansen sender delar av sin reaksjonsstyrke, NRF. Det er snakk om fleire tusen soldatar, over hundre fly og skip som er utplassert på over tretti ulike stader.

– Dette er den mest alvorlege sikkerheitskrisa vi har stått overfor på fleire tiår. Det er difor vi har reaksjonsstyrken og det er difor vi utplasserer den for å hindre mistydingar og gjere det klart at vi vil forsvare alle våre allierte, seier Stoltenberg.

Alliansen kallar angrepet på Ukraina brutalt, uprovosert og grunnlaust.

Stoltenberg seier òg at Vladimir Putin har gjort ein grov strategisk feil.

Russland må betale ein høg pris, både økonomisk og politisk, i årevis framover, held han fram.

Belgium Ukraine Invasion

Generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg har kalla inn styresmaktene i alliansen til eit ekstraordinært toppmøte fredag.

NATO summit after Russia launched a massive military operation against Ukraine, in Brussels

Nato-møtet hadde både fysisk og virtuell deltaking

Foto: YVES HERMAN / Reuters
Emmanuel Macron på Nato-møte

Den franske presidenten, Emmanuel Macron deltok på møtet.

Foto: MICHEL EULER / AFP
Ambassador to NATO Julianne Smith

USA sin ambassadør til Nato, Julianne Smith deltok på møtet.

Foto: Olivier Matthys / AP
Viktor Orban, Ungarns president

Statsminister i Ungarn, Viktor Orban deltok på møtet.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / AFP

Til NRK seier Stoltenberg at han ikkje vil Ukraina noko råd om korleis dei skal handtere krigen framover.

– Når det gjeld kva Ukraina vil gjere i denne desperate situasjonen, stoler eg på vurderingane til den lovleg valde regjeringa, seier han.

Førebudd på cyberangrep

Stoltenberg seier Nato aukar sitt forsvar mot moglege cyberangrep. Dei hjelper òg Ukraina med å styrkje sitt. Slike angrep kan få store konsekvensar, varsla Stoltenberg:

– Cyberangrep kan trigge artikkel 5, men vi har aldri gått inn på nøyaktig når vi kan utløyse den artikkelen.

Nato sin artikkel 5 går ut på at eit angrep på eitt land i alliansen er eit angrep på alle.

Amerikanske soldater i Latvia

Amerikanske soldatar kom i dag til ein militærbase i Latvia. Dei er ein del av styrkinga Nato no gjer i Aust-Europa.

Foto: GINTS IVUSKANS / AFP

Amerikanske soldatar kom i dag til ein militærbase i Latvia. Dei er ein del av styrkinga Nato no gjer i Aust-Europa.

Foto: GINTS IVUSKANS / AFP

Noreg bidrar militært

Jonas Gahr Støre var blant leiarane som deltok på møtet.

– Min beskjed er at Noreg skal stille opp. Stille opp for Nato, og stille opp for Ukraina, seier statsministeren.

Støre seier at Noreg bidrar med styrkar i aust.

– Vi aukar styrkebidraget til Litauen på Nato sin oppmoding, seier han.

Forsvarsminister Odd Roger Enoksen slår fast at det ikkje er snakk om fleire norske soldatar enn dei 50–60 som blei sendt nyleg.

Viss Nato har behov for fleire soldatar, skal Stortinget vurdere kva Noreg skal gjere, seier Enoksen.

Litauen, 19. februar 2022: en norsk Leopard 2A4 stridsvogn fra 2. bataljon, som for tiden er tildelt NATOs forbedrede Forward Presence Battlegroup i Litauen. Stridvognen finpusset sine skyteferdigheter under rutinemessige øvelser med bruk av skarpe skudd.

Ein norsk Leopard 2A4 stridsvogn frå 2. bataljon er for tiden i Litauen med Nato. Biletet er fra 19. februar i år.

Foto: Nato / NTB

Ein norsk Leopard 2A4 stridsvogn frå 2. bataljon er for tiden i Litauen med Nato. Biletet er fra 19. februar i år.

Foto: Nato / NTB

Støre seier det er uaktuelt å endre lova som hindrar Noreg frå å sende militært utstyr til Ukraina.

– Vi har ingen planar om å endre norske reglar slik at vi kan eksportere våpen til Ukraina, seier Støre.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt åtvarar nordmenn som er i Ukraina.

– Dei er i ein veldig farleg i situasjon. Vi har no flytta vår ambassade til Polen. Det er difor ikkje mogeleg for oss å hjelpe norske borgarar inne i Ukraina, seier ho.

Pressekonferanse om situasjonen i Ukraina

Regjeringa møtte pressen etter Nato-møtet. Statsminister Jonas Gahr Støre seier Noreg vil bidra i Nato sin styrkeauking i Aust-Europa. Utanriksminister Anniken Huitfeldt åtvarar nordmenn i Ukraina.

Foto: Javad Parsa / NTB

Regjeringa møtte pressen etter Nato-møtet. Statsminister Jonas Gahr Støre seier Noreg vil bidra i Nato sin styrkeauking i Aust-Europa. Utanriksminister Anniken Huitfeldt åtvarar nordmenn i Ukraina.

Foto: Javad Parsa / NTB

Les meir om ulike reaksjonar og andre nyheiter om Ukraina-krisa ved å klikke på snarvegane:

Støre bekymra over flyktningar

På ein pressekonferanse før Nato-møtet fredag, sa statsminister Jonas Gahr Støre at Noreg vil bidra i samarbeid med EU til å søke felles løysingar på flyktningstraumen.

– Vi er positive og opne til å bidra til ei fordeling av flyktningar innanfor rammene av europeisk samarbeid.

Statsministeren seier han ikkje har rekna på kor mange som kjem til å flykte frå Ukraina.

– Eg vil ikkje konkludere med nokon tal på kor mange vi skal ta imot. Men vi vil gå inn i et europeisk samarbeid om fordeling, og Noreg må ta sin del av det.

Den humanitære situasjonen i Ukraina er akutt. Unicef anslår at rundt 3,4 millionar menneske no har behov for hjelp.

– Vi vil stille opp for Ukraina og for folk i Ukraina, seier Støre, som legg til at dei sender 200 millionar kroner i naudhjelp til sivilbefolkninga.

Folk frå Ukraina tar seg til fots over grensa til Ungarn.

Tusenvis prøver no å reise ut av Ukraina, både i bil og til fots.

Foto: ATTILA KISBENEDEK / AFP

Ikkje endra trusselbilde

I går vedtok USA og EU sterke sanksjonar for å legge press på Russland.

– Vi har sett eit veldig markert og tydeleg samhald i alliansen det siste døgnet. Vi merker det også i forhold til samhaldet i EU, i sanksjonane som blei vedtatt i går. Det er sanksjonar Noreg sluttar seg til, seier Støre.

Støre seier at situasjonen mellom Ukraina og Russland ikkje har ført til eit endra trusselbilde i Noreg.

– Vi forventar at Russland vil auke sine strategiske kapasitetar i nord, men det er ikkje noko endringar der førebels.

Han understrekar også at Putin truleg møtte meir motstand i Ukraina enn han forventa.

– Ukrainarane er klare for å kjempe for landet sitt, det gjer djupt inntrykk å følge det time for time.

Krig i Ukraina

Jonas Gahr Støre deltok i dag på eit digitalt toppmøte i Nato, som vil bestemme kursen vidare i Ukraina-Russland-krisa.

Foto: Heiko Junge / NTB

Frys midlane til Putin

I går innførte EU og USA omfattande straffetiltak mot Russland. No førebur dei endå fleire sanksjonar.

EU vil mellom anna fryse midlane som president Vladimir Putin og utanriksminister Sergej Lavrov har i Europa, melder Reuters.

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj har fredag snakka med sjefen for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen. Der blei avgjerda tatt om å skjerpe sanksjonane mot Russland.

Zelenskyj meiner presset på Russland er nøydd til å auke ytterlegare.

– Alle moglegheiter for sanksjonar er enno ikkje utnytta, tvitra han etter møtet.

Vladimir Putin.

Midlane som president Vladimir Putin har i Europa blir no fryst.

Foto: ALEXEY NIKOLSKY / AFP

Opnar for samtale

Zelenskyj bad fredag om å møte Putin for forhandlingar.

– Kampar skjer over heile Ukraina. La oss sette oss ned ved forhandlingsbordet for å stoppe menneskes død, sa Zelenskyj.

No har Russland gått med på å sende ein delegasjon til Minsk i Kviterussland for å ha samtalar med Ukraina. Det melder det russiske nyheitsbyrået RIA.

Den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov hevdar Russland er klare til å forhandle – men då må Ukraina legge ned våpena. Putin skal også ha sagt til Kinas president at han er villig til å ha samtalar med Ukraina på eit «høgt nivå», ifølge Reuters.

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj ønsker å snakke med Putin.

Foto: AFP

Konfronterte ambassadøren

Utanriksministeren møtte pressa etter ho kalla den russiske ambassadøren, Teimuraz Ramisjvilij, inn til møte fredag.

Ho starta med å poengtere for han at Russland ber det fulle ansvaret for invasjonen.

– Russland har tidlegare formidla at det ikkje hadde nokon intensjon om å invadere Ukraina. Eg sa til han at det viser seg å vere ein løgn, sa Huitfeldt.

– Noreg og Russland har levd i fred i over 100 år. Dette meiningslause angrepet er ikkje i det russiske folks interesse, sa ho vidare.

Huitfeldt seier det viktigaste var å formidle det norske folk sitt syn på konflikten. Å snakke med han ville ikkje hatt noko hensikt.

– Vi hadde ingen samtale. Eg formidla den norske bodskapen, og så forlét eg rommet.

Huitfeldt seier det er for tidleg å seie korleis invasjonen vil påverke forholdet mellom Noreg og Russland.

Norge kaller inn den russiske ambassadøren på teppet

Huitfeldt seier dei framleis held dørene opne for diplomati med Russland.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ber om meir press på Russland

I dag skal presidentane av Bucharest Nine (B9) møtast, ei gruppe som primært består av tidlegare sovjetland. Møtet er venta å handle om å koordinere eit militært forsvar i medlemslanda.

Ukrainas president gjekk ut på Twitter og bad gruppa om forsvarshjelp til Ukraina og meir press mot Russland.

– Saman må vi få Russland til forhandlingsbordet. Vi trenger antikrig-samarbeid, sa Zelenskyj.

Les også Biden med kraftige sanksjoner og advarsel: – Putin har mye større ambisjoner enn Ukraina

SISTE NYTT

Siste nytt