– Det som blir gjort i Ukraina akkurat no er heilt forferdeleg. Det er rett og slett ein invasjon av ein sjølvstendig stat.
Det seier stortingsrepresentant for Hedmark, Anna Molberg (H).
Ho stiller seg bak andre norske politikarar som har vore tydelege i si fordømming av Russland sin invasjon av Ukraina.
Samstundes er situasjonen hennar litt annleis.
– Det er klart det blir litt nærare når ein er halvt russisk, og eg har ei russisk mor. Eg er sjølv heilt norsk, men eg ser jo med stor sorg på det Russland gjer no.
Ein heilt ugrunna manøver
Molberg er heilt tydeleg på kva ho meiner.
– Noreg har teke eit viktig standpunkt i å fordømme det Russland gjer. Det viktigaste no er å sanksjonere på hardaste vis.
Ho meiner Putin har gjort ein heilt ugrunna manøver, og at det ikkje er noko tvil om at han ønsker å styrke sin eigen sjølvtillit som statsleiar for det han ønskjer skal vere ei stormakt.
Informasjonsflyten ut frå Russland har ho liten tillit til.
– Det er utan tvil eit regime som ønsker å spreie sine tal og grunngjevingar for å gå inn i Ukraina på sin måte, og i sin favør.
– Trist
Molberg har familie i Russland, men ho trur ikkje dei merkar på kroppen det som skjer i Ukraina enno. Likevel er ho bekymra for kva som kjem til å skje vidare.
– Eg synest det er trist at dei er ein del av dette utan å ønske det sjølv. Dei vil jo berre leve gode og rolege liv, men så er dei under eit regime som ikkje ønsker det same for sitt eige folk.
Ho er veldig usikker på kva som skjer vidare, spesielt når det kjem til reisefridomen og om det blir vanskeleg å besøke familien.
– Det er klart ein blir bekymra for korleis dette vil påverke liva vidare, bevegelsesfriheita, og om det blir mogleg å reise og besøke kvarandre er spørsmål ein stiller seg, seier Molberg.
STOR KLYPE SALT: – Eg tenker vi skal ta informasjonen vi får frå Russland med ein stor klype salt. Det er ein rein invasjon med eit ønske om å kapre land og utvide eige areal, seier Molberg.
Foto: HøyreMetodane bekymrar
Ho fortel at det er metodane som Putin nyttar som gjer ho bekymra.
– Særleg når ein ser tilbake på historia og korleis eit Hitlerstyrt Tyskland opererte på slutten av 30-talet, seier Molberg.
Ho fortel at ho ser med skrekk på korleis Putin vel å operere, og gå fram når han grunngjev kvifor han går inn i Ukraina. Ho synest det er samanliknbart.
– Han skyv folk framfor seg i Ukraina som liksom treng «hjelp» frå Russland si side, og det er jo eigentleg akkurat det same som Hitler gjorde i 1938, då han skulle ha ein bit av Tsjekkoslovakia.