Hopp til innhold

Utviklinga har eksplodert: – Visste ikkje at ein kunne verte gode

Jakob Ingebrigtsen hylla Henrik Ingebrigtsen etter det første EM-gullet. Sidan det første gullet til familien i 2012, har utviklinga tatt fullstendig av.

2024 European Athletics Championships, day 2

GÅR FOR GULL: Jakob Ingebrigtsen kunne feire gullet på 5000 meter saman med broren Henrik. Onsdag løper han igjen for gull, men utan broren i feltet.

Foto: BILDBYRÅN

Det er noko spesielt med augeblinken kor eg, Filip og Jakob gjekk opp i front på 1500-meteren i Berlin i 2018. Då var det tre stykk Ingebrigtsen i tet i ein EM-finale. Det bilete har brent seg inn i skallen på meg. Det er eit augeblink eg aldri kjem til å gløyme, seier Henrik Ingebrigtsen til NRK.

EM friidrett 2018 i Berlin.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Det var han som sjokkerte den norske befolkning med å ta EM-gull på 1500 meter for tolv år sidan i Helsinki.

Sidan då er gull blitt standarden og sølv blitt unntaket.

For det er alltid minst éin Ingebrigtsen på pallen på 1500 meter i EM.

  • Henrik Ingebrigtsen tok gull i 2012, sølv i 2014 og bronse i 2016
  • Filip Ingebrigtsen tok gull i 2016
  • Jakob Ingebrigtsen tok gull i 2018 og 2022

Onsdag kveld kan Jakob Ingebrigtsen verte den mestvinnande herreutøvaren i den 90 år lange EM-historia. Han kan ta sitt sjette EM-gull på seks startar. Ingen andre herrar har meir enn fem EM-gull.

Og når den yngste løpebroren løper finale i Roma, er det med det raskaste sjiktet europearar i historia. Utviklinga på distansen har vore eksepsjonell.

Les også Avslører hemmeligheter fra skjult rom: Ble satt ut av Ingebrigtsen-samtale

Jakob Ingebrigtsen

– Enorm utvikling

Aldri før har fleire vore under draumegrensa på 3.30 minutt – og det kan nemnast at EM-kravet på 3.36 vart tatt av 51 utøvarar sist sesong.

For tolv år sidan var berre 13 utøvarar i Europa under den tida.

Det ei ein enorm utvikling. Kva det skuldast er nok samansett av mange forskjellige ting. Eg tvilar ikkje på at Henrik si reise kor ein viste for fleire folk at om ein trenar betre, prøver meir, har meir forskingsbasert treningsopplegg ... og ikkje så mykje basert på erfaringar og ting ein gjorde for 20 år sidan, seier Jakob Ingebrigtsen til NRK.

Konkurrentene ramlet rett foran skotuppene til Jakob Asserson Ingebrigtsen.

Konkurrentane ramla rett føre skotuppane til Jakob Asserson Ingebrigtsen.

Det er spesielt to ting som er synleg når ein ser nærmare på tala:

  • Talet på europearar i verdstoppen har auka kraftig
  • Det vert løpt jamleg raskare enn tidlegare

Nivået har hatt eit løft, sjølvsagt, men no ser me at det med jamne mellomrom kjem nye faktorar inn i bilete som gjer at kvart løp vert så optimalt som mogleg. Før vil eg sei at éin av ti løp vart slik som ein forventa og håpa på i forhold til fartshaldarar og løpsopplegg og alt mogleg slik, forklarar Henrik Ingebrigtsen.

EM friidrett 2024 i Roma
Foto: Heiko Junge / NTB

Han meiner det no er bortimot ti av ti løp som går etter planen når det gjeld tid. No drar enda fleire nytte av at det vert halde jamn start.

Før var det slik at den beste i feltet fekk avgjere farta sjølv. Han gjorde egoistiske vurderingar som berre passa for han. Deretter knuste han heile feltet. Me andre måtte berre bite saman tenna og plukke opp det knuste puslespelet i bakkant, seier 33-åringen.

Svært løft

Nesten halvparten av dei raskaste tidene i verda vart sett av europeiske utøvarar i 2023.

  • 6 av 11 utøvarar under 3.30 minutt var europearar
  • 16 av 24 under 3.33
  • 35 av 74 under 3.35
  • 51 av 101 under 3.36

Forskjellen frå 2012 er markant. Då var det knapt europearar i toppen:

  • 0 av 3 utøvarar under 3.30 minutt var europearar
  • 0 av 13 under 3.33
  • 8 av 42 under 3.35
  • 13 av 72 under 3.36

Henrik jobba mot det usikre, noko som var uvisst. Ein visste ikkje at ein kunne verte gode. Gjennombrotet i 2012 hadde mykje å seie. Ein kan verte best i verda med det me gjer, det var spesielt å få det bevist då me sette og såg på, meiner Jakob Ingebrigtsen.

Filip Ingebrigtsen braut den neste barrieren då han tok global meisterskapsmedalje med bronse i London-VM i 2017.

VM i friidrett i London 2017

BRONSE: Filip Ingebrigtsen løp inn til bronsemedalje i VM i 2017.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Få som prøvde

Jakob Ingebrigtsen sette krona på verket med OL-gullet i 2021. Den første europeiske gullmedaljen på distansen i eit globalt meisterskap på 19 år.

Det var alltid snakk om at det ikkje var mogleg å verte god. Difor var det så få som prøvde. Det var kult at nokon gjekk fram og brøyt alle normene om at ein skal verte god i Noreg, seier den yngste løpebroren.

Les også Ingebrigtsen fnyser av legendens radikale forslag: – Hvor skal man sette grensen?

Bislett Games 2024

No er dei siste tre globale meisterskapa vunne av europearar: OL av Jakob Ingebrigtsen i Tokyo, VM av Jake Wightman og Josh Kerr i Eugene og Budapest.

Europearar dominerte ein lang periode, så kom afrikanarane og gav oss juling i lang, lang tid. No er det på tide å ta øvinga tilbake og dekorere pallen med så mange som mogleg, seier verdsmeister Kerr til NRK.

Skotten er ikkje på plass i EM i Roma, men vert truleg Ingebrigtsen sin tøffaste utfordrar i Paris. Han trur OL vert nok eit eksempel på at Europa har «tatt over» distansen.

PS! Jakob Ingebrigtsen løper finale på 1500 meter onsdag, klokka 22.26.