Seks personar var om bord i helikopteret, og éin person omkom som følge av ulykka. Det var Equinor-sjukepleiaren Reidun Hestetun.
I tida etter ulykka har det blitt brukt mange ressursar på å følge opp dei tilsette på norsk sokkel, ifølge fleire fagforbund knytte opp mot oljeverksemda.
– Dei har blitt følgt opp gjennom heile helga. Både på oljeplattformer og på heliportar, seier Per Helge Ødegård, leiar av Eqaf.
Mannskapet på helikopteret tilhøyrde både Bristow og Equinor. Ødegård seier det har blitt oppretta eit pårørandesenter og at det skal vere tilgjengelege ressursar frå både leiing og fagforeiningar.
– Vi har ei eiga helseteneste i Equinor. Viss nokon ønsker å prate med psykolog, så får dei sjølvsagt tilbod om det, seier Ødegård.
Oljearbeidar Espen Bjørge, som er tilsett i selskapet Kaefer, bekreftar at han og kollegaene har fått ei melding om tilbod om å snakke med psykolog.
Men oppfølginga utover det er han ikkje særleg imponert over.
– Eg ville ikkje kalla oppfølginga god. Dei har hatt representantar ute på heliporten, men dei sit jo berre der utan å snakke med nokon, seier han.
Bjørge seier arbeidarane sjølv må gå inn for å snakke med dei. Han har gjort det sjølv og opplevde ikkje å få noko særleg svar.
– Dei kan ikkje seie noko. Dei seier at vi berre må vente på kva dei finn ut om helikopterulykka, seier han.
– Ikkje slik det skal vere
Erling Holmefjord er avdelingsleiar for arbeidsliv hos Industri Energi. Inntrykket deira har at det har blitt gjort mykje godt for arbeidarane etter ulykka.
Han seier det derfor er skuffande og ugreitt å høyre at oljearbeidar Bjørge ikkje har same oppfatning.
– Viss dei som sit ved heliportane faktisk ikkje bryr seg om å prate med dei som er der, så er det på ingen måte slik det skal vere, seier Holmefjord.
Holmefjord seier dei som reiser inn til oljeplattformer skal bli tatt imot på ein måte som gjer at dei kjenner dei kan prate med nokon.
– Viss dette systemet ikkje fungerer, så hjelper det ikkje. Eg støttar Espen 100 prosent i at dette ikkje er greitt, seier han.
Holmefjord peikar på Turøy-ulykka i 2016 som grunn til at oppfølginga burde vere god i dag.
– Equinor og Bristow har gjort seg mykje erfaring frå 2016. Det gjorde at ein veldig kjapt fekk på plass pårørandesenter og stab for å ta vare på dei som både var direkte og indirekte involverte, og dei pårørande, seier han.
Han håpar Equinor og Bristow følger opp dei som er direkte involverte i ulykka utanfor Sotra.
Også dei som ofte reiser ut til Nordsjøen.
– I 2016 var det ein del som slutta offshore fordi dei ikkje torde lenger. Det må ikkje skje nå. Oppfølging er viktig, seier Holmefjord.
Tidslinje: Helikopterstyrten vest for Sotra
Slik gjekk det med helikopteret som styrta vest for Sotra i Vestland. Dei nyaste oppdateringane er nedst i tidslinja. Fleire av tidspunkta er henta frå Hovudredningssentralen (HRS).
Slik var ruta til helikopteret
Kartet viser kor helikopteret flaug før det styrta. Helikopteret tok av ved Bergen luftham, Flesland. Vidare flaug helikopteret vestover og opp Hjeltfjorden før det flaug sørover og styrta vest for Sotra.
Under kartet startar tidslinja for helikopterstyrten.
Kl. 18.24, 28.02.24
Helikopteret tek av
Helikopteret tek av frå Bergen lufthamn, Flesland.
Kl. 19.30, 28.02.24
Avsluttar øving
Helikopteret avsluttar ei øving med eit skip frå Wilson Shipping på oppdrag for Equinor. Helikopteret flyr mot vest.
Kl. 19.38, 28.02.24
Helikopteret mistar radarkontakt
Helikopteret mistar truleg radarkontat, ifølgje Aircraftregister.net.
Kl. 19.41, 28.02.24
Personleg nødpeilesendar utløyst
Helikopteret treffer vatnet og ein nødpeilesendar blir aktivert.
HRS får inn ei melding om at ein nødpeilesendar er utløyst og redningsleiarane på vakt går i gang med å sjekka nærare kva for ei maskin det er som sender signalet og prøver å få kontakt.
HRS får beskjed om at ein personleg nødpeilesendar, av typen helikoptermannskap i eit redningshelikopter har på seg, er utløyst. Posisjonen til denne er i same område som nødpeilesendaren til helikopteret.
Avinor, ACC og tårnet på Flesland blir kontakta.
Kl. 19.44, 29.02.24
Avinor prøver å få kontakt
HRS får stadefesta at det er eit av redningshelikoptera frå Bristow, og at dei har vore ute på treningstur.
HRS ber flygeleiar i Avinor sjekke om dei får kontakt med helikopteret. Tre minutt etter får dei tilbakemelding om at dei ikkje oppnår kontakt over radio.
Kl. 19.52-20.05, 28.02.24
HRS trykkjer på den store, raude kanppen
Redningshelikopteret Sola, som allereie er i lufta på trening, blir sendt i retninga nødsignalet indikerer. HRS alarmerer redningshelikopteret i Florø.
Dei ber i tillegg Kystradio om å senda «mayday relay» til fartøy i området. KV Sortland stadfestar at dei set kurs mot området.
Det blir avtalt at eit loshelikopter frå Flesland kan gå mot området. Også ambulansebåten Austevolljenta blir bedt om å gå mot området.
Klokka 20.03 melder redningshelikopteret Sola at dei er omlag 15 minutt frå posisjonen.
HRS ber Kystradio om å kalle ut redningsskøyter frå Redningsselskapet. Det er snakk om Bjarne Kyrkjebø og Kristian Gerhard Jensen II.
Kl. 20.06, 28.02.24
HRS: Seks personar om bord
Hovudredningssentralen får opplyst at det er seks personar om bord.
Kl. 20.11, 28.02.24
Politiet får melding
Politiet får melding om helikopterstyrt vest for Sotra.
Kl. 20.25, 28.02.24
Observerer folk i sjøen
Redningshelikopteret Sola observerer folk i sjøen og startar prosessen med å heisa dei opp.
Rundt kl. 20.30, 28.02.24
Kommunen får melding
Øygarden kommune får melding om helikopterstyrten. Dei set krisestab.
Personar blir observerte i sjøen og oppheising startar.
Personane skal ha lege i sjøen i 45-50 minutt.
Kl. 20.37, 28.02.24
Ser ikkje helikopteret
Redningshelikopteret Sola melder at dei ikkje ser sjølve helikopteret som har styrta.
Kl. 20.51, 28.02.24
På veg med fem personar
Redningshelikopteret Sola melder at dei er på veg til Haukeland sjukehus med fem personar om bord. Grunnen til at dei må dra mot Haukeland er at dei ikkje har nok drivstoff til å vera i området.
HRS veit at dei allereie har redningshelikopter Florø på veg mot søksområdet.
Det er også ein luftambulanse i området som indikerer lokasjonen til den siste personen.
Kl. 20.53, 28.02.24
Politiet stadfestar ulukka
Politiet stadfestar at det har skjedd ei luftfartsulukke i sjøen vest for Sotra i Vestland.
Rundt kl. 21, 28.02.24
Redningshelikopter landar på Haukeland
Redningshelikopteret, med dei fem første personane som blei henta opp frå sjøen, landar på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.
Kl. 21.11, 28.02.24
Funn av siste person
Redningshelikopteret Florø stadfestar funn av siste person. Fem minutt seinare stadfestar dei at dei har ein person om bord og reiser mot Haukeland.
Det er rundt 25 minutt frå helikopteret Sola drog til siste person er om bord i redningshelikopteret Sola.
Rundt kl. 21.15, 28.02.24
Havarikommisjonen bemannar opp
Havarikommisjonen er i gang med å bemanna opp.
Rundt kl. 21.25, 28.02.24
Sjukehuset stadfestar at dei har tatt imot seks personar
Haukeland universitetssjukehushar tatt imot seks personar. Tilstanden er uavklart.
Kl. 21.50, 28.02.24
Redningsaksjonen er over
Redningsaksjonen er avslutta.
Rundt kl. 22.00, 28.02.24
Mottak for pårørande
Politiet opprettar mottak for pårørande. Redningsskøyta har begynt å finna vrakdelar. Dei søker etter fleire delar.
Kl. 00.30, 29.02.24
Ein person død
Politiet stadfestar at ein person er død. Ein annan er lettare skadd, medan dei fire andre har varierande skadegrad.
Kl. 06.41, 29.02.24
Politiet seier det har føregått søk
Politiet seier torsdag morgon at det har blitt gjennomført søk gjennom natta etter helikopteret som havarerte.
Kl. 07.49, 29.02.24
Havarikommisjonen startar arbeidet
Statens havarikommisjon for luftfart startar arbeidet etter helikopterulukka. Målet er å finna hovuddelen av vraket og deretter få det heva.
Kl. 09.10, 29.02.24
Ein kritisk skadd
Haukeland universitetssjukehus opplyser at ein person er kritisk skadd, ein alvorleg skadd og tre lettare skadde.
Kl. 10.45, 29.02.24
Trur helikopteret ligg på 300 meters djup
Leiar for States havarikommisjon for luftfart seier at dei trur at vraket ligg på 300 meters djup.
Kl. 11.46, 29.02.24
Kvinne i 60-åra mista livet
Vest politidistrikt opplyser at det var ei kvinne i 60-åra, tilsett i Equinor, som omkom i ulykka. Dei andre fem i helikopteret var tilsette i Bristow.
Rundt 12, 29.02.24
Alle flygingar innstilte
Alle helikopterflygingar til og frå heliportar er innstilte fram til klokka 18.
ConocoPhillips-flygingar er innstilte inntil vidare. Det er også flygingane for Aker BP.
12-tida, 29.02.24
Sjukepleiar på jobb
Konsernsjefen i Equinor opplyser at den omkomne kvinna var sjukepleiar på jobb for å vareta andre.
Kl. 13.08, 29.02.24
Hadde overlevingsdrakt
Dei seks personane som var om bord på helikopteret hadde på seg overlevingsdrakt, seier politiet.
Rundt kl. 13.15, 29.02.24
Svart boks-håp
Politiet seier dei trur på at ferdsskrivaren, også kalla «den svarte boksen», på helikopteret vil bli funnen, men at jobben er utfordrande på grunn av høge bølger og sterk vind.
Kl. 16.35, 29.02.24
Ber om grundig granskning
Energiminister Terje Aasland (Ap) sender sine tankar til dei ramma etter helikopterulykka. Samstundes ber han om ei grundig gransking av ulykka.
Kl. 17.17, 29.02.24
Avventar helikoptertransport til fredag
Equinor stansar alle helikopterflygingar til fredag klokka 10 etter ulukka utanfor Bergen.
Det opplyser informasjonsdirektør Sissel Rinde til NTB.
Kl. 18.00, 29.02.24.
Politiet har gjennomført to avhøyr
Ifølgje VG har politiet avhøyrt to av dei som var om bord i helikopteret.
– Vi har gjennomført to avhøyr og planlegg fleire i morgon, seier stabssjef Gustav Landro i Vest politidistrikt til VG.
Rundt kl. 19, 29.02.24
På veg til Haakonsvern med vrakdelar
Kystvaktskipet som bidrog i søket etter vrakdelar er på veg inn til Haakonsvern utanfor Bergen med delar dei har funne i sjøen.
Det er stabssjef Gustav Landro i Vest politidistrikt som fortel dette til TV 2.
Kystvakta skal på dette tidspunktet ikkje vera heilt sikre på kva slags delar dei har med seg, men dei tar det med inn til land. Her vil delane bli overleverte til politiet.
Kl. 08.30, 01.03.24
Ingen lenger kritisk skadde
Haukeland universitetssjukehus sender ut ei oppdatering om korleis det går med dei skadde. Fredag morgon er to personar skrivne ut frå sjukehuset, to er lettare skadde, medan ein person er alvorleg skadd, men stabil.
Rundt kl. 08.30, 01.03.24
Forsvaret ikkje lenger delaktig i søk
Kystvakta er ikkje lenger oppmoda om å bistå frå politiet, og er derfor ikkje lenger i aksjon i søket etter vrakrestar frå helikopteret som styrta utanfor Sotra onsdag kveld.
Kl. 08.41, 01.03.24
Funn av rotorblad og helikopterdør
Politiadvokat Trygve Ritland i Vest politidistrikt stadfestar til TV 2 at det er funne vrakrestar frå helikopteret, eit rotorblad og ei dør.
Kl. 09.00, 01.03.24
Equinor skaffar 15 nye helikopter
Gjennom avtalar med helikopterprodusentane Bell og Leonardo, sikrar Equinor 15 nye helikopter til passasjertrafikk på norsk sokkel. Helikoptera er av typen Bell 525 og AW189.
Kl. 10.30, 01.03.24
Ingen helikopterflygingar før klokka 12 fredag
Det er eit opphald i flygingar fram mot klokka 12 fredag. Det framgår i meldingar frå Equinor og ConocoPhillips på nettstaden Heliport.
Kl. 10.47, 01.03.24
Reidun Hestetun (61) omkom i ulykka
– Vi har mista ein veldig respektert og kjær kollega som var utruleg dedikert i arbeidet sitt for å vareta andre sin tryggleik, sa Equinor-sjef Anders Opedal i går. Fredag blir det stadfesta at det var sjukepleiaren Reidun Hestetun som omkom.
Kl. 10.49, 01.03.24
Equinor opptar helikoptertrafikk
Equinor stadfestar at dei startar opp att helikopterflygingar på norsk sokkel fredag.
Kl. 11.23, 01.03.24
Har leigd inn offshoreskip
Havarikommisjonen har leigd inn eit offshoreskip for å halda fram med søk og deretter heving av vrakrestar. Det skrive Havarikommisjonen på deira nettsider.
Kl. 11.42, 01.03.24
Første helikopter lettar
Det har vore stans i helikoptertrafikken på norsk sokkel sidan onsdag kveld.
Equinor skriv i ei pressemlding at dei har gjort avklaringar med myndigheitene og fagmiljøa for flytryggleik, slik at ein kan starta flygingar att på ein trygg måte.
Litt før klokka 12 fredag letta det første Sikorsky S-92-helikopteret etter ulukka.
Kl. 12.42, 01.03.24
Håp om å heva vraket i helga
Havarikommisjonen har leigd inn skipet Normand Ocean for å både leita etter helikopteret og få heva det i løpet av helga. – Vi har håp om å få gjort dette i løpet av helga. Men det er avhengig av vêret, seier leiar for luftfart i havarikommisjonen, Kåre Halvorsen.
02.03.24
Vraket blir heva
Tidleg laurdag morgon blir vraket av helikopteret funne på 220 meters djup. På andre forsøk blir det heva og frakta til Haakonsvern som er Sjøforsvaret sin base i Bergen.
02.03.24
Sender den «svarte boksen» til England
Laurdag morgon får NRK stadfesta at ferdsskrivaren med lydopptak, også kjent som den «svarte boksen» er funnen.
– Ferdsskrivaren vil vi omgåande ta med oss til eit laboratorium i England, saman med ein representant fra produsenten Sikorsky, seier Kåre Halvorsen i Havarikommisjonen.
Føremiddag, 02.03.24
Fire av fem er avhøyrde
Arne Lutro, kommunikasjonssjef i Vest politidistrikt, opplyser laurdag føremiddag at fire av dei fem overlevande er avhøyrde.
– Ingen har status som mistenkt eller sikta, seier han, og opplyser at politiet også ønskjer å avhøyra den femte personen.
Kveld, 02.03.24
Ein tredje person er utskriven
Laurdag kveld stadfestar Bristow, arbeidsgivaren til dei fem skadde mennene, at ein tredje person er skriven ut frå sjukehus.
Kl. 12.20, 04.03.24
Havarikommisjonen: Flyteelement løyste seg ikkje ut
Måndag har Havarikommisjonen ein pressekonferanse på Haakonsvern, der dei fortel om nokre av funna dei har gjort. Der kjem det fram at helikopteret sine flyteelement ikkje blei automatisk utløyste.
– Vi veit ikkje kvifor flyteelementa ikkje har kome ut. Det er ein av tinga me skal sjå nærare på, seier Kåre Halvorsen i Havarikommisjonen. Han håpar ferdsskrivaren vil ha informasjon om flyteelementa. I tillegg peikar Havarikommisjonen på at helikopteret er nokså inntakt.
– Det er openbart eit overlevbart samanstøyt, sjølv om ikkje alle gjorde det. Energien i seg sjølv under samanstøyten var ikkje problemet, seier Halvorsen.
Kl. 14.15, 04.03.24
HRS frigir nye detaljar
Det blir kjent at den omkomne Reidun Hestetun var den siste personen som blei henta opp av vatnet. Medan dei fem overlevande vart henta av eit helikopter frå Sola, blei ho plukka opp av eit helikopter frå Florø. Dette kom til staden rundt 25 minutt seinare. Det var medisinske vurderingar og drivstoffmangel som bidrog til at det første helikopteret måtte returnera til fastlandet før den sjette personen var redda opp. Det er ikkje kjent korleis helsetilstanden til den sjette personen blei vurdert på det tidspunktet.
Kl. 10.00, 05.03.24
Data henta ut frå ferdsskrivaren
Havarikommisjonen skriv på sine nettsider at data er henta ut frå ferdsskrivaren, og at jobben med å analysera dataa er i gang. Det er venta at arbeidet vil ta lang tid, melder dei.
06.03.24
Femte person framleis ikkje avhøyrt
Ei veke etter helikopterhavariet er den femte og siste av dei overlevande framleis ikkje avhøyrt, seier politiet til NRK. Ingen er sikta eller mistenkte i saka.
– Betre da enn nå
Oljearbeidar Bjørge jobba også offshore under Turøy-ulykka. Han meiner oppfølginga var mykje betre da.
– Pilotar kom inn og snakka med oss. Det gjorde oss trygge, seier han.
Bjørge seier han har snakka med fleire kollegaer som seier det same som han om oppfølginga etter helikopterstyrten utanfor Sotra.
– Det burde vore betre. Dei fleste kjenner seg trygge på at helikopteret er trygt. Men det er jo ei usikkerheit når vi ikkje veit kva som har skjedd.
Har pilot tilgjengeleg for samtale
Petter Sem-Henriksen i Bristow Noregseier Bristow prøver å ha ein pilot tilgjengeleg på gate før avgang med helikopter.
– Dette gjer vi nokre dagar framover og vil etter kvart vurdere behovet, seier han.
Han meiner Bjørga si erfaring er eit enkelttilfelle.
– Dette er og har vore ei krevjande tid for alle som jobbar i oljenæringa. Det er mange ulike behov for oppfølging og informasjon. Me gjer vårt beste for at alle skal kjenne seg tatt vare på, seier han.
Raymond Midtgård, forbundsleiar i Safe, seier tilbakemeldingane frå oljearbeidarar er at dei har blitt godt varetatte.
– Alle har fått tilbod om samtale. Dei som skal ut og fly, har fått god oppfølging, seier han.
Midtgard påpeikar at det er forskjell på korleis folk reagerer på slike hendingar. Han seier det likevel er viktig at alle får eit tilbod om hjelp.
06/3 klokka 11: Etter publisering har NRK lagt til Petter Sem-Henriksen i Bristow sin karakteristikk av Bjørga si oppleving som eit enkelttilfelle og sitatet om at Bristow gjer det dei kan for dei tilsette i oljenæringa.