Hopp til innhold

Reidun Hestetun (61) omkom i helikopterulukka

Ein sjukepleiar, ein redningsmann, to pilotar og to andre var om bord i helikopteret som styrta i sjøen vest for Sotra onsdag kveld. Reidun Hestetun omkom.

Reidun Hestetun

Sjukepleiar Reidun Hestetun (61) omkom i helikopterulukka. Biletet er tatt i ein artikkel i Sykepleien i 2018.

Foto: Eirik M. Sundt / Sykepleien

Onsdag kveld styrta eit helikopter på øvingstur i sjøen vest for Sotra i Vestland.

Seks personar var om bord i helikopteret.

  • Reidun Hestetun (61) er stadfesta omkomen.
  • Ein mann er alvorleg skadd, men ikkje lenger kritisk skadd.
  • To menn er lettare skadde.
  • To menn er skrivne ut frå sjukehuset.

Alle dei seks blei sende til Haukeland universitetssjukehus i Bergen etter at dei blei heisa opp frå sjøen.

– Dette er ein tung dag for alle som jobbar på norsk sokkel, sa konsernsjef i Equinor, Anders Opedal på torsdag.

Jobba som sjukepleiar

Reidun Hestetun var tilsett i Equinor. Der jobba ho som sjukepleiar.

– Den omkomne var sjukepleiar som har vore tilsett hjå oss i fleire tiår. Me har mista ein veldig respektert og kjær kollega som var utruleg dedikert i arbeidet sitt for å vareta andre sin tryggleik, sa ein prega Opedal utanfor pårørandesenteret torsdag.

Anders Opedal, konsernsjef i Equinor

Anders Opedal er konsernsjef i Equinor. Torsdag var brukte han ein og ein halv time på pårørandesenteret på Scandic Kokstad, saman med dei pårørande.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Hestetun blei 61 år gamal. I 2018 vart ho intervjua av magasinet Sykepleien.

– Eg likar jobben min godt. Det beste er folka og den store variasjonen i arbeidsoppgåvene. Ved sidan av å vera trygg på akuttmedisin, må me vera sjølvstendige og kunna meistra stress, sa Hestetun då.

Hestetun var den siste som blei henta opp frå vatnet etter ulukka.

Medisinske vurderingar og drivstoffmangel gjorde at redningshelikopteret som kom først til staden returnerte til fastlandet då dei fem første var heisa opp frå sjøen.

25 minutt seinare kom det neste helikopteret fram til ulukkesstaden og fekk heisa opp Hestetetun.

Dedikert, ærleg, roleg, raus og omsorgsfull

Opphaveleg kom Hestetun frå Årdal i Indre Sogn, men ho budde no i Bergen kommune.

– Det var ein frykteleg beskjed å høyra om ulukka i seg sjølv, og no har me også fått beskjed om at den omkomne personen opphaveleg er frå Årdal og har familie her. Våre tankar og djupaste medkjensle går til dei pårørande og etterlatne, seier ordførar i Årdal kommune, Christian Sønstlien.

Reidun Hestetun

Reidun Hestetun på jobb i 2018. Biletet er tatt i samband med intervjuet i Sykepleien.

Foto: Erik M. Sundt / Sykepleien

Kommunen har vore i kontakt med dei pårørande og yter den bistanden som dei ønskjer og treng.

– Dette er den verst tenkelege beskjeden å få som ordførar.

Anne Gine Hestetun, tidlegare fylkesordførar i Hordaland, var nær veninne med Reidun Hestetun. Ho skildrar veninna som dedikert, ærleg, roleg, raus og omsorgsfull.

– Me har følgt kvarandre i tjukt og tynt, heilt frå «to hus tett i tett» heime i Årdal på tidleg 60-talet, til våre siste kaffikoppar på fredag, seier ho, og fortel at Reidun Hestetun var hennar store støtte gjennom årevis med kreftbehandling.

– Saknet er endelaust.

Anne Gine Hestetun

Anne Gine Hestetun, tidlegare fylkesordførar i Hordaland, er tremenning med Reidun Hestetun som omkom i ulukka.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Redningsmann blant dei skadde

Fire av dei overlevande bur i Noreg, høvesvis i Mo i Rana, Moss, Oslo og Sandnes. Den siste av dei overlevande bur i utlandet.

Ein redningsmann i 50-åra er ein av dei skadde. Han er tilsett i selskapet Bristow og har jobba som redningsmann store delar av livet.

Kona hans var heime då ho høyrte om ulukka.

Ho ringte umiddelbart til ein kollega som stadfesta at mannen hennar var om bord i helikopteret.

To timar seinare fekk ho ein telefon frå sjukehuset som stadfesta at han var i live.

– Eg har tru på at dette går bra, seier ho til Sarpsborg Arbeiderblad.

 Sikorsky S-92 helikopteret som forulykket utenfor Bergen 28. januar 2024. Bildet er fra slutten av januar når helikopteret landet på Flesland

Det var dette helikopteret som styrta vest for Sotra onsdag kveld. Her fotografert over Flesland i januar.

Foto: Leon Andersen / Privat

Les også Havarikommisjonen framme på ulykkesstedet: Kan få opp helikopteret allerede i natt

offshoreskipet Haugesund

To skadde er avhøyrde

Dei fem skadde mennene er alle tilsette i selskapet Bristow. To av dei er pilotar.

– Sorga pregar oss alle, seier direktør i Bristow Norge Heidi Wulff Heimark til NTB.

Heimark stadfestar at dei fem torsdag blei varetekne på Haukeland sjukehus. Fredag er to av dei skrivne ut.

Då ulukka skjedde var helikopteret på jobb for Equinor.

– Dette er ei djupt tragisk hending. I dag er ein tung dag for mange. Våre tankar går til dei familiane, nære og andre som er råka, sa konsernsjef Opedal torsdag.

Då naudetatane blei varsla, vart beredskapsnivået på Haukeland sett til gult nivå. Dei stadfesta onsdag morgon at dei var tilbake i normal drift.

– Beredskapsnivået til Haukeland er igjen i vanleg drift. Dei skadde får god og adekvat behandling, seier kommunikasjonssjef ved Haukeland, Erik Vigander.

Politiet stadfesta ved 01-tida natt til onsdag at dei hadde gjort forsøk på å avhøyra dei skadde. Torsdag formiddag hadde dei framleis ikkje blitt avhøyrde, på grunn av helsetilstanden.

– Politiet har til no gjennomført avhøyr av to av dei som var om bord i helikopteret. Me kan ikkje gå inn på kva dei har forklart på dette tidspunktet, skriv politioverbetjent Helle Soltvedt i ei pressemelding ved 11-tida fredag.

Politiet har tidlegare omtalt ulukka som ei stor påkjenning for dei som var om bord. Alle seks hadde på seg overlevingsdrakt då ulukka skjedde.

Tidslinje: Helikopterstyrten vest for Sotra

Slik gjekk det med helikopteret som styrta vest for Sotra i Vestland. Dei nyaste oppdateringane er nedst i tidslinja. Fleire av tidspunkta er henta frå Hovudredningssentralen (HRS).

– Det må vera lov å vera bekymra

Tom Georg Indrevik er ordførar i Øygarden kommune, der helikopteret styrta.

– Hugs at alle her ute, og langs store deler av kysten av Noreg, kjenner nokon eller er i familie med nokon som faktisk jobbar i olje- og gassindustrien. Det er klart at når slike hendingar som i går skjer, så er det ei ekstra belastning kvar gong dei skal reisa offshore.

Helikopter ordfører

Tom Georg Indrevik er ordførar i Øygarden kommune, der helikopteret styrta.

Foto: Tony Roald Ågotnes / NRK

Det er ikkje første gang det har vore helikopterulukke i kommunen. I 2016 omkom 13 personar då eit helikopter styrta ved Turøy.

Kommunen er ein av mange norske kystkommunar der olje- og gassindustrien er ein stor og viktig arbeidsplass.

– Eg håpar, som eg har sagt i andre samanhengar i dag òg, at ein stiller opp for kvarandre, og at det må vera lov å vera bekymra og til og med faktisk litt redd ein periode no.

Les også Amalie så rednings­aksjonen fra vinduet: – Jeg fikk klump i magen med en gang

Amalie Halse