Hopp til innhold

Brenna greip inn og avslutta Unio-streiken

Arbeidsminister Tonje Brenna grip inn i Unio-streiken med tvungen lønsnemnd. Årsaka er politiet sin beredskap som hadde blitt råka.

GREIP INN: Tonje Brenna på pressekonferansen onsdag morgon.

– Eg har innkalla til møte i dag. No har dei samfunnsmessige konsekvensane blitt så store at eg ikkje kan gjere anna enn å gripe inn, seier Brenna.

Streik blant 10 operatørar i politiet si helikopterteneste og manglande grensekontroll er den direkte årsaka til at streiken no blir avbroten.

– Konklusjonen er at dersom helikoptera ikkje kan fly, vil det kunne få alvorlege og direkte følger for liv og helse, seier Brenna.

Frykta for beredskapen

– I dagens sikkerheitspolitiske situasjon er det naudsynt med trygge grenser. I denne situasjonen har ikkje myndigheitene anna val enn å gripe inn, seier Brenna.

No meiner arbeidsministeren at beredskapen er så trua at streiken ikkje kan halde fram. Unio-leiar Ragnhild Lied tek avgjerda til etterretning.

– No ber vi folk gå tilbake til jobb, seier Lied.

– Det var ganske åpenbart at denne streiken ikke ville føre fram

– Det var ganske åpenbart at denne streiken ikke ville føre fram

– Skuffa

I praksis vil det seie at over 3500 medlemer i Unio sine forbund no går tilbake til arbeidet.

– Vi er skuffa over at regjeringa ikkje har vist nokon vilje til å komme oss i møte, seier Unio-leiaren.

Arbeidskonflikta har blant anna råka flyplassar, meteorologar, politiet og andre arbeidsplassar med såkalla nøkkelpersonell.

Streiken i Unio blei trappa opp frå midnatt. Noko som i morgontimane onsdag blant anna lamma blant anna helikoptertrafikken til Nordsjøen.