Hopp til innhold

Sjå kattens reaksjon når dynamitten går av

18 meter under nabolaget på Våland i Stavanger jobbar vegvesenet med å sprenge tunnel til Ryfylke. Det merker dyr, menneske og lysekroner.

Katt skvett av jordskjelv

SKVETTEN KATT: Dyra merkar godt at det blir brukt dynamitt under dei. Foto: Harald Ebeltoft

Karstein Sandvik og Tore Haaland

RYFAST-NABO: Tore Haaland (t.h.) bur på Våland, og merker godt når dynamitten går av. Karstein Sandvik (t.v.) i Bilfinger er HMS-ansvarleg for entreprenørane på vegprosjektet.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Det er ganske heftig. Du får ikkje noko varsling, og vaknar fort, seier Tore Haaland.

Huset hans står 18 meter over der dynamittsalvene går av i Eiganestunnelen i Stavanger. Frå tidleg om morgonen til seint på kvelden sprenger vegvesenet seg mot Ryfylke.

– Når dei sprenger utandørs, så høyrer ein jo varslingslyden, men her høyrer me ikkje den. Klokka 7 om morgonen kan salva gå av. Då får du ein heftig start på dagen, for å seia det slik, seier han.

– Eg hadde lyst å skjella ut nokon

Ryfast

BANER VEG: Vegvesenet har gravd seg inn frå motorvegen E39 i Stavanger.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Sprengingsarbeidet i Ryfast- og Eiganestunnelane er godt i gang, og frå området ved motorvegen i Stavanger strekk tunnelane seg no 300 og 500 meter inn under husa på Våland.

– I går sprengde dei rundt klokka 23 på kvelden. Eg slappa av og såg på TV, så då skvatt eg skikkeleg. Eg vart forbanna, og hadde lyst å ringa nokon for å skjella dei ut, seier Tore Haaland.

Slik er det fleire gonger for dagen hjå dei som bur over tunnelane i Ryfast-arbeidet.

SJÅ VIDEO: Denne lysekrona i ei stue på Våland ristar godt når Ryfast-dynamitten går av. Foto: Harald Ebeltoft.

«Ta litt omsyn og gi folk litt fred»

Karstein Sandvik, HMS-ansvarleg for entreprenørane, seier at det er fleire som har gjort ord av handling, og sendt svar til ei SMS-teneste dei tilbyr for å varsla sprengingane.

Ryfast-sprenging Eiganestunnelen

SPRENGSTOFF: Her festast dynamitten, 18 meter under jorda.

Foto: Statens vegvesen

– Klokka 21.42 onsdag: «No må de ta fri snart!» og 22.57 torsdag: «Djesus! Ta no litt omsyn på nettene! Håpar dette er siste på nettene! Ta litt omsyn og gi folk litt fred», les Sandvik frå telefonen sin.

– Sprengingane er forsvarlege, men kan nok opplevast ubehagelege. Me skal prøva å sprengja oss hurtig forbi. Me tek fire meter og 70 centimeter på kvar salve, så me håpar at me kan forlata området og ikkje belasta folk alt for mykje, seier Sandvik.

våland

– Som å bu i tunnelen

Svenske Emil Carlsson bur i kjellarleilegheita til Tore, og kjenner arbeidet endå betre på kroppen.

– Det kjenner ut som om me skal hamna ned i tunnelen. Det bråkar ganske mykje, seier Carlsson.

(Målingar etterpå viste at denne sprenginga berre var 14 prosent av maks tillatne rystelsar. Kvelden før gjekk det ei salve som var 85 prosent av maksverdien.)

Inviterer folk inn i tunnelen

På søndag har entreprenørane JV Bilfinger og Stangeland, i samarbeid med Statens vegvesen, invitert til open dag for publikum som ønskjer å sjå korleis det ser ut nede i Eiganestunnelen.

– Folk kan koma inn i tunnelen. Det blir guide frå Statens vegvesen og ein finsk anleggsleiar som skal forklara litt om tunnelbygging, seier Karstein Sandvik, HMS-ansvarleg for entreprenørane.

Eiganestunnelen

OPEN DAG: Det blir open dag i Eiganestunnelen på søndag med omvising og presentasjon i tunnelen.

Foto: Statens vegvesen