NRK Meny
Normal

– Eit lykketreff at ingen blei skadd

Store steinar trefte eit nabohus etter eit sprengingsuhell på Hundvåg.

Store steinar trefte eit nabohus etter eit sprengingsuhell på Hundvåg.

VIDEO: Desse steinane hamna i hagane på Hundvåg da sprengringen i forbindelse med Ryfast gjekk gale. Foto: Ole Andreas Bø/NRK.

Klokka 17:25 fekk politiet melding om eit sprengingsuhell, i forbindelse med Ryfast-utbygginga, på Hundvåg.

Sprenginga skjedde utanfor tunnelopninga på Hundvåg, og stein spruta mot busetnad.

Eit hus blei treft av fleire steinar, og fekk skader på tak og ein vegg, men ingen personar blei skadd.

Skremde naboar

Lise Emberland var ein av naboane som fekk stein inn i hagen.

Sprengingsuhell

SPRENGINGSUHELL: Dette huset blei treft av fleire steinar, og fekk skader på tak og ein vegg, men ingen personar blei skadd.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det kom eit skikkeleg smell. Eg var inne, vart skikkeleg skremd, og skreik til. Så kom naboen og sa at eg måtte koma ut og sjå, fordi det var stein i hagen.

Ho synst det er nifst at det har skjedd i eit nabolag med mange ungar.

– Her er det mange små barn, som ofte er ute og leikar, ikkje minst på ein godversdag som i dag. At ingen har blitt skadd er berre eit lykketreff, fordi det var mange steinar, og dei kom med veldig kraft, seier Emberland.

Svært alvorleg

– Dette er svært alvorleg, og det er sånn som absolutt ikkje skal skje, me er berre veldig glad for at ingen blei skadd, seier Gunnar Eiterjord, prosjektleiar for Ryfast.
Det er entrepenør AF Decom som har ansvaret for sprengingsarbeidet.

– Det er veldig beklageleg at dette har skjedd, men heldigvis blei ingen skadd, seier Kjell Marvin Lavik, prosjektleiar i AF Decom.

Uhellet blir ikkje teke lett på, og no blir det intern gransking.

– No må me gå gjennom med dei involverte kva som har skjedd, for å unngå at det skjer igjen, seier Lavik.

Politiet og arbeidstilsynet er varsla og dei skal no gå gjennom prosedyrane og etterforske saka. Alt sprengingsarbeid blir stansa fram til ein veit årsaka til uhellet.

Flere nyheter fra Rogaland