Hopp til innhold

Trollpikken skal stå oppreist på fredag

«Operasjon Trollpikken» er i gong i Eigersund.

Trollpikken før og etter

Trollpikken slik den såg ut før og etter hærverket.

Foto: Kjetil Bentsen/Mathias Oppedal

Då den nyaste turistattraksjonen i Eigersund vart funnen avkappa i slutten av juni, var svaret frå lokale entusiastar og entreprenørar klart – Trollpikken skulle opp og stå igjen.

No er det ikkje mange dagane før det blir ein realitet.

Må bruka spesialutstyr

Steinen veg heile ti tonn, og difor trengst det spesialutstyr for å få den opp igjen.

I dag blir ein steinbukk som er 2,2 tonn tung, og ti meter høg, sveisa på verftet til Aker Solutions i Eigersund. I morgon skal den bli flydd inn i delar med helikopter til staden der den avkappa steinen ligg.

– Steinbukken skal monterast på torsdag. På fredag morgon skal dei begynna å heisa opp steinen, og han skal vera på plass rundt lunsjtider same dag, seier Sverre Garpestad, entreprenør i firmaet Bertelsen og Garpestad.

Jernkiler i steinblokka, hol i fjellveggen, lim og sement skal sørga for at steinen held seg på plass.

Kan bli ein stor turistattraksjon

Då den spesielle steinformasjonen vart funnen øydelagd blei det omtala i aviser verda over. Fagfolk på marknadsføring har uttalt at dette er reklame verd fleirfaldige millionar, og at det kan bidra til å gjera Trollpikken til eit nytt stort turistmål.

Og no kan altså turistar høgst truleg få tatt bilete på Trollpikken alt i helga.

– Det kan gå fort viss alt går greitt, seier Garpestad.

For han ligg det stolheit i å gjenreisa Eigersund sin nye store attraksjon.

– Me kunne ikkje vore entreprenørar i Eigersund og seia at me ikkje fekk dette til. Me måtte gjera dette for oss sjølve, og ikkje minst for byen, seier entreprenøren.

Etterforskar saka

Hærverket på Trollpikken har blitt ei politisak. Det blei brukt boremaskin og meisel for å kappa av den store steinblokka, og hærverket kan vera straffbart. Ein person er mistenkt, men ingen er så langt sikta i saka.

Flere nyheter fra Rogaland