Trafikk i Kannik
Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Trafikk: Stavanger

Oppsummert

  • Kø og kollisjon på Solasplitten

    To bilar kolliderte ved avkøyringa til Solasplitten i 22.30-tida, torsdag kveld. Resultatet blei ein god del kø i området. Politiet tok førarkortet frå den eine bilføraren. Ingen blei skadde i ulukka.

  • Køyrde på MC i Byhaugtunnelen

    Ein motorsykkelførar blei påkøyrd og fekk truleg brot i ankelen i natt. Ulukka skjedde då ein personbil køyrde på han i rundkøyringa nord for Byhaugtunnelen i Stavanger rett etter midnatt. Politiet tok førarkortet til bilføraren.

    motorsykkel parkert natt
    Foto: Heidi Karin Gilje Skog