Ikkje lenger behov for å stenge E39-tunnelar
Tidlegare i ettermiddag bad Vegvesenet folk venta med å køyre nordover frå Stavanger, men oppmodinga er nå ferdig. Årsaka var at trafikken nordover var så stor at det danna seg lange køar mot Mortavika, kor ferjesambandet over Boknafjorden startar. Byfjordtunnelen og Mastrafjordtunnelen var i periodar stengde, fordi ein ikkje vil ha kø inne i undersjøiske tunnelar.