Politi og brannbil
Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Politi- og brannlogg (Rogaland)

  • Trafikkulukke i Haugesund

    Litt over klokka to i dag vekk politiet melding om ei trafikkulukke på Skjoldavegen i Haugesund. Ein moped og ein bil hadde kollidert. Føraren av mopeden hadde smerter i den eine armen. Han blei tatt med til legevakta med ambulanse. Føraren av bilen blei meld til politiet. Men det er ikkje tatt beslag av førarkortet.

  • Syklist til sykehus etter ulykke

    Syklisten som var involvert i en trafikkulykke i Gjesdal, er fløyet til Stavanger universitetssjukehus med luftambulansen. Ifølge politiet var mannen, som er 58 år, våken da han ble tatt med til sykehuset.

  • Sykkelulukke i Gjesdal

    Ein 58 år gamal mann er frakta til Stavanger universitetssjukehus med luftambulanse, etter ei sykkelulukke på Ålgård. Mannen skal ha ramla av sykkelen. Det er ikkje kjent kor alvorlege skadene er, men han var vaken då han blei frakta til sjukehuset.