Hopp til innhold

Tilsett på fødeavdeling i Stavanger smitta av korona

Ein tilsett ved fødeavdelinga på Stavanger universitetssjukehus (SUS) er smitta av korona. Sjukehuset stenger difor den eine av to fødeavdelingar.

Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne og smittevernoverlege Jon Sundal ved SUS held pressekonferanse om koronasmitte ved SUS

PRESSEKONFERANSE: Administrerande direktør ved Stavanger universitetssjukehus Inger Cathrine Bryne saman med smittevernoverlege Jon Sundal.

Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne orienterte om saka på ein pressekonferanse sundag kveld.

– Vedkommande var ein del av et reisefølgje på seks personar. Fem av dei er tilsette på SUS, alle ved Kvinneklinikken, seier Bryne.

Ho presiserer at dei tilsette ikkje har vore i eit område som av styresmaktene er definert som eit område med såkalla «vedvarande smittespreiing». Dei seks var i Austerrike.

– Dei har ikkje brote retningslinene, seier ho.

Stenger ei fødeavdeling

Dei fire andre SUS-tilsette er eller skal bli testa. Medarbeidarane har vore på jobb i to dagar etter at reisa blei avslutta, ifølgje Bryne.

– Dermed sett vi nå i verk drastiske tiltak for å stoppe ein eventuell spreiing, seier ho.

Stavanger universitetssjukehus (SUS)

I KARANTENE: Helsepersonell fleire stader i Noreg er i karantene på grunn av korona. Etter smittetilfellet på fødeavdelinga i Stavanger er det nå 50 SUS-tilsette som ikkje går på jobb.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Eitt av tiltaka er å stenge den eine av to fødeavdelingar ved SUS.

– Den som vedkommande har vore på, blir stengt. Vi skal berre bruke den andre fødeavdelinga. Eige personell skal vareta dei fødande på avdelinga den smitta ikkje har jobba på, seier Bryne.

Fødeavdelinga som den smitta har vore på, og alle andre stader vedkommande har vore på sjukehuset, skal nå bli vaska ned.

Helsepersonell i karantene

Frå før var 25 SUS-tilsette i karantene. Samstundes er det 25 nye medarbeidarar som har vore i kontakt med medarbeidaren som nå har testa positivt. Dermed er nå 50 SUS-tilsette i karantene.

– Vi vil understreke at det er trygt å komme til SUS for å føde, legg direktøren til.

Frå før er det påvist smitte hos helsepersonell ved fleire institusjonar i Noreg. Tidlegare sundag blei det kjent at 39 tilsette ved Sunnaas sykehus på Nesodden er sett i heimekarantene etter at ein tilsett hadde testa positivt på koronaviruset.

Ved Ullevål sykehus var 300 tilsette i karantene på grunn av smitte hos sjukehustilsette tidlegare denne veka. Sist sundag kom Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet med nye råd til helsepersonell.