Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.
Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.
Ein intern svikt hos Helse Stavanger har ført til at to personar med positivt prøvesvar fekk beskjed om at prøvane var negative. Samstundes fekk ein person med negativt prøvesvar først beskjed om at prøven var positiv.
Klinikksjef ved Stavanger universitetssjukehus, Hans Tore Frydnes, beklagar det som har skjedd.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKDet var tysdag morgon to personar som eigentleg var smitta av koronaviruset fekk beskjed om at dei ikkje var smitta. Onsdag kveld kom kontrabeskjeden.
Kom frå Nord-Italia
Ifølgje pressemeldinga har truleg ikkje fleire personar blitt utsett for smitte som følgje av feilen.
– Dei to personane har vore i karantene sidan dei kom heim frå ferie i Nord-Italia. Det viser at retningslinjene frå Folkehelseinstituttet fungerer, seier klinikksjef Hans Tore Frydnes.
På sjukehuset har dei nå gått gjennom andre prøvar, for å forsikra seg om at feilen ikkje har skjedd fleire gonger.
Samstundes skriv dei at feila som er avdekte har ført til at rutinane på sjukehuset nå har blitt skjerpa.
– Me er leie oss for at dette har skjedd og beklagar til personane det gjeld. Me har gode system for prøvetaking i Helse Stavanger. Men i dette tilfellet har det skjedd ein intern svikt ved at nokre prøvar hadde blitt byta om, seier Frydnes.
– Det er ekstra ubehageleg at dette skjer midt i dette utbrotet som samfunnet opplever, seier han.
Oppdaga etter kontroll hos FHI
Det var då sjukehuset rutinemessig sende det dei trudde var ein positiv koronaprøve til Folkehelseinstituttet, at forvekslinga blei oppdaga.
– Me fekk beskjed om at det prøven var negativ. Då me skulle sjekka ut dette oppdaga me at det var ei forveksling, og at me hadde to positive prøvar, seier Frydnes.