Hopp til innhold

Undersøker om straumstans er forårsaka av dataangrepet

Like før klokka fire i natt blei Hydro sitt aluminiumsverk på Karmøy ramma av straumstans. Det er sett ned ei gruppe som skal finna årsaka.

Hydro Karmøy

Karmøy-anlegget sysselsett rundt 500 personar, og støyper pressbolt og aluminiumstråd. Ingen personar blei skadde då anlegget mista straumen.

Foto: Hydro

I dag melde Hydro på sine eigne nettsider at aluminiumsverket deira på Karmøy klokka 03.50 blei ramma av ein straumstans. Dei har nå fått tilbake straumen, men med ein lågare straumstyrke enn normalt.

Årsaka til straumstansen er ennå ikkje kjent, men Hydro har allereie sett i gang eit arbeid for å finna utav dette, opplyser dei.

Prøver å finna årsaka

Det er berre to veker sidan konsernet blei utsett for eit alvorleg dataangrep, som ramma delar av drifta. Angrepet kan ha kosta Hydro 350 millionar kroner.

– Har straumstansen i natt noko med dataangrepet å gjera?

– Det er for tidleg å seia noko som helst om det nå. Det er likevel naturleg at me har sett ned ei gruppe som skal sjå på kva årsaka er, seier Øyvind Breivik, kommunikasjonssjef i Hydro.

Ein veit ennå ikkje kven det var som stod bak dataangrepet, som nå blir etterforska av Kripos.

Ser Hydro på dataangrepet som avslutta?

– Me jobbar med å normalisera IT-drifta i Hydro, og det vil ta litt tid før me er tilbake i normal drift, seier Breivik.

Avlyste dataangrep-intervju

Meldinga om straumstansen kom same dag som NRK hadde ein intervjuavtale med Hydro Karmøy. Konsernet skulle fortelja om korleis dei takla dataangrepet 19. mars. Denne avtalen blei avlyst av Hydro i dag tidleg.

Dei opplyser at fabrikksjefen, og dei andre som skulle intervjuast, er opptekne med å handsama straumsituasjonen.

Breivik seier at dei jobbar for å koma tilbake i normal drift.

– Organisasjonen vår er trent for å takla situasjonar som dette. Fokuset vårt nå er å normalisera drifta på ein trygg og god måte.