Hopp til innhold

Ordføraren i oljebyen brukar aldri ordet sjølv

Oljehovudstaden eller oljebyen. Desse namna vil Stavanger no kvitte seg med til fordel for energihovudstad. Eksperten kallar det grønvasking.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

OL-byen, festspelbyen og ekstremsportbygda. Og oljebyen.

Du veit kva byar og bygder alle desse kallenamna skal representere. Men energihovudstaden – kven er det?

– Brukar du ordet oljehovudstaden nokon gong om Stavanger?

– Aldri, seier ordførar Kari Nessa Nordtun.

Kari Nessa Nordtun

Kari Nessa Nordtun har ikkje teke ordet oljehovudstaden eller oljebyen om Stavanger i sin munn etter ho vart ordførar.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Men kva ord brukar du om byen din då?

– Energihovudstaden Stavanger, seier Ap-ordføraren.

Kallar ein spade for ein spade

Berre når ho pratar om siddisbyen si historie, nyttar Nordtun ord som oljebyen og oljehovudstaden. Ho meiner dei ikkje lenger passar til Noregs fjerde største by.

– Det næringslivet vi har i regionen i dag er so mangfaldig, og det skjer so mange satsingar no, også innanfor fornybart, at vi må kalle ein spade for ein spade og seie at vi er energihovudstaden.

Ho meiner at dei store selskapa som i dag håvar inn på petroleumsnæringa er i ei omstilling, og at grøn teknologi og utdanning vil prege Stavanger i tida som kjem.

– Handlar dette og om at de leitar etter eit nytt og grønare image?

– Nei, som sagt, det er å kalle ein spade for ein spade, seier Nordtun.

Arrangerer eigen konferanse

Denne veka vert Energihovudstadskonferansen 2021 arrangert i Stavanger.

Saman med kommunen er Harald Minge, direktør i Næringsforeininga i Stavanger, sentral i arbeidet for å døype om den gamle oljebyen.

– Vi rasar jo av garde mot ei grøn omstilling, seier Minge.

– Men er det mogleg å få resten av landet til å bruke namnet energihovudstad?

– Ja, det trur eg. Mange gjer jo det allereie. Det er jo ei konstatering av den utviklinga som allereie er i gang i regionen, i Noreg og i verda, svarar Minge.

Harald Minge

Harald Minge håpar at Stavanger vil skape grøne assosiasjonar og er med å leie eit eige prosjekt som skal fremje nett det.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Trur du vi vil kalle Stavanger energihovudstad framover?

Kallar det grønvasking

– Stavanger vil alltid vere kjend for å vere oljebyen, seier Trond Blindheim.

Han er omdømeekspert og dosent ved Institutt for marknadsføring på Høgskulen Kristiania.

Han meiner for det første at Stavanger vil slite med å skifte klengenamn, men også at dei eigentleg ikkje treng det.

– Olje og gass knyt det seg veldig positive assosiasjonar til, i og med at det er olja og gassen som har gjort Noreg steinrikt, seier Blindheim.

Han meiner det er å pynte seg med lånte fjør å kalle seg energihovudstad, og trur ikkje folk vil ta til seg det nye namnet på den gamle oljebyen.

– Eg vil sei det nesten er umogleg, seier Blindheim.

Trond Blindheim

Trond Blindheim meiner ikkje oljehovudstaden er noko negativt; – Alle veit at det er Stavanger. Og det er ikkje alle byar som kan smykke seg med ei slik merkevare. Stavanger er oljebyen, og det er berre positivt.

Foto: Høyskolen Kristiania

Meiner ein må vere stolte av olja

Roy Steffensen har vore stortingsrepresentant for Rogaland Frp dei siste åtte åra. Han meiner det er uheldig å forsøke døype om fylkeshovudstaden.

– Det er eit signal om at vi aksepterer premissane til dei som heile vegen har prata ned oljenæringa og som meiner det er noko syndig og umoralsk å drive med.

Han meiner også ei namneendring er grønvasking og at det er noko byen og regionen ikkje treng drive med.

Steffensen seier han delar ordføraren og næringas ambisjonar om satsing på hydrogen, havvind og grøn teknologi.

– Men eg tykkjer at det må gå an å samstundes vere stolte av at vi er ein oljenasjon og at vi er oljehovudstaden, seier Steffensen.

Roy Steffensen

– Oljenæringa har trass alt bidrege til å skape Stavanger og fylket vårt til det det er, seier Roy Steffensen (Frp).

Foto: Ole Andreas Bø / NRK