Hopp til innhold

Han er sikker på at bensinstasjonane ikkje finst om få år

– Har allereie begynt å kalla oss «energistasjon», seier Esso-forhandlar.

Allereie om 10-15 år trur Ole Marius Løberg vi seier at vi skal kjøpe ei pølse på energistasjonen i staden for på bensinstasjonen.

NAMNEENDRING: Allereie om 10–15 år trur Ole Marius Løberg vi seier at vi skal kjøpe ei pølse på energistasjonen i staden for på bensinstasjonen.

Foto: sofie retterstøl olaisen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Allereie i 2035 vil EU forby sal av bensin- og dieselbilar, mens den norske regjeringa har eit mål om alle personbilar som skal seljast i Noreg skal vere utsleppsfrie frå 2025.

Det gjer at vi treng eit nytt ord i vokabularet vårt.

Snart kjøper du kanskje ikkje diesel og grillpølse på bensinstasjonen, men på energistasjonen.

– Eg vil allereie seie at eg driv ein energistasjon, seier Ole Marius Løberg, dagleg leier av Esso Rønvik i Bodø.

Energistasjon meir treffande

Han synest energistasjon er eit mykje meir treffande namn – det han leverer er jo energi.

– Vi leverer meir enn berre bensin. Vi har drivstoff til kropp og sjel i form av mat og drikke, og ikkje minst så har vi straum til elbilkundar.

– I tillegg til bensin og diesel, legg Løberg til.

Sjølv har han sagt at han driv ein energistasjon sidan 2019, då han overtok Esso Rønvik og installerte elbilladarar.

Han trur namnet bensinstasjon kjem til å henge igjen ei stund til, men seier bransjen allereie har byrja å leggje om.

Inger-Lise Melby Nøstvik

Inger-Lise M. Nøstvik i Drivkraft Noreg.

Foto: Norsk petroleumsinstitutt

Det er også Inger-Lise M. Nøstvik, generalsekretær i Drivkraft Noreg, samd i.

Ho er også ein av dei som jobbar for å få ordet energistasjon inn i språket vårt.

Ho seier ordet energi reflekterer at det er ulike energiformer.

– Energien som vert selt på bensinstasjonane er i endring frå berre fossilt brensel til flytande fornybar bensin og diesel, straum frå ladepunkt og andre fornybare alternativ etter kvart som dei vert aktuelle, seier Nøstvik.

Drivkraft Noreg heitte tidlegare Norsk Petroleumsinstitutt.

Ole Marius Løberg

Løberg har kalla det han driv ein energistasjon sidan 2019. I år vart «bensinstasjon» bytta ut med «energistasjon» på ein del av bedriftspapira.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Ein tilsløring av verkelegheita

Språkvitar Sylfest Lomheim har ikkje noko imot ordet.

– Viss det er ein stasjon som tilbyr både å lade elbilar og å fylle bensin, så er det rimeleg å kalle det ein energistasjon.

Språkprofessor Ruth Vadtvedt Fjeld synest på sin side ikkje namneendringa er ein god idé.

Språkforsker Ruth Vatvedt Fjeld

Fjeld fortel at det var rabalder i språkmiljøet både då Statoil endra namn Equinor og då Statoils bensinstasjonar vart heitande Circle K. – Det passar godt inn i det mønsteret. Å kalle det energistasjon gjer ikkje stasjonane meir rettferdige eller berekraftige.

Foto: Sara Vilde Solås/NRK

– Det er eit ord for å tilsløre, slik ein gjer når noko er på grensa til å vere tabu, meiner ho.

Fjeld er leksikograf og har tidlegare mellom anna vore språkkonsulent i NRK og redigert fleire ordbøker. Ho har ikkje funne ordet energistasjon i nokon av dei norske ordbøkene, og heller ikkje i dei nordiske.

Ordet energi kjem frå latin og betyr eigentleg kraft. Fjeld meiner det er eit ord vi assosierer med noko positivt.

– Men kraftstasjon er jo noko anna, difor kunne dei ikkje kalle det det, seier leksikografen.

Professoren peikar på at bensinstasjonane er eit ledd i forureininga, og trur namneendringa kan vere eit forsøk på å grønvaske næringa.

– Det er eit ord som dekkjer over kva det eigentleg er, seier Fjeld.

– Drivstoffstasjon hadde vore betre, eller tankstasjon som er eit anna ord for bensinstasjon i Danmark og i Tyskland.

Så du trur ikkje at vi kjem til å seie energistasjon om nokre år?

– Om dei ikkje gjer noko for at vi skal endre assosiasjonane vår kjem vi nok til å snakke om å dra på bensinstasjonen mykje lengre, men om dei spyttar i ein del pengar kan pipa få ein annan lyd, bokstaveleg talt.

Ho legg til at både på svensk og dansk brukar dei ord som liknar det norske bensinstasjon, og ser ingen grunn til at Noreg skal vere annleis.

Støttar namneendringa

Lomheim ristar på sin side på hovudet.

– Det går ikkje an å kalle det bensinstasjon dersom de tilbyr både bensin og el-ladning

Det har skjedd mange gonger det at vi har bytta ut et ord med et anna, når realiteten blir forandra. Ta ordet avis, som har gått frå papiravis til digital avis, fortset han.

– Det å forandre ord når realiteten blir forandra, det er ein grunnmekanisme i all språkutvikling.

Trur du vi vil seie «energistasjon» i framtida?