I dag må vasskraftprodusentane skatta 59 prosent. Det er tre gonger meir enn til dømes vindkraftselskapa.
Årsaka er grunnrenteskatten, ein ekstraskatt for næringar som tener på å bruka naturressursane.
I dag gjeld dette vasskraft og oljeutvinning.
I statsbudsjettet foreslår regjeringa å gjera grunnrenteskatten for vasskraft om til ein kontantstraumskatt med umiddelbart frådrag for nye investeringar.
Det gjer at kraftføretaka kan utgiftsføra nye investeringskostnadar same året som investeringane blir gjort, heller enn å avskriva det over fleire tiår.
Dette vil gi kraftføretak betydeleg betalingsevne og legg til rette for lønnsame investeringar, ifølge regjeringa.
Stort behov for oppgraderingar
Mykje vasskraft i Noreg er bygd ut mellom 1950 og 1990, og det er eit stort behov for oppgraderingar.
– Dette er eit kraftfullt forslag som gjer at me får nye investeringar i vasskrafta i åra framover, sa olje- og energiminister Tina Bru (H) då ho la fram statsbudsjettet hos energiselskapet Lyse i Stavanger.
Ifølge Bru gjeld dette både nye kraftverk og opprusting og utviding av eksisterande. For 2021 er det rekna til 800 millionar kroner, fordi selskapa vil betala mindre skatt i åra dei investerer.
«Skrekkeksempelet»
Ifølge energiselskapet Lyse i Rogaland er Jøssang kraftverk på Jørpeland «skrekkeksempelet» på korleis dagens skattesystem hemmar oppgraderingar.
Det middels store kraftverket i Rogaland produserer straum til om lag 5000 husstandar. Jøssang blei oppgradert og sett i produksjon i 2010. Men etter fornyinga har fallande kraftprisar gjort at kraftverket har gått med underskot i fleire år.
I 2018 var underskotet på 8,8 millionar kroner. Likevel måtte kraftselskapet same år betala 8 millionar kroner i skattar og avgifter til staten.
Lyse er positive til at regjeringa nå tar grep, men jubelen står likevel ikkje i taket.
– Dette er eit godt første steg, men ikkje ei løysing bransjen har bede om. Nå håpar me på ytterlegare forbetringar når saka skal behandlast i Stortinget, seier administrerande direktør i Lyse produksjon, Bjørn Honningsvåg.
– Utsett skattebetalinga
Heller ikkje NTE er heilt fornøgde med det regjeringa har lagt fram.
– Det vi får no er eit forslag der vi utsett skattebetalinga. Fordelen er at vi får meir pengar i starten, og betalar tilbake på slutten, seier konsernsjef i NTE, Christian Stav.
Dei er glade for at det ikkje kom forslag om å auke vasskraftskattlegginga, som dei har vore vande med dei siste åra.
– Om vi skal gjere noko med klimautfordringane, treng vi meir fornybar energi. Opprusting og utviding av eksisterande vasskraftverk er ein veldig viktig del av det, seier Stav.
Ifølge han er produksjonen av fornybar energi basert på vasskraft framleis næringa i Noreg som er tøffast og hardast skatta.
Frp: – Veldig gledeleg
Like før sommarferien blei det klart at det er politisk fleirtal på Stortinget for å møta krava til vasskraftselskapa.
Framstegspartiet står bak forslaget om å om eit skatteregime som gjer det realiserbart med meir vasskraft og større utbyggingar som lønar seg.
Dei er derfor glade for at regjeringa følgjer opp i sitt forslag til statsbudsjett.
– Dette har ikkje vore blant regjeringa sine prioriteringar tidlegare. Endringa bidreg til auka investeringar, og auka kraftproduksjon er positivt, seier stortingsrepresentant Terje Halleland (Frp).
130 prosjekt står klare
NHO er også blant dei som har kjempa for skatteendringane.
Dei viser til at norsk kraftbransje har 130 prosjekt som kan investerast i dersom oppgraderingane blir lønsame.
– NHO synst det er positivt at regjeringa tar tak i utfordringane. Dessverre blir ikkje utfordringa med grunnrenteskatten løyst. Vasskraft blir framleis ekstra hardt skattlagd, seier regiondirektør i NHO Rogaland, Tone Grindland.
Omlegging av skattesystemet for vasskraft vil kunna utløysa investeringar for over 20 milliardar kroner i eksisterande vasskraftverk og sysselsetja 12.000 årsverk i byggefasen, ifølge berekningar frå Thema Consulting Group.
Analysen viser også at dei samla inntektene til det offentlege vil auka.
LO-forbundet Industri Energi organiserer dei som jobbar i kraftkrevjande industri.
– Me treng å nytta vasskrafta fullt ut. Dette er bra for kraftbransjen, industrien og arbeidsplassane i Noreg, seier forbundsleiar Frode Alfheim.