Kraftverk går med underskot – får likevel skattesmell på fleire millionar kroner

JØRPELAND (NRK): Dette kraftverket er «skrekkeksempelet» på korleis skattesystemet hemmar oppgraderingar av vasskraftverk, ifølge energiselskapet Lyse.

Jøssang kraftverk

KREV MINDRE KRAFTSKATT: Jøssang kraftverk på Jørpeland produserer straum til om lag 5000 husstandar. Men skattereglane gjer at det ikkje svarer seg med oppgraderingar, ifølge Lyse. F.v. Tone Grindland (NHO Rogaland), Irene Heng Lauvsnes (ordførar i Strand), Terje Halleland (Frp) og Bjørn Honningsvåg (Lyse).

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Jøssang kraftverk på Jørpeland i Rogaland blei oppgradert og sett i produksjon av Lyse i 2010.

Kraftverket er middels stort og produserer nok straum til om lag 5000 husstandar.

Men etter fornyinga har fallande kraftprisar gjort at kraftverket har gått med underskot i fleire år. I 2018 var underskotet på 8,8 millionar kroner.

Likevel måtte kraftselskapet same år betala 8 millionar kroner i skattar og avgifter til staten.

– Skattesystemet i dag legg ikkje til rette for at me skal oppgradera vasskrafta i Noreg. Mange kraftverk er nå 50 år gamle og må fornyast. Det er ikkje mogleg med dagens skattesystem, seier administrerande direktør i Lyse produksjon, Bjørn Honningsvåg.

– Lønnsamt å modernisere vasskraft

Grunnrenteskatten er årsaka til at kraftverk som går i minus risikerer høgt skattetrykk. Dette ein ekstraskatt som blir pålagd næringar som tener på å bruke ressursane i fellesskapet, og den kjem i tillegg til vanleg selskapsskatt på eventuelt overskot.

I dag gjeld dette vasskraft og oljeutvinning.

Vasskraftprodusentane skattar derfor 59 prosent, tre gonger meir enn til dømes vindkraftselskapa som berre betaler ordinær selskapsskatt på 22 prosent.

Leif Lia, professor i vasskraft ved NTNU har tidlegare sagt til NRK at grunnrenteskatten er ei god ordning, men at ho i hovudsak er tilpassa nedbetalte vasskraftanlegg og lite eigna for nye anlegg som er belasta med store kapitalkostnader i starten.

Han meiner modernisering av vasskraftverk kan gi minst like mykje straum som alle Noregs ferdigbygde og påbyrja norske vindkraftverk til saman.

NHO: – Straffar den grønaste næringa

Bjørn Honningsvåg

Administrerande direktør i Lyse produksjon, Bjørn Honningsvåg.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Lyse er ein del av ein allianse på 21 organisasjonar som meiner det er på høg tid å oppgradera gamle vasskraftverk. Kravet til regjeringa er å endra grunnrenteskatten (sjå faktaboks) i statsbudsjett for 2021.

Budsjettforhandlingane skjer denne veka og regjeringa legg fram sitt budsjettforslag 7. oktober.

NHO er blant dei som stiller seg bak kravet. Dei viser til at norsk kraftbransje har 130 prosjekt som kan investerast i dersom oppgraderingane blir lønsame.

– I Noreg i dag straffar me den grønaste energien me har. Derfor må skattereglane endrast slik at me kan pussa opp vasskraftverk som på Jørpeland, seier regiondirektør for NHO Rogaland, Tone Grindland.

Politisk fleirtal for endringar

Like før sommarferien blei det klart at det er klart politisk fleirtal på Stortinget for å møta krava til vasskraftselskapa, og fredag blei det klart at Distrikts-Høgre krev endringar i kraftskatten i statsbudsjettet i haust.

Terje Halleland

Stortingsrepresentant Terje Halleland (Frp).

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Framstegspartiet har lagt fram eit representasjonsforslag (sjå faktaboks).

– Me vil utfordra regjeringa på å få til eit skatteregime som gjer det realiserbart med meir vasskraft og større utbyggingar som lønar seg, seier stortingsrepresentant Terje Halleland (Frp).

Statssekretær Magnus Thue (H) seier til NRK at regjeringa vil vurdere alle spørsmål om skattar og avgifter i budsjettet som kjem til hausten.

På Sørlandet fekk Agder Energi i dag besøk av representantar frå regjeringspartiet KrF. Dei gav klar beskjed om at dagens skattesystem hemmar omstilling.

– For å kunne nå vår nasjonale målsetting om eit fullt ut fornybart samfunn, er me heilt avhengig av å utnytta den ressursar vasskrafta representerer på ein betre måte enn me gjer i dag, seier stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan (KrF), ifølge ei pressemelding frå Agder Energi.

Steinsfoss kraftstasjon

Steinsfoss kraftstasjon i Vennesla produserer straum tilsvarande forbruket til om lag 28.000 husstandar. Kraftstasjonen har behov for rehabilitering som sikrar framtidig produksjon. F.v. fylkesvaraordførar i Agder, Bjørn Ropstad (KrF), Vennesla-ordførar Nils Olav Larsen (KrF) og konserndirektør for produksjon i Agder Energi, Jan Tore Tønnessen.

Foto: Kjell Inge Søreide / Agder Energi

Åtvarar mot skattedraum

Omlegging av skattesystemet for vasskraft vil kunna utløysa investeringar for over 20 milliardar kroner i eksisterande vasskraftverk og sysselsetja 12.000 årsverk i byggefasen, ifølge berekningar frå Thema Consulting Group.

Analysen viser også at dei samla inntektene til det offentlege vil auka.

Men tidlegare NVE-sjef Per Sanderud åtvarar mot kraftbransjens sin skattedraum. Det er ikkje lurt å gjera det sånn som bransjen sjølv vil, meiner han.

– Eg trur det er lurt å kikka litt på rapporten vår før alle kompromiss blir laga. Så få me håpa dei gjer fornuftige ting, seier Sanderud til NTB.

Han leia regjeringa sitt ekspertutval om skattesystemet for kraftbransjen og fryktar politikarane endar opp med endringar som oppmuntrar bransjen til investeringar som ikkje er samfunnsøkonomisk lønsame.

Ordførar : – Betydeleg verdi med kraftselskap

Spørsmålet blir også om energiselskap som Lyse, med milliardoverskot og rekordutbyte til eigarkommunane, kunne brukt inntekter frå andre delar av selskapet til å oppgradera gamle kraftverk.

– Lyse, som er eigd av 14 kommunar, skal driva lønsam forretning og gi avkastning slik at våre eigarar kan omsetja det til god velferd ute i kommunane. Det er ikkje mogleg slik skattesystemet er i dag, meiner Bjørn Honningsvåg i Lyse.

Strand kommune, der Jøssang kraftverk ligg, er blant dei 14 eigarkommunane.

– Kommunen får eit utbyte av overskotet, så for oss har det ein betydeleg verdi at me har eit lønnsamt kraftselskap, seier ordførar i Strand, Irene Heng Lauvsnes (H).

Samla sett eig norske kommunar, fylkeskommunar og staten om lag 90 prosent av produksjonskapasiteten i kraftsektoren.