Hopp til innhold

Slik vil kjøtbransjen kapre fleksitarianarane

«Mjølk» utan mjølk og «kjøt» utan kjøt. Matindustrien i Noreg har sett inn støyten i kampen om dei grøntsvoltne kundane, men dei har dårleg tid. Framleis kjem dei fleste produkta frå andre land.

Vegetarburger

Vegetarburgar slik du får han servert på Munchies i Oslo. Burgaren er av merket beyond Meat, ein produsent frå USA. Marknaden for slike produkt veks for kvart einaste år, men framleis er det fleire utanlandske enn norske varer.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

For kvart år forskarar spør folk om kva dei vil ete, svarar fleire at dei vil ete mindre kjøt. I nokre miljø er det fire av ti. Det er heva over ein kvar tvil at det er ein marknad for mat utan kjøt, òg hos folk som et kjøt.

Den marknaden vil den norske bransjen ha ein del av.

Den norske kjøtbransjen.

Men dei er ikkje kome heilt i gang.

– Dette toget går nå, og det går kjempefort, seier Øyvind Fylling-Jensen, direktør i forskingsbedrifta Nofima.

For tal NRK har fått, tyder på at vegetarmatmarknaden blir meir enn 20 prosent større kvart einaste år. Men førebels er det nesten ikkje norske kjøterstattarar å oppdrive i butikkhyllene og frysediskane. Nokre burgarar, pølser, nuggets og slikt. Ein fløyte. Litt deig. Det er alt.

Sjølvsagt finn du heilnorske produkt som veganar kan ete. Alt som veks i jorda.

Men vi kjem ikkje til å skrive om alt det denne gongen. Nå skal det handle litt om mjølk, eller drikk, som vi må kalle han. Men mest skal det handle om middag. Kva du legg på tallerkenen der det kunne ha vore fisk eller kylling. Eller kjøt. Mest skal det handle om kjøt.

Utan kjøt.

Fatland må tenke nytt

Det snart 130 år gamle slakteriet Fatland har bestemt seg for å tenke heilt nytt. Deira einaste omgang med vegetarprodukt har hittil vore å omsette dei for andre produsentar. Dei har bytta bort kjøt og fått vegetar igjen. Desse produkta har stort sett hamna i Coop sine butikkar.

Svein Fatland, daglig leder Fatland Ølen AS

Svein Fatland, dagleg leiar i Fatland Ølen AS.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

Det er eit konsern, men det er lite. Omsetninga er 4,9 milliardar kroner, medan storesyster Nortura har godt 23 milliardar. Nå vil slakteriet Fatland investere opp mot 100 millionar i eit nytt anlegg for vegetarproduksjon og kjøtprodukt med allergen som mjølk, ost eller egg.

– Marknaden spør etter nye produkt, seier Svein Fatland, dagleg leiar i Fatland-konsernet.

– Det har tatt heilt av. I 2019 kom dette på banen på ein heilt ny måte, seier Fatland.

Då Fatland begynte å slakte i Vikedal heilt på slutten av 1800-talet, var det nok ingen som trudde at dei skulle lage produkt utan kjøt. Svein Fatland kallar det ei stor utfordring. Ei utfordring dei berre må løyse.

– Vi lever jo av det kunden spør etter, og må levere det kunden vil ha. Bøndene vil jo at vi skal selje deira produkt, og det skal vi. Men vi har også kundar som spør etter andre varer. Og dei må vi også høyre på.

Kjøttskjæring hos Fatland Ølen AS

Fatland har drive på med kjøt sidan slutten av 1800-talet. Nå skal dei bygge eit anlegg kor dei kan lage vegetarmat.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

Fatland forsikrar at kjøt også i framtida skal vere ein sentral del av norsk kosthald og deira portefølje. Bøndene jobbar dessutan med å gjere sin eigen produksjon meir berekraftig.

Fatland veit ennå ikkje kor stor vegetarproduksjonen vil bli. I dag sel dei om lag 5 tonn vegetarprodukt kvar veke. Og 1200 tonn kjøt.

– Det er for nytt ennå, seier Fatland.

50 prosent sidan 2017

Det er ikkje tilfeldig at det står fleksitarianar i tittelen på saka du les. For kvar gong Ipsos lager undersøkinga «Norske spisefakta», er det fleire og fleire som seier at dei vil ete mindre kjøt. Det begynte å auke i 2012, og gjorde eit hopp i 2018. Då var det nesten 40 prosent høgt utdanna personar i Oslo som ville kutte ned på kjøtet.

Samstundes veit vi at det berre er om lag tre prosent nordmenn som er vegetarianarar eller veganar. Difor er fleksitarianar, altså ein som i blant et vegansk, i blant vegetarisk og i blant kjøt og fisk, dei det er flest av.

Så det er truleg mange kjøtetarar som kjøpte dei 10 millionane vegetar- eller veganskmerka varene i butikkane til Norgesgruppen i fjor. Desse er alle slags varer, både kjøterstattarar og alt anna som skulle ha veggismerkinga.

Hos Joker, Kiwi, Meny, Nærbutikken og Spar blei det seld to millionar fleire slike varer i 2019 enn i 2018.

– Viss vi går tilbake til 2017, har auken vore på 50 prosent i denne produktkategorien, seier kommunikasjonssjef Kine Søyland.

Vegetarbowl med peanøtter og tofu

Tofu. Her er han stekt og lagt i bolle saman med grønsaker. Ifølgje Store Norske Leksikon er tofu «eit osteliknande, proteinrikt næringsmiddel framstilt av soyabønner». Er nå vanleg over store delar av verda, men skal ha opphav i Asia.

Foto: Melissa d'Arabian / AP

Ein vare har sprengt alle grafar. Tofu. Den mjuke, litt smaklause, men proteinrike «puddingen» ein kan skjere i bitar, marinere, steike eller ha rett i ei suppe. Den mest populære typen blei seld 64.000 gonger i 2019. Nær dobbelt så ofte som året før.

– Det har vore ein veldig vekst dei siste åra. Volumveksten, som vi seier, var 70 prosent i fjor, seier Søyland.

I pengar målte salet 284 millionar kroner i fjor. Mykje, men likevel lite i den store samanhengen. På Meny, kor flest kjøper slike varer, var salet 0,62 prosent av alt sal.

1,4 millionar potetburgarar

Men korkje tofuen eller størstedelen av dei 10 millionane vegetarvarer kjem frå Noreg. Viss ein ser vekk frå nokre ferdigmiddagar, har Norgesgruppen faktisk berre ein einaste norsk kjøterstattar. Frå Hoff. To burgartypar og bollar, alle laga av norsk potet og importerte bønner og linser.

Frå 2018 til 2019 auka salet til Hoff med svimlande 33 prosent. 180 tonn, eller 1,4 millionar rekna om til burgarar frå Sundnes på Innerøya i Trøndelag.

– Vi er veldig nøgde med korleis det går med dei. Vårt inntrykk er at vi har økt samanlikna med konkurrentane, seier sals- og marknadsdirektør for daglegvare, Kjetil Veen.

Viss du synest det blei mykje tal, kan du slappe heilt av. Vi er straks ferdige med å nemne resten av dei norske kjøterstattarane. Meatish er «kjøtdeigen» Nortura lagar på Hærland i Østfold for Rema 1000. Vegetardag-produkta blir laga for Coop i Oslo og Vestfold. På Frosta i Trøndelag ligg Grønne Folk, som lagar burgarar og falafel for nokre få Rema-butikkar.

Sånn. Nå var vi ferdige. Viss du et noko anna enn dette til middag dei gongene du erstattar kjøtet med noko som liknar, kjem det frå eit anna land.

Skjer over heile verda

I starten snakka Øyvind Fylling-Jensen, direktør i forskingsbedrifta Nofima, om tog. Før vi gjer oss ferdige, skal han få grunngi kvifor han meiner dei norske matindustriaktørane har dårleg tid.

– Å late som at dette berre skjer i Oslo, er mildt sagt naivt. Dette er urbane trendar som kjem til å få verknad langt utanfor storbyane, seier han.

Det er umogleg å seie sikkert kor mange kjøterstattarar som finst i norske butikkar. Truleg er det meir enn 100, det kjem an på korleis du reknar. Færre enn 20 av dei er laga i Noreg.

Norskprodusert vegetarburger fra Hoff

Denne burgaren er ein av få som blir produsert i Norge. Produsenten er Hoff.

Foto: Hoff

Tidlegare i år skreiv NRK.no om forskingsprosjektet «Norsk vegetar for framtiden», som mellom andre Nofima og kjøtforedlingsbedrifta Jæder står bak. Dei neste tre åra skal dei finne ut korleis ein kan lage kjøterstattarar meg høgt proteininnhald og berre norske råvarer. Dei er ganske åleine.

Teknisk Ukeblad skreiv nyleg om kunstig kjøt dyrka i laboratorium. Det er berre ein av mattrendane forskarane ser på verdsbasis. Ifølgje Fylling-Jensen er marknaden for plantebasert mat 4 milliardar dollar i dag. Innan 2020 kjem han til å vere 140 milliardar dollar.

Det er berre ein stad på kloden pila peikar ein annan veg enn opp for den grøne maten.

– I Asia er etterspurnaden etter animalsk protein aukande, men det heng saman med auka kjøpekraft, seier han.

Prognosane for salet av plantevarer er tosifra vekst i prosent kvart år. Norgesgruppen sine 22 prosent og Hoff-burgarane på 33 prosent er med andre ord godt over anslaga. Det bør få Noreg til å vakne, meiner Fylling-Jensen.

– Innan industri snakkar ein om dei som søv. Moden industri som ikkje får med seg det som skjer der ute. Det nyttar ikkje å satse 12 millionar kroner når internasjonal matindustri legg 100 millionar dollar i slike prosjekt, legg han til.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg