Hopp til innhold

Dette kan bli til vårt første, heilnorske «kjøt»

GJESDAL (NRK.NO): Fleire et kjøtfritt, men kjøterstatningane er heilt eller delvis utanlandske. Nå skal forskarar, bønder og ei kjøtforedlingsbedrift finne ut korleis dei kan lage heilnorsk «kjøt» utan kjøt.

Åkerbønner

Små åkerbønner-planter. Vanlege «proteinvekstar» som soya, kikerter, linser eller bønner blir ikkje dyrka i Noreg, men både erter og åkerbønner kan bli dyrka her. Slik håpar forskarar å kunne lage gode, norske kjøterstatningar.

Foto: Unni Abrahamsen / Nibio

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Ein vanleg storfehamburgar har mellom 15 og 17 prosent protein. Vårt mål er å nå 15 prosent protein med vegetariske ingrediensar, seier Grethe Iren Borge, seniorforskar hos Nofima.

Dei siste åra har fleire vegetariske kjøterstatningar dukka opp i kjøle- og frysediskar rundt om i Noregs daglegvarebutikkar. Produkta er deigar, burgarar, pølser eller nuggets, og skal likne kjøt. Både i utsjånad, smak og næringsinnhald.

Det er mogleg å få i seg mykje protein ved å berre ete plantar, men vanlege «proteinvekstar» som soya, kikerter, linser eller bønner blir ikkje dyrka i Noreg. Difor består kjøterstatningane heilt eller delvis av importerte råvarer. Det kan det nå bli ein slutt på.

Vil bruke mat som blir kasta

Prosjektet «Norsk vegetar for framtiden» fekk nyleg 8 millionar kroner frå Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri. Saman med forskarar i Nofima, fleire råvareprodusentar og andre aktørar i matindustrien skal kjøtforedlingsbedrifta Jæder i Gjesdal finne ut korleis ein kan lage til dømes den første heilnorske vegetarburgaren.

– Vi håpar å få nokre gode produkt ut av dette. Dessutan vil vi lære mest mogleg, seier dagleg leiar i Jæder, Guro Espeland.

Guro Espeland og Gry Surdal Espeland

Guro Espeland (t.v.), dagleg leiar og Gry Surdal Espeland, marknads- og berekraftansvarleg i Jæder i Gjesdal.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

I tillegg til forskingsmidla skal Jæder og dei andre bruka endå 8 millionar, slik at prosjektet har 16 millionar kroner totalt. Sjølv om dei vanlegaste proteinrike vekstane ikkje blir dyrka i Noreg, håpar forskarane å bruke gode alternativ.

– Vi kan dyrke erter og åkerbønner. I dag blir det hovudsakeleg brukt som dyrefòr, seier Borge i Nofima.

Forskaren håpar òg å kunne bruke mat som i dag blir kasta. I NRK-serien Matsjokket kjem det fram at mengder av grønsaker blir kasta berre fordi dei ikkje er fine nok.

– Mykje blir sortert vekk på grunn av småfeil eller storleik. Desse råvarene vil vi gjere om til ingrediensar, seier Borge.

Også restar frå norske møller, der korn blir til mjøl, håpar ho å kunne bruke.

«Tesla-augeblink»

Forskinga skal gå føre seg i tre år. På den tida håpar Jæder at dei òg kan lage eitt eller fleire berekraftige produkt.

Solceller på taket av fryselageret til Jæder

Jæder har alt sett solcellepanel på heile fryselageret. Nå vil kjøtforedlingsbedrifta lage ei heilnorsk, berekraftig kjøterstatning av vegetariske råvarer. Ho skal òg vere sunn og miljøvenleg i alt frå emballasje til transport.

Foto: Gry Surdal Espeland / Jæder

– Det har vore negativt fokus på berekraft og kjøtbransjen. Vi håpa vi kanskje kunne snu det, seier Gry Surdal Espeland, marknads- og berekraftansvarleg i Jæder.

Diverse undersøkingar viser at fleire seier dei vil ete mindre kjøt. Det same ser John Spilling i Ipsos, som kvart andre år jobbar med den store undersøkinga Norske spisefakta. Han trur gode produkt kan selje bra. Men dei må vere gode.

John Spilling

John Spilling, seniorkonsulent i Ipsos.

Foto: Ipsos

– Berre idealistar vil gå på akkord med smak og matopplevingar. Viss det skal skje noko stort, må ein skape produkt som kan konkurrere med ekte vare. Ein «Tesla-augeblink», seier han.