Hopp til innhold

Så lite skal til for å få køen vekk

– Det er ikkje mange bilar som må vekk frå vegane, før det gjer store utslag for trafikken, ifølgje Vegvesenet. Men Stavanger-ordføraren, Christine Sagen Helgø, nektar å finna fram pisken for å få dette til.

Trafikk på E39 i Stavanger

DAG FOR DAG: Dette er bilete som er tatt kvar dag denne veka klokka 08.00 av motorvegen ved Stavanger. Bileta er tatt mot sør på gangbrua mellom Vålandskogen og Mosvatnet. Som bilete syner er køen så og sei fråverande på fredag, når mange tar langhelg.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Ingve Undheim

Overingeniør i Statens vegvesen, Ingve Undheim, seier at det vanskelege med å få køen vekk, er å endra vanane til folk.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Det er fredag, og mange har allereie tatt helg. Dette kan ein merka tydeleg på motorvegen E39 ved Stavanger.

Normalt sett stampar i kø på denne vegen, men fredag morgon kan ein susa av garde til arbeid i 90 kilometer i timen.

Ni prosent færre bilar fjernar kø

– Me har ikkje studert trafikktala fredag morgon kontra andre vekedagar, men me veit at det er mindre bilar på vegane om fredagane, seier Yngve Undheim. Han er overingeniør i Statens vegvesen og kjenner godt til forholda på motorvegen inn og ut frå Stavanger.

Brestepunktet er snart nådd, men fredagane syner likevel kor lite det er som skal til for å få trafikken i regionen friskmeldt.

– Me veit at det ikkje skal store prosentendringar til i trafikken, før det gjer store utslag på køen. Det har me mellom anna erfart med å måla bilar på vegen i haustferien, seier han.

Harald Minge

Harald Minge er leiar i Næringsforeningen i Stavanger. Han meiner det må brukast pisk for å få færre bilar på vegane.

Foto: Næringsforeningen i Stavanger-regionen

Då har dei målt 9 prosent færre bilar, og det har nærmast vore fritt for køar. Det ville altså gjort store utslag om folk lét bilen stå heime ein dag i veka, eller køyrde to og to til jobb.

– Eigentleg er det enkelt å få vekk køane, men det er likevel vanskeleg å få folk til å endra vanane sine. Så det er nok sterke verkemiddel som må til, seier Undheim.

– Tapar pengar på køane

Og sterke verkemiddel er noko Næringsforeningen ønskjer seg. Dei meiner Stavanger-bedrifter taper pengar på dei lange køane.

Leiar i foreininga, Harald Minge, seier at fleire av medlemsbedriftene deira nå er utolmodige for å få ei løysing på trafikkproblema.

– Me har nett gjennomført ei storbyundersøking. Denne syner at rushtrafikken er verst i Stavanger. Her er det ti prosent fleire medlemsbedrifter som meiner at dei taper pengar på dårleg framkomsttilhøve.

Han meiner derfor at det er på høg tid at det blir tatt i bruk pisk. Han meiner tida er overmoden for restriksjonar på parkering, rushtidsavgift og innføring av bussveg i Stavanger.

Christine Sagen Helgø

Christine Sagen Helgø (H) er ordførar i Stavanger. Ho vil ikkje nytta pisk for å få bussane fram og redusera biltrafikken.

Foto: Nyhetsspiller

Han krev politisk vilje og tiltak for å avgrensa biltrafikken.

– I løpet av dei neste åra vil dette bli skikkeleg ille om ingenting skjer. Det me ser nå er at det blir verre dag for dag, og me ser ikkje ei kortsiktig lysning, seier Minge.

Pisken blir i skuffa

Men stavangerordførar Christine Sagen Helgø vil ikkje bruka pisk for å få bussane fram og redusera biltrafikken.

Ho meiner bybane er ei føresetnad for å diskutera rushtidsavgift og andre dramatiske tiltak for å få ned køane.

I desember forkasta fylkespolitikarane bybaneforslaget, dermed gjeld ikkje lenger Høgre og KrF sitt forslag om rushtidsavgift, fleire bomstasjonar og nye parkeringsrestriksjonar for å få Arbeiderpartiet til å gå for bybane.

– Det forhandlingskortet me la på bordet i samanheng med ei høyringsutsegn om ei kollektivløysing herfrå gjeld ikkje lenger.

Problemet er at Stavanger kan få ei kollektivløysing, som fleirtalet i bystyret i Stavanger ikkje vil ha, dersom Stortinget seier nei til bybane.

– Det er klart at partiet mitt har sagt at me ikkje vil gjennomføra restriktive tiltak dersom me ikkje trur på kollektivløysinga som kjem.

Ho legg likevel til at dei vil jobba for å betra trafikken i regionen.

– På eit eller anna tidspunkt må me jo sy saman ei bypakke for regionen, som er vårt forslag til trafikkreduserande tiltak. Kva pakka vil innehalda kan eg ikkje sei i dag, seier Sagen Helgø.

Dette er ikkje Næringsforeningen nøgde med, dei vil ha handling snarast.

Kan få fredagseffekt resten av veka

Kommunalråd for Høgre i Stavanger, John Petter Hernes, meiner det finst ein måte å få fredagseffekt på motorvegen, utan å bruka pisk eller pengar.

Han meiner at bedriftene sjølv bør vera med på å styra trafikken, med å avtala at dei skal legga starten på arbeidsdagen til ulike tidspunkt.

– Dersom dei største bedriftene sett seg ned i eit møte, kan dei koordinera det slik at ikkje alle reiser på jobb samstundes.

Dermed meiner han at trafikken kan fordelast ut over dagen, og ein vil unngå dei svære køane, som bedriftene sjølv seier at kostar dei pengar.