Motorvegen som både førar til og frå oljehovudstaden blir nytta av fleire og fleire bilar.
I august var det daglege snittet på 65.130 bilar, som køyrde gjennom Auglendstunnelen på vegen. Ein auke på meir enn 2000 i forhold til i fjor.
Brestepunktet er snart nådd ifølgje Statens vegvesen.
– Me nærmar oss kapasitetsgrensa, og då bryt det saman. Det skal lita vekst til nå før køane veks seg lengre og lengre. Ein vekst på nokre få prosent vil få dette til å akselerera, seier Ingve Undheim, frå Statens vegvesen.
- Les òg:
- Les òg:
Sjå utviklinga i tal
Passeringar på E39 ved Stavanger
Ikkje-proporsjonal utvikling
Når smertepunktet blir nådd vil ikkje prosentveksten i bilar vera proporsjonal med kø- og rushtidsveksten.
– Ein auke på tre prosent bilar, vil til dømes resultera i meir enn tre prosent auke i køtid, seier Undheim om utviklinga i Stavanger-trafikken.
Ei som har merka utviklinga i trafikken på E39 er Ellen Kvinsland. Kvar dag reiser ho mellom Ganddal og Forus.
- Les òg:
Dette inneber ein god del tid for seg sjølv i bilen.
– Det tar si tid. Om eg køyrer frå Ganddal klokka 07.55 så er eg ikkje på Forus før 08.40 eller 08.45, seier ho.
– Korleis har du opplevd utviklinga?
– Det blir berre verre og verre. Før brukte eg 20 minutter, no brukar eg førti. Noko må bli gjort etter kvart, for nå står me berre og stampar.
– Klarer ikkje byggja oss ut av problemet
For å løysa trafikkproblemet har ikkje Undheim ei betre løysing enn at færre må køyra.
– Me klarer ikkje byggja oss ut av trafikkproblema i dei norske byane i dag, slår han fast.
Dermed må fleire nytta seg av kollektivtrafikk, bruka sykkel eller føtene for å få ned køen på motorvegen.
- Les òg:
- Les òg:
– Planane er å få overført trafikken til meir miljøvenlege alternativ, det er det som er planen i byane.