Hopp til innhold

– Mange har lyst til å reisa i sommarferien, også frivillige

Organisasjonar og kulturaktørar landet rundt opplever frivilligheitstørke. Fleire slit med å få tak i nok frivillige til aktivitetar i sommar.

Trond Ole Hølland Paulsen ber eit vikingskjold inn i bilen

Sjef for Rikssamlingsjubileet i Noreg, Trond Ole Hølland Paulsen, saknar fleire hjelpande hender i arbeidet med jubileet.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Sjefen for Rikssamlingsjubileet i Noreg, Trond Ole Hølland Paulsen, skal henta vikingkulisser frå Bergeland vidaregåande skule i Stavanger. Men han skulle gjerne hatt fleire hjelparar.

Dei store, runde vikingskjolda skal han fyrst frakta til Haugesund, der 1150-års jubileet for samlinga av Noreg startar i morgon.

Elleve dagar med store arrangement fleire stadar i Rogaland, men alt for få frivillige.

Trond Ole Hølland Paulsen

Trond Ole Hølland Paulsen skal sjølv frakta vikingkulisser frå Stavanger til Haugesund.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– I periodar har det vore som å snakka til ein vegg. Det har vore lite respons frå frivilligheitssentralane i dei ulike kommunane, fortel Paulsen.

Etter to år med pandemi og innesitting, breier ei frivilligheitstørke seg over landet. Ikkje minst slit arrangørar landet rundt med å få tak i frivillige til årets sommaraktivitetar.

Risikerer å avlysa sommaraktivitetar

Mens frivillige strøyma til for å hjelpa ukrainske flyktningar i vinter og folk stilte opp i hopetal som vaksinevaktar under pandemien, er det med naud og neppe at Røde Kors i Stavanger får gjennomført gratistilbodet deira for barn i sommar.

Det fortel dagleg leiar Hanne Nybø Andresen.

Hanne Nybø Andresen, dagleg leiar i Raude kors Stavanger

Dagleg leiar i Røde Kors Stavanger Hanne Nybø Andresen jobbar hardt for å få tak i nok frivillige til eit gratis sommartilbod for barn, kor barna skal få vera med på diverse utflukter og fyrstehjelpskurs.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me var lenge skeptiske på om me kom til å få tak i nok frivillige. Me har jobba knallhardt og snudd alle steinar, lagt ut på sosiale media at me treng folk og spurt folk me kjenner, seier Andresen.

Andresen heller mot at det vert Barnas sommar likevel, sjølv om dei framleis manglar frivillige.

Ho er ikkje bekymra for at den låge deltakinga er ein varig trend, men trur det heng saman med at fleire vil reisa i sommar etter to år med reiserestriksjonar.

– Mange har lyst til å reisa i sommarferien, også frivillige.

Les også – En gledens nyhet og en sann lettelse

Anette Trettebergstuen og Berit Kjøll

– Ein koronaknekk

Det er også generalsekretær i Frivillighet Norge, Stian Slotterøy Johnsen, einig i. Han peiker på at fleire kan ha fått nye vanar under pandemien, men at det også dreier seg om reiselyst.

– Me hadde ei jamn høg deltaking fram til pandemien, og så fekk deltakinga ein slags koronaknekk. Nå er me spent på utviklinga framover.

I juni får han tal på kor mange personar som tek del i frivillig arbeid, men Johnsen bekreftar at mange frivillige lag melder om låg deltaking.

Han meiner at den viktigaste årsaka til låg deltaking er at folk ikkje vert spurt.

– Me må verta flinkare til å spørja, og me må ikkje spør dei som allereie sit i fire-fem styre, men me må spør nye folk. Dessutan treng me god tilrettelegging og rammevilkår frå stat og kommune for å auka aktiviteten.

Johnsen håper på betre tider.

– Den frivillige innsatsen er ein arena kor me møtest, det vert bygd fellesskap og det er bra for helsa å ha sosialt nettverk. Alle taper på at færre tek del i den frivillige innsatsen.

Les også Tom (54) har brukt 560 timer av fritiden bak ambulanserattet

Frivillig ambulansesjåfør Tom Natland Fagerhaug ved Trondheim Røde Kors.

Frå frivillig innsats til betalt sommarjobb

Frivilligheitstørka rammar også festivalane i Noreg, og Stavernfestivalen satsar heller på 800 betalte sommarjobbar.

Det er delvis fordi det er vanskeleg å rekruttera nok frivillige, samtidig som me opplevde ein ganske høg grad av no-shows som førte til kostbare løysingar i siste liten for å dekke over, fortel Jøran Kristensen, marknad- og kommunikasjonsleiar for Stavernfestivalen.

Men mange arrangement er avhengige av ubetalt hjelp, og må ta omsyn til at det kan verta vanskelegare. Det er tilfellet for Rikssamlingsjubileet i Noreg.

Trond Ole Hølland Paulsen
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Å få mannen i gata til å vera med som frivillig, det trur eg vert vanskelegare og vanskelegare etter som åra går, sidan Gerhardsen tid, ler Paulsen.