Hopp til innhold

Tilsette i SR-Bank har 4,1 prosent rente, men renta di er 5,64 prosent

Bustadlånet ditt kostar deg truleg 50 prosent meir enn før renta starta å stige. Hadde du jobba i bank, hadde det svidd mindre, for da hadde du hatt renterabatt.

Sparebank 1 SR-bank Stavanger

SR-Bank sine lokale i Finansparken i Stavanger. Her har dei tilsette litt fleire fordelar enn gratis kaffi på jobb. Lågare bustadlånsrente, til dømes.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Når vi ikkje er lønsleiande, må vi bruke andre verkemiddel for å få dei gode folka med den høge kompetansen vi treng, seier kommunikasjonsdirektør i Sparebank 1 SR-Bank, Øyvind Knoph Askeland.

Fram til 29. februar var bustadlånsrenta for tilsette i banken hans 3,9 prosent. 1. mars stig ho til 4,1 prosent.

Vi som har skrive denne artikkelen, må betale litt meir for å låne pengar i same bank. Minst 5,46 prosent, for å vere nøyaktig.

Det betyr at eit lån på 3 millionar i SR-Bank, vil koste cirka 750.000 kroner meir for deg enn det vil gjere for ein tilsett i banken, om du har ei nedbetalingstid på 25 år.

Før renta starta å stige, måtte ein betale 14.000 kroner kvar månad for eit lån på om lag 3 millionar i SR-Bank. Etter rentehevingane er det 21.000. Auken er 50 prosent.

Gode tilhøve for banktilsette

SR-Bank er ikkje åleine. Fleire av bankane NRK har kontakta, gir dei tilsette opptil meir enn eitt prosentpoeng i rabatt på de beste marknadsrentene.

Både SR-Bank og dei andre bankane opplyser at fordelen er skattepliktig.

– Det er eit gode som blir rekna som løn. Det er eit gode vi som bank kan tilby for å halde på dei gode hovuda og trekke til oss dei beste tilsette, seier Askeland.

Bankkollegaen nabobyen, i Sandnes Sparebank, seier dei gir tilsette nesten det same. Så truleg betaler direktøren for personmarknad Erik Kvia Hansen 4,35 prosent frå 1. mars. I alle fall får tilsette i banken tilbod om det.

Erik Kvia Hansen, direktør for personmarked i Sandnes Sparebank

Erik Kvia Hansen er direktør for personmarknad i Sandnes Sparebank. Sandnes og «oljebyen» Stavanger er nabobyar, og Hansen seier dei på Sør-Vestlandet må konkurrere med energibransjen for å få dei beste tilsette.

Foto: Sandnes Sparebank

– I vår region konkurrerer vi med ein del andre næringar. Mellom anna energinæringa, seier han.

Askeland i SR-Bank synest det hadde vore dumt viss dei tilsette hadde bustadlåna sine i andre bankar.

Kommunikasjonsdirektør i Sparebank 1 Sr-Bank, Øyvind Knoph Askeland.

Øyvind Knoph Askeland peiker på at renterabatten er skattepliktig.

Foto: Jan Inge Haga / Sparebank 1 SR-Bank

– Dei tilsette i SR-bank treng å kjenne på kva produkt vi tilbyr kundane våre for at dei vidare skal kunne gi best moglege råd.

Raudt: – Staten bør presse bankane

Eika Gruppen er ein allianse mellom mange av de mindre sparebankane i Noreg. Om lag ti bankar tilbyr 0,5 prosentpoeng i renterabatt for banken sine tilsette.

Nordea har ein liknande rabatt. Tilsette får 5,01 prosent. Beste tilgjengelege rente er ifølgje nettsidene 5,49 prosent.

– Vi vurderer fortløpande bustadlånsrenta til våre tilsette i likskap med våre kundar, sett i samanheng med styringsrenta sett av Norges Bank, fortel Johannes Utvåg i kommunikasjonsavdelinga.

Om ikkje rabattane får partiet Raudt til å sjå raudt, meiner partiet at banksektoren bør pressast til å gi betre vilkår.

Marie Sneve Martinussen

Marie Sneve Martinussen i Raudt har truleg også gratis kaffi på jobb, men ho synest staten bør jobbe hardare for at det skal koste mindre for nordmenn å ha lån.

Foto: Torbjørn Brovold / NRK

– Bankane bør sette ned renta til kundane, ikkje berre til sine tilsette. Det har dei råd til, for bankane har tent enorme summar på de høge rentene dei siste åra, seier leiar Marie Sneve Martinussen.

Partiet meiner regjeringa burde tatt meir ansvar.

– Staten bør bruke eigarmakta i DNB til å presse banken til å vise meir samfunnsansvar og tilby betre vilkår til kundane.

Ikkje bra for omdømme

Også Huseiernes Landsforbund reagerer.

– Kva gode tilsette får er bankane sjølv si avgjerd, men med tanke på omdømme ville eg ha valt noko anna om eg var banksjef, seier generalsekretær Morten Andreas Meyer.

Generalsekretær Morten Andreas Meyer i Huseierne foran huset sitt.

Generalsekretær i Huseiernes Landsforbund, Morten Andreas Meyer.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Han meiner det sender ut signal om at bankane har noko å gå på.

– Min oppfordring er å bruke makta som ligg i kundeforholdet ditt. Dei fleste har moglegheit til å forhandle lånet ned. Så mykje at det faktisk gir eit stort positivt utslag på ein pressa økonomi, seier han.

Flere nyheter fra Rogaland