NRK Meny
Normal

– Amatørmessig av konserthuset

Leiinga ved Stavanger konserthus legg seg paddeflate etter kritikk frå Per Inge Torkelsen. Men komikaren blir ikkje blid av den grunn.

Stolrot hos konserthuset

TRIST: Komikar Per Inge Torkelsen seier det er trist at Stavanger konserthus ikkje har klart å få på plass namn på stolane som har blitt sponsa.

Foto: Mari Rollag Evensen / Mathias Oppedal / NRK

Då milliardprosjektet Stavanger konserthus skulle realiserast, var sponsorpengar heilt avgjerande.

Ein av måtane private kunne bidra på var til mellom anna ved å betala for ein stol i konsertsalen, og som takk for gåva skulle sponsoren få namnet sitt på stolen for all framtid.

Men denne siste delen av avtalen har konserthuset framleis ikkje har klart å levera, skriv Per Inge Torkelsen i ein petit i Stavanger Aftenblad i dag.

Vil strykast frå sponsorlista

Komikaren er ein av meir enn 200 som har betalt 15.000 kroner for ein stol, med namnet sitt på. Stol nummer to på andre rekke. Men denne stolen har framleis ikkje fått seg eit namneskilt, eit halvt år etter den storslåtte opninga.

Torkelsen er overraska over korleis Stavanger konserthus behandlar sponsorane sine.

– Det er nå meir enn ti månader sidan eg betalte for ei vare, og eg har framleis ikkje fått ho. Ein skulle i det minste forventa at alt dette var klart til opninga av konserthuset i september, fortel han gjennom mobiltelefonen sin frå påsketur med familien i England.

Han har etterspurt namneskiltet fleire gonger, før han valde å gå ut offentleg.

– Det er eigentleg mest trist at dei er så uproffe, ein burde kunne forventa meir, seier han.

Skal ordna opp

Grete Straume er kommunikasjonssjef ved konserthuset. Ho har ikkje lese petiten til Per Inge Torkelsen, men kjenner til problemet.

– Først og fremst må eg få sei at dei aller fleste sponsorane har fått namnet sitt på stolane dei har betalt, men det er likevel svært beklageleg at ein del ikkje har gjort det, seier ho til NRK.no.

– Kor mange er det som ikkje har fått namnet sitt på stolane?

– Det har eg ikkje tal på her, men det er i alle fall mindre enn halvparten.

Stolsalet skjedde under bygginga av konserthuset, og det er byggedirektør Ole Hetland som har det øvste ansvaret for gjennomføringa. Han er på påskeferie, og har ikkje fått med seg klagen frå Torkelsen.

– Korleis dette har skjedd veit eg ikkje, men me beklagar og skal fiksa opp i dette umiddelbart etter påsken, seier Hetland til NRK.no.

Heller ikkje han har oversikt over kor mange sponsorar som ikkje har fått namnet sitt på sete.

– Me legg oss paddeflate

Grete Straume

Grete Straume er kommunikasjonssjef i Stavanger konserthus. Ho seier at dei legg seg paddeflate med tanke på at fleire stolar framleis ikkje har namn.

Foto: NRK Rogaland

Straume seier at dei tar alle typar klagar på Konserthuset med høgste alvor. Også det dei plukkar opp i avisene.

Ho forstår godt at Torkelsen og andre sponsorar hadde likt at namnet deira var på plass under opninga, Spellemannprisen og andre arrangement som har vore i det nye konserthuset.

Det skal vera ulike grunnar til at fleire namneskilt framleis ikkje er oppe. Skrivefeil i førsteproduksjonen og folk som har kjøpt sete seint er nokre av desse.

– Eg har vore i kontakt med dei som har ansvar for setenamna, og dei kan fortelja at skilta allereie er i produksjon, og skal snart vera på plass, fortel Straume.

– Men uansett legg me oss paddeflate og lovar at me skal fiksa opp i dette. Alle som ikkje har fått namna sine på stolane ennå skal vera trygge på at dei ikkje er gløymde, seier Straume.

Fartein Valen-salen i Stavanger konserthus

Sete nummer to på andre rekke i Fartein Valen-salen i Stavanger konserthus skulle hatt Per Inge Torkelsen sitt namn på ryggen. Det har det ikkje.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Ikkje godt nok

Men Per Inge Torkelsen er lei av unnskyldningar.

– Eg har høyrt dette før, at skilta er i produksjon og at dei snart er på plass, seier han.

Han presiserer at det er snakk om mange pengar for konserthuset.

Dersom det er ti sponsorar som ikkje har fått namnet sitt på stolen snakkar me om 150.000 kroner, dersom det er hundre snakkar me om 1,5 millionar kroner.

Totalt har konserthuset fått inn over tre millionar setekroner.

Nå ber Torkelsen om å bli fjerna frå sponsorlista, og at dei 15.000 kronene blir førte over til Stavangeren Scenedrift AS, ein av Stavanger sine langt mindre scenar, men meir profesjonelle ifølgje komikaren.

– Meiner du dette alvorleg?

– Dette er hundre prosent alvor. Som sjølvstendig næringsdrivande er eg avhengig av å samarbeida med seriøse og profesjonelle folk. Det er ti månader sidan eg betalte for eit setenamn, som framleis ikkje er på plass, dette er ikkje særleg profesjonelt.

Konserthusleiinga kan ikkje i dag fortelja kva dei vil gjera med ønske frå Torkelsen.

– Me blei kjent med dette i dag, så eg kan ikkje sei ja eller nei til dette på ståande fot, seier Straume.