Når Stavanger konserthus opnar den 15. september får byen heile fire nye scener.
Ein utandørs, ein intim innandørs, ein sal for akustisk musikk og ein sal for opera, rockekonsertar, ballet, musikalar og mykje meir.
- Kva meiner du om det nye konserthuset i Stavanger? Sei meininga di nedst i artikkelen ...
– Vil vera viktig i meir enn hundre år
I dag kunne byggedirektør, Ole Hetland, visa fram alle dei ferdige scenane for første gong.
– Det er nesten utruleg at me har fått dette til, eg er stolt og eg er viss på at dette bygget kjem til å spela ein stor rolle for folk her i minst hundre år fram i tid, seier Hetland.
Men sjølv om bygget, som har kosta 1,2 milliardar kroner, nå nesten er heilt ferdig, er det mange arbeidarar som er i full sving både innanfor og utanfor.
– Eg er veldig spent, men eg veit at dette går bra. Me får berre nytta dei siste tre vekene godt.
Og når bygget har opna blir det full rulle kvar dag i ti dagar. Derfor kan det ikkje stå att meir arbeid. Det trur heller ikkje Hetland at det vil gjera.
- Les òg:
– Dei fleste som er i gang her driv på med reinhald, likevel trur eg ikkje den siste arbeidaren går ut før den første publikummaren kjem inn.
Barområdet har utsikt inn i Ryfylke.
Foto: Mathias Oppedal / NRKZetlitz
Inne i huset finn ein to store konsertsalar.
Zetlitz er fleirbrukssalen, som er tenkt for til forsterka musikk, denne vil bli brukt til alt frå rock til opera.
- Les òg:
Publikumsstolane står på luftputer, og heile rommet kan velast om etter behov. kapasiteten varierer derfor frå 800 på musikal, 700 på opera, 1900 på rockekonsert og 1400 på konferanse.
– Dette er som ein svær «black box», og eg kjenner ikkje til at det finst noko liknande i heile Europa, seier Hetland.
Fartein Valen
Fartein Valen er den akustiske scena.
Denne klassiske scena har allereie vore ei stund i bruk, dette sidan orgel og Stavanger Symfoniorkester har måtta testa akustikken.
Dei har også testa akustikken for publikum ein gong, til svært gode tilbakemeldingar.
– Salen har ei klassisk skoeske utforming og har 1500 seter fordelt på parkett og tre galleri, fortel Hetland.
- Sjå bilete: Sperreskål for konserthuset
Intimscene
I tillegg til salane finst det også ei scene som ligg open heilt oppe ved taket på bygget.
Denne blir kalla Mesaninen, og her vil det vera mogleg med intimkonsertar for strykekvartettar. Det vil også vera eit klaver ståande her.
Normalt sett vil også dette vera eit område for VIP gjestar i Fartein Valen-salen.
Utandørs er det eit amfi. Med å setja opp scene framføre denne, vil ein ha svært god plass til publikum her.
– Uteområdet her er noko av det mest unike med konserthuset i Stavanger. Her er det både park og amfi som alle folk kan nytta seg av, seier Hetland.
Han håper at folk som har besøkt Stavanger konserthus får seg ei magisk oppleving, og at dei vil koma tilbake.
Konserthuset er 13800 kvadratmeter, har eit volum på 119.000 kubikkmeter, lengda er 91 meter og høgda er 31,8 meter over normalt havnivå.
Foto: Mathias Oppedal / NRK