Ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø, og dottera, Kitty Helgø.
Foto: Mathias Oppedal / NRK– Dette gler eg meg til, sa Kronprins Haakon på den raude løparen, før opningskonserten i det nye konserthuset til Stavanger.
Det har gått 15 år å få på plass huset, som har ein prislapp på 1,2 milliarder kroner.
– Stavanger har aldri mangla ambisjonar når det kjem til kultursatsing, slår kronprinsen fast.
– Blir nok ein Tore Tang eller to
Likevel er han begeistra over fleirbrukstanken bak huset. Det er nemleg utrusta med to konsertsalar. Ein for akustisk musikk, og ein for rock, pop, opera og mykje anna.
– Eg veit at det skal vera ein Mods-musikal her snart, og då stavangerbandet spelte konsert gjekk jo folk mann av huse, så det blir nok mange som kjem her også.
– Og det blir nok ein Tore Tang eller to seinare i kveld også, sa kronprinsen under opningstalen til publikums applaus og humring.
Under kveldens opning får han sjå bestillingsverk frå Janove Ottesen, Stavanger symfoniorkester og Lidolido, for å nemna nokon. Midtveis i konserten var han begeistra.
– Eg må berre gratulera med eit eineståande konserthus, sa han til publikum.
Sjå inngangspartiet i konserthuset fylla seg opp.
Stolt ordførar
Ei av dei første på talarstolen i kveld var ordførar i Stavanger Christine Sagen Helgø. Ho var tydeleg stolt.
– Velkommen til Stavanger, og velkommen til ein møtestad for kunst, kultur og felleskkap, var det første ho sa til alle frammøtte i Fartein Valen-salen i Stavanger konserthus.
Ho har store forventningar til kvelden, men slår fast at det er viktig at dei frammøtte også kjem tilbake.
Tidlegare kulturminister Trond Giske er også på plass.
– Dette er vel brukte pengar, seier han om bygget, som har kosta 1,2 milliardar kroner.
Sjå resten av intervjuet med Giske her:
Video: Trond Giske på opninga av nytt konserthus i Stavanger.