NRK Meny
Normal

– Rogaland tar jo heilt over

At det skyl ei rogalandsbølgje over norsk musikk kom tydeleg til syne under årets spellemann-show i Stavanger. – I distriktet blir me ikkje distraherte av andre ting, seier Lidolido om kvifor rogalendingane i så stor grad har lykkast med musikken.

At det skyllar ei rogalandsbølge over norsk musikk kom tydeleg til syne under årets spellemann-show i Stavanger. – I distriktet blir me ikkje distraherte av andre ting, seier Lidolido om kvifor rogalendingane i så stor grad har lukkast med musikken.

VIDEO: Lidolido, Tønes og Janove Ottesen om Rogaland-suksessen. (Foto: Kirsti Wilhelmsen)

Kaizers Orchestra frå Bryne blei «Årets Spellemann» og fekk pris for beste musikkvideo. Tønes frå Sokndal blei «Årets tekstforfattar» og fekk i tillegg viseprisen. Lidolido frå Tysvær fekk prisen for «Årets nykomar». Lindstrøm frå Randaberg vann «Elektronisk musikk»-prisen og Leif Ove Andsnes frå Karmøy vant endå ein gong spellemann i kategorien for klassisk musikk.

Med denne lange lista av prisar som gjekk til rogalandsartistar under årets spellemann-show er det kanskje berre rett og rimeleg at prisutdelinga også har flytta til Stavanger.

– Kjempekult å ta over

Kvifor musikkmiljøet i Rogaland opplever denne oppgangen er likevel ikkje lett å gje noko svar på ifølgje Tønes.

– Eg veit ikkje kvifor det har blitt slik eigentleg, men det blir jo laga utruleg mykje bra musikk her, og det er mange som driv på med det. Kanskje det er grunnen, seier han til NRK.no.

Likevel er dette noko det blir snakka om, også artistane mellom.

– Me tar jo heilt over, det er kjempekult, seier Lidolido.

Tønes fekk to prisar

Tønes etter han fekk sin andre pris.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Kan konsentrera seg om musikken

Lidolido har snakka om dette med Tønes og Janove Ottesen på bakrommet, men dei har ikkje kome fram til ein fasit.

– Me kjem jo alle frå distriktet. Kanskje er det slik at me ikkje blir forstyrra av andre ting, og derfor kan konsentrera oss betre om musikken. Derfor blir det kanskje lettare og lykkast når ein først har bestemt seg for å satsa på noko, seier årets nykomar.

Musikkbloggaren Øyvind Berekvam frå Rogaland, meiner dominansen frå Rogaland under årets prisutdeling er mest tilfeldig.

– Det er jo veldig artig, men jeg tror nok det er heilt tilfeldig.

Likevel er han både stolt og nøgd over å vera rogalending i dag, spesielt på grunn av Tønes sine prisar, som han meiner var svært fortente.

– Ingen nominerte frå Stavanger

– Tønes har gitt ut si hittil aller beste plate, og slo gjennom nasjonalt i 2012, i dag er me alle sokndølingar, seier han til NRK.no.

Berekvam er misnøgd med støtta populærmusikken får i Stavanger, og presiserer at artistane som vann ikkje kom frå oljebyen.

– Nokon må kanskje stilla spørsmål om kvifor ingen av dei nominerte artistane kom frå vertsbyen Stavanger, avsluttar han.

Spellemannprisen skal bli utdelt i Stavanger konserthus dei to komande åra også.