I mai i fjor sette Mattilsynet i gang eit stort arbeid som avdekte avvik på 166 av 228 svinebesetningar i Rogaland. Saka førte mellom anna til at landbruksministeren gjekk ut og bad svinenæringa rydda opp.
Fleire av forholda var så alvorlege at dyrevernorganisasjonen NOAH melde dei inn til politiet. I sommar har dei sett på sakene, men lagt dei vekk.
– Vurderinga var at det ikkje var grunn til etterforsking, seier politiadvokat Lars Fredrik Bråten, ved Sør-Vest politidistrikt.
Sakene er sendt i retur til politiet
NOAH klaga på at politiet la sakene vekk, og nå har Statsadvokatembetet i Rogaland tatt klagen til følge.
– Me har sendt alle 30 sakene tilbake til politiet, seier statsadvokat Henriette Kvinnsland.
Årsaka er at politiet ikkje skal ha kontakta Mattilsynet, som er kontrollorganet i dyrevelferdssaker, for ei utsegn.
– Det ville vore ryddig at Mattilsynet fekk uttala seg om saka, og kva vurderingar som er gjort under tilsynet. Også om det kan vera aktuelt for Mattilsynet sjølv å melda desse sakene til politiet, seier Kvinnsland.
– Alvorleg vanskjøtting av dyr
Leiar i NOAH, Siri Martinsen, er svært nøgd med avgjersla til statsadvokaten.
– Dette handlar om alvorleg vanskjøtting av dyr, derfor meiner me det er alvorleg når politiet legg sakene vekk med venstrehanda, og då er me glade for statsadvokaten sin konklusjon, seier ho til NRK.
I tillegg til dei 30 sakene som NOAH melde frå Mattilsynet sin tilsynsrunde, har også Mattilsynet meld eitt forhold som allereie er under etterforsking.
Skulle blitt gjort annleis
Nå opplyser politiet til NRK at også NOAH-sakene er på veg til Mattilsynet for vurdering. Utsegna deira vil avgjera om politiet går vidare med etterforsking av dei aktuelle svinebøndene.
– Var politiet for kjappe med å legga vekk desse sakene?
– Viss alt skulle blitt gjort heilt slik som er ønskeleg, så skulle sakene blitt sendt til Mattilsynet med ein gong, seier Lars Fredrik Bråten, ved Sør-Vest politidistrikt.