Hopp til innhold

– Du går stadig med angst for at dyr skal bli påkøyrd

Meir enn 150 grunneigarar har gått til retten for at Bane Nor skal fortsette å halde gjerdet langs Sørlandsbanen. Nå møtast partane i Sør-Rogaland tingrett.

Bernt Terje Høyland

Bernt Terje Høyland i Sør-Rogaland tingrett i Sandnes måndag. Han leier grunneigarlaget som har gått til sak mot Bane Nor om gjerde langs Sørlandsbanen.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Eg har ei forventning om at rettferda skal sigre, seier Bernt Terje Høyland.

Han er ein av meir enn 150 i grunneigarlaget som nå håpar tre veker i retten i Sandnes skal ende i at Bane Nor må halde fram med å sette opp gjerde langs jernbanelinja.

Alle dei 150 er ikkje i retten, men det er Høyland. Han leier grunneigarlaget.

– Her har storsamfunnet tatt seg til rette og ekspropriert grunn til jernbane. Dei har sjølv vald å legge linja akkurat her, seier han.

Bernt Terje Høyland.

Bernt Terje Høyland ved garden sin på Ualand sør i Rogaland. Her bur han 50 meter frå jernbanen.

Foto: Marte Skodje / NRK

120 av grunneigarane, mange av dei bønder, høyrer heime i Rogaland. Om lag 30 høyrer til i Agder.

Ifølge dei som saksøker, har det sidan 1939 vore nåverande Bane Nor som har ansvaret for å sette opp gjerde slik at folk og dyr ikkje blir skada eller drepne av tog som køyrer forbi.

– Jorda kan gro igjen

Ifølge saksøkarane sin advokat gjekk det bra lenge, men praksisen har forandra seg.

– Tidlegare heldt dei ved like gjerda og betalte erstatning for tapte dyr. Nå skal dei bestemme kor dei skal ha gjerde og kva slags gjerde dei skal ha. Det er også fleire fråsegn på at det ikkje skal betalast erstatning. Då blir det uråd å ha dyr langs linja, seier advokat Sindre Oftedal.

Sindre Oftedal i Haver Advokatfirma

Sindre Oftedal er grunneigarane sin advokat. Han meiner det kan endre Noreg viss bøndene sjølv må halde gjerde langs jernbanen.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Han meiner dette på sikt kan endre Noreg ved at færre vil ha dyr på beite.

– Bøndene må bruke pengar som dei kunne brukt til andre ting. For mange vil det einaste alternativet vere å ikkje ha dyr på beite, til dømes med den følgje at jorda gror igjen, seier han.

I 2012 vant det som då var Jernbaneverket i Høgsterett mot fire kommunar langs Dovrebanen. Då kom retten fram til at Jernbaneverket ikkje hadde gjerdeplikt.

Oftedal meiner den saka ikkje kan samanliknast heilt med Sørlandsbanen.

– Vårt syn er at kvart tilfelle må bli vurdert konkret, seier han.

Bane Nor seier ingen ting

Høyland engasjerte seg då han fekk brev om at Bane Nor skulle fjerne gjerdet langs linja.

– Når du bur 50 meter frå og har barnebarn som spring der, synest eg ikkje dette er noko greitt. Dei har halde det ved like i 140 år, seier han.

– Du går stadig med angst for at dyr skal bli påkøyrd.

Ku påkjørt av tog

Her er ein kalv påkøyrd av tog ved Ualand sør i Rogaland, ifølgje grunneigar Bernt Terje Høyland.

Foto: Privat

Dei siste ti åra har Bane Nor registrert 92 dyrepåkøyrslar på Sørlandsbanen, opplyste dei til NRK i mars.

Bane Nor sin advokat Aslak Førde vil ikkje seie noko meir enn det som kjem fram i retten. Han viser til selskapet si presseavdeling for ytterlegare kommentarar.

Heller ikkje der vil Bane Nor seie noko.

– I respekt for tingretten si behandling, er det ikkje naturleg for oss å kommentere rettssaka, skriv Anne Kirkhusmo, presseansvarleg i Bane Nor i ein e-post til NRK.

Les også 150 bønder langs Sørlandsbanen saksøker Bane Nor

Bernt Terje Høyland på gården sin. 151 bønder tar Bane Nor til retten på grunn av uenighet om hvem som har gjerdeplikt langs Sørlandsbanen.